Svein Stølen: – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg

Ein grøn korridor frå Nordmarka til Frognerparken med bygningar, plassar og infrastruktur som skal gi husrom for akademia, oppstartsmiljø, næringsliv og offentleg sektor. Det er visjonen i moglegheitsstudien for innovasjonsdistriktet Oslo Science City.

Tre menn og ei kvinne i forgrunnen, og to menn delvis skjulte i bakgrunnen.

GLADE: Kronprins Haakon saman med UiO-rektor Svein Stølen og administrerande direktør Christine Wergland Sørbye i Oslo Science City under presentasjonen av moglegheitsstudien tysdag ettermiddag.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er den danske stjernearkitekten Bjarke Ingels som saman med partnarar i A-lab, Comte Bureau, Civitas og Menon Economics står bak ei kartlegging av korleis innovasjonsdistriktet Oslo Science City kan bli utvikla i løpet av dei neste 25 åra.

Dette er Oslo Science City:

Oslo Science City er Noregs første innovasjonsdistrikt. I området frå Majorstua via Marienlyst og Blindern til Gaustad og Ullevaal stadion og vidare til Radiumhospitale,t er det 30 000 studentar og 7500 forskarar, landets beste universitet, universitetssjukehus, forskingsinstitutt i verdsklasse og over 300 bedrifter.

Målet er at Oslo Science City skal bli eit verdsleiande innovasjonsdistrikt som bidrar til eit berekraftig og moderne Noreg. Det blei etablert i mars 2019 om lag samtidig med Oslo kommunes vedtak frå våren 2019 om å etablera Campus Oslo. Det inneber å etablera innovasjonsdistrikt.

Administrerande direktør er Christine Wergeland Sørbye

Styreleiar:UiO-rektor Svein Stølen.

Dette er medlemane:
• Oslo kommune

• Universitetet i Oslo (UiO)

• Oslo universitetssykehus HF

• Helse Sør-Øst RHF

• Oslo Cancer Cluster

• Forskningsparken i Oslo

• NGI (Norges Geotekniske Institutt)

• SINTEF

• Studentsamskipnaden SiO

• Oslo Pensjonsforsikring

• Ferd

(Kjelde: Oslo Science City)

Kronprins Haakon og 600 gjester

I går ettermiddag blei moglegheitsstudien presentert for kronprins Haakon, UiO-rektor Svein Stølen, byrådsleiar Raymond Johansen og administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City i nærvær av 600 andre inviterte gjester i Oslo rådhus.

– Dette vil gjera Oslo til ein levande og attraktiv kunnskapsby, sa byrådsleiar Raymond Johansen i velkomsttalen sin. Han såg store moglegheiter for Oslo i desse planane. 

– Og den fylgjer opp utviklinga av kunnskapsstrategien som Oslo bystyre vedtok våren 2019, slo han fast. 

– Dette skal bli eit kraftsenter for kunnskap både nasjonalt og internasjonalt, la han til. 

Så viste han til at dette var ei oppfylging av tidlegare milestolpar i norsk industrihistorie. 

– Oslo spelte ei sentral rolle i utviklinga av norsk industri gjennom etableringa av Christiania Spigerverk og Nebb langs Akerselva. Og i tillegg kom etableringa av Akers mekaniske verksted. Det gav grunnlag for det norske velferdssamfunnet. No skal me lykkast igjen gjennom eit samarbeid mellom privat og offentleg sektor, var han sikker på.  

– Me skal skapa grøne jobbar og finna ei løysing på klimaproblema og andre ting, varsla han.  

PRESENTASJON: Den danske stjernearkitekten Bjarke Ingels presenterte visjonen for moglegheitsstudien for publikum i Oslo rådhus. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Forsking og kunnskap må takast i bruk

Også UiO-rektor Svein Stølen, som er styreleiar for Oslo Science City, var begeistra over innhaldet i moglegheitsstudien.

– Dette er midt i hjartet av eitt av dei mest kunnskapsintensive områda i Europa. Saman skal me utvikla forsking, kunnskap og næring for å møta både klimakrisa og omstillinga i samfunnet framover. Forsking og kunnskap må takast i bruk. Då får me meir innovasjon. De i Oslo kommune treng oss, me treng dykk, og heile samfunnet treng at me arbeider saman, sa Svein Stølen.

 – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg, konstaterte han.

– Kan bli blant verdas ti beste

Og UiO-rektoren fekk støtte i sine visjonar frå Tim Moonen frå selskapet The Business of Cities. Han er ein av verdast største ekspertar på innovasjonsdistrikt.

– Det finst rundt 100 slike innovasjonsdistrikt i verda i dag. Oslo Science City har det rette grunnlaget for å bli mellom dei ti beste,  spådde han, og viste til at innovasjonsdistriktet då kunne koma i selskap med suksessrike innovasjonsdistrikt i Toronto, Manchester, Eindhoven og Barcelona.

– Innovasjon vert skapt i møte mellom menneske

Administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye understreka at Oslo Science City ikkje berre er for Oslo, men for heile landet. 

BEGEISTRA: Administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye var begreistra for innhaldet i moglegheitsstudien ho og Oslo Science City hadde tinga. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Me vil samarbeida med folk frå heile landet som no er til stades, både dei frå Trondheim, Bergen, Ås, og Stavanger. Innovasjon vert skapt i møte mellom menneske. Me skal etablera gode møteplassar og knyta saman utdanningsinstitusjon og studentar. Då må me ta utgangspunkt i framifrå kunnskap, peika ho på.

