Språkrådet ber Oslo Science City om å skaffa seg eit norsk namn

Vitskapsområdet Oslo Science City bør ha eit norsk namn, krev Språkrådet.  Styreleiar Svein Stølen føreslår at dei heller legg til ei norsk forklaring på namnet.

Tre kvinner og to mennn står ute og er i ferd med å gå inn i ein bygning.

YNSKJER NORSK NAMN: Den 19. august 2020 opna statsminister Erna Solberg offisielt Oslo Science City. Her vert ho tatt imot av styreleiar og UiO-rektor Svein Stølen. Administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye står lengst til høgre. No ber Språkrådet om at Oslo Science City også får eit norsk namn. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne sommaren har NTNU fått refs frå Språkrådet fordi dei kallar det planlagde marine forskingssenteret for Ocean Space Centre og ikkje har noko norsk namn.Derfor har NTNU fått streng beskjed om å gi senteret eit norsk namn i tillegg. Språkrådet tilbyr seg også å hjelpa til med det arbeidet.

Dette er Oslo Science City:

Oslo Science City er Noregs første innovasjonsdistrikt. I området frå Majorstua via Marienlyst og Blindern til Gaustad og Ullevaal stadion og vidare til Radiumhospitale,t er det 30 000 studentar og 7500 forskarar, landets beste universitet, universitetssjukehus, forskingsinstitutt i verdsklasse og over 300 bedrifter.

Målet er at Oslo Science City skal bli eit verdsleiande innovasjonsdistrikt som bidrar til eit berekraftig og moderne Noreg. Det blei etablert i mars 2019 om lag samtidig med Oslo kommunes vedtak frå våren 2019 om å etablera Campus Oslo. Det inneber å etablera innovasjonsdistrikt.

Administrerande direktør er Christine Wergeland Sørbye

Styreleiar:UiO-rektor Svein Stølen.

Dette er medlemane:
Oslo kommune

Universitetet i Oslo (UiO)

Oslo universitetssykehus HF

Helse Sør-Øst RHF

Oslo Cancer Cluster

Forskningsparken i Oslo

NGI (Norges Geotekniske Institutt)

SINTEF

Studentsamskipnaden SiO

Oslo Pensjonsforsikring

Ferd

(Kjelde: Oslo Science City)

Dette er Språkrådet:

Språkrådet samarbeider med offentlege og private aktørar om språkpolitiske tiltak, blant anna om klarspråk i det offentlege og i næringslivet; fagspråk, terminologi og formidling på norsk; fordeling av nynorsk og bokmål i staten og norskspråkleg teknologi. Språkrådet arbeider for at språkopplæringa  skal byggja på språkpolitikken. Språkrådet  fører tilsyn med mållova og gir råd om stadnamn.

Hovudmåla:

Styrkja norsk språk sin status og bruk på utsette samfunnsområde

  • Fremja norsk som eit godt og velfungerande kultur- og bruksspråk
  • Ta vare på det språkeige mangfaldet og nteressene til språkbrukarane

Språkrådet vert leia av språkdirektør Åse Wetås. 

Styreleiar er Erik Ulfsb, som også er teatersjef ved Det Norske Teatret

(Kjelde: Språkrådet)

Får på pukkelen frå Språkrådet

No viser det seg at også Oslo Science City har fått ein like streng beskjed frå Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås. Dette er eit prosjekt som har som mål å etablera området frå Ullevål, Gaustad og Blindern, Marienlyst og til og med Majorstua som eit samanhengjande kunnskaps-og innovasjonsdistrikt i Oslo.Det blei offisielt opna av statsminister Erna Solberg for nøyaktig eitt år sidan. Leiinga med styreleiar Svein Stølen i brodden får på pukkelen frå Språkrådet fordi dei  berre nyttar det engelske namnet Oslo Science City.

«Norsk er hovudspråk i Noreg»

For allereie i februar i år sende Språkrådet eit brev til Oslo Science City ved styreleiar Svein Stølen som også er rektor ved Universitetet i Oslo.  I brevet vert det vist til at eigarane av prosjektet i hovudsak er aktørar i offentleg sektor. «Språkrådet minner eierne om at de har et selvstendig ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk språk.»  Språkdirektør  Åse Wetås trekkjer også fram at det  i Lov om språk (Prop. 108 L(2019-2020) som då låg  til handsaming i Stortinget, men som no er vedteken, der understrekar regjeringa at norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. 

Ho viser også til at prinsippet om at det offentlege skal ta eit særleg ansvar for å bruka, utvikla og styrkja norsk språk er ein del av formålsparagrafen i språklova. Ein annan  paragraf i framlegget slår dessutan fast at «norsk er hovudspråk i Noreg».

«Vil stride mot lovens skriveregler»

Språkrådet skriv at dei meiner at eigarane let vera å  ta det språkpolitiske ansvaret sitt ved å gi eit stort utviklingsprosjekt namnet Oslo Science City. Sjølv om namnet ikkje er eit stadnamn i dag, kan det bli det, og dermed kjem det til å koma under lova om stadnamn. «Som navn bryter Oslo Science City med prinsippene i stedsnavnloven om å ta vare på navn som kulturminner, og skrivemåten vil i tillegg stride mot lovens skriveregler», skriv Språkrådet i brevet til styreleiar Svein Stølen i Oslo Science City.

Språkrådet føreslår også norske namnealternativ som innovasjonsby, vitenskapsby, forskningsby eller innovasjonsdistrikt.

Viser til utanlandske modellar

Språkrådet venta på svar i fleire månader frå Oslo Science City. Først etter ei purring i juli, fekk dei svar frå styreleiar Svein Stølen og administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye. 

I brevet som er datert 6. juli viser dei til at ambisjonen er at Oslo Science City skal bli eit verdsleiande innovasjonsdistrikt som bidrar til auka verdiskaping, innovasjon og nye arbeidsplassar i Noreg. Det skal skje ved at kunnskapsinstitusjonar, innovasjonsmiljø og det offentlege samarbeider tettare.  Dei brukar Stockholm Science City, Copenhagen Science City og Knowledge Mile I Amsterdam som  modellar.

Føreslår Oslo Science City – Kunnskapsbyen i Oslo

Dei kjem Språkrådet litt i møte når det gjeld kravet om å gi kunnskapsområdet Oslo Science City  eit norsk namn. Dei føreslår som mogleg alternativ Oslo Science City – Kunnskapsbyen i Oslo. Dessutan avslører dei at dei jobbar med å få Forskningsparken T-banestasjon til å skrifta namn til «Kunnskapsbyen». Dei lovar at dette namneforslaget og andre forslag vil vurderast av styret i løpet av hausten.

Ikkje godt nok for språkdirektøren

For språkdirektør Åse Wetås er ikkje dette godt nok. Det gjer ho heilt klart overfor Uniforum.

– Offentlege verksemder jobbar på vegner av alle oss som bur i Noreg. Då forventar me at dei brukar eit språk som gjer at me forstår kva dei held på  med. Det er likevel ingenting i vegen for at dei kan bruka ein engelsk versjon av namnet i ein internasjonal samanheng, understrekar Åse Wetås.

 

 

 

 

 

VIL HA NORSK NAMN:Språkdirektør Åse Wetås ber Oslo Science City om å få eit norsk namn.  – Me forventar at offentlege norske verksemder brukar eit språk som gjer at me forstår kva dei held på med, seier Åse Wetås. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Ho peikar på at offentlege verksemder har plikt til å bruka norskspråklege verksemdsnamn, men òg private verksemder bør oppmuntrast til å ta del i arbeidet med å bruka norsk. Wetås minner om at Språkrådet og Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) alt for meir enn ti år sidan slo fast dette prinsippet i ei felles fråsegn om norsk språk.

– Norsk når du kan og engelsk når du må.

– Førebels ikkje fått svar frå Språkrådet

Uniforum har også tatt kontakt med administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City for å høyra korleis dei stiller seg til kritikken frå Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås. Ho viser til svaret ho og styreleiar Svein Stølen sende til Språkrådet i førre månad. Wergeland Sørbye minner også om at Oslo Science City er ein medlemsforeining for både private og offentlege verksemder og ikkje er ein offentleg institusjon. 