Fire hovudpilarar

I moglegheitsstudien blir det blinka ut fire viktige hovudpilarar for satsinga på Oslo Science City. Det er demokrati og integrering, klima, energi og miljø, helse og livsvitskap og digitalisering og utrekningsvitskap.  Men grunnlaget for innovasjonsdistriktet er 10 000 forskarar, lærarar, entreprenørar, bedriftsleiarar, forretningsutviklarar, investorar og offentlege forvaltarar som held til i området frå Majorstua til Gaustad. 

GRUPPEBILETE: Presentasjonen av moglegheitsstudien blei avslutta med eit gruppebilete av alle dei sentrale aktørane. I midten kronprins Haakon saman med UiO-rektor Svein Stølen og administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Frå Ullevål til Majorstua

Oslo Science City skal omfatta både bygningar som allereie finst, er under bygging eller under planlegging.  Mellom dei er Livsvitskapsbygget, Forskningsparken i Oslo, nytt klinikkbygg for odontologi, nye Rikshospitalet, Sintefs eksisterande og planlagde bygg og Noregs geologiske institutts nye forskings- og næringslivscampus på Ullevål.  Men også Oslo Cancer Cluster ved Radiumhospitalet og Nedre Blindern er med i planane.  Det er også Marienlyst-prosjektet eigedomsselskapet Ferd har på NRK-tomta.

I nabolaget står også Oslos aller nyaste studentbustader i Studentsamskipnaden i Oslos aller høgaste bygning i massivt tre. Blindernveien skal i framtida også bli ei kunnskapsgate som kan bli ein møteplass for universitetsfunksjonar og kunnskapsintensivt næringsliv.

MOTTAKING: Etter at alle hadde fått eit innblikk i visjonane i moglegheitsstudien til Oslo Science City, var det mottaking i representasjonsromma i 2. etasje i Oslo rådhus. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Eit utstillingsvindauge for berekraftig byutvikling

Utanfor området til Universitetet i Oslo, nærare bestemt i området rundt Blindern videregående skole i Sognsveien, er ane og stasjonen skal leggjast under bakken. Då kan 100 000 kvadratmeter areal brukast til berekraftig by- og næringsutdet planar om å utvikla til eit utstillingsvindauge for framtidsretta, berekraftig byutvikling. Og når den nye Fornebubana står ferdig i 2027, skal den koplast til Majorstua T-bvikling, går det fram av moglegheitsstudien frå Oslo Science City.  Og i heile innovasjonsdistriktet skal det også vera plass til 9042 tre. Dermed utropar folka bak moglegheitsstudien Oslo Science City til verdas grønaste innovasjonsdistrikt.

Tidlegare har Oslo Science City og styreleiar Svein Stølen fått refs frå språkdirektør Åse Wetås for at det ikkje har skaffa seg eit norsk namn. Språkdirektøren blir truleg ikkje blidare av at moglegheitsstudien også foreslår å skifta namnet på Forskningsparken stasjon til Oslo Science City stasjon. Ambisjonen til moglegheitsstudien er høg. Oslo Science City skal tilby eit moglegheitsrom som vil setja Oslo, Noreg og Norden på verdas innovasjonskart,er målet. 

Først i 2050 er det mogleg å få eit bilete av kor mange av desse  planane som til slutt blir realiserte.  

Her kan du lesa heile moglegheitsstudien.

 

 • Les meir om Oslo Science City i Uniforum: 

Språkrådet ber Oslo Science City skaffa seg eit norsk namn

Erna Solberg håpar Oslo Science City kan gi grensesprengjande innovasjon

Statsminister Erna Solberg deltar på åpningen av Oslo Science City

Ein vitskapsby skal trekkja verdas beste forskarar til Stockholm

 UiO skårer høyt på innovasjon i Europa

UiO-rektoratet kom med ei utstrekt hand til samfunnet

Emneord: Forskningspolitikk, Forskingssamarbeid, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2021 13:32 - Sist endra 1. des. 2021 13:58

Lanseringen minner om lanseringen av Peak Røkke på Fornebu. Det leder også tankene hen til aksen Universitetet Monolitten fra 1930-tallet. Den grønne koridoren som beskrives, finnes i rikt mon allerede. Den var planlagt av byplansjef Harald Hals som en av de grønne fingrene fra marka til byen som forutsatt snøvinter gjør det mulig å stå på ski fra marka til Majorstua. Den vil ikke overleve i noen særlig grad den nye planen blir gjennomført. . En detalj her er at kjemibygningen foran fysikkbygningen fikk et opphold på midten for ikke å skygge for  Fysikkbygningen. I følge Kulturminnebasen til Riksantikvaren:

Formålet med fredningen [av universitetsanlegget] er å sikre anlegget på Blindern som storstilt og komplett universitetsanlegg. Formålet er videre å sikre bygningenes kulturhistoriske og arkitekturhistoriske verdier. Formålet er også å sikre bygninger som er utformet og tilpasset vesentlige funksjoner som rom for undervisning, studier, administrasjon, velferd mm. Videre er formålet å sikre utomhusanlegget som en viktig funksjonell og visuell del av det helhetlige anlegget. Fredningen skal også sikre enkeltbygningene, bygningenes innbyrdes sammenheng samt kulturhistoriske verdier knyttet til anlegget som helhet.

Christian-Emil Smith Ore - 2. des. 2021 16:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere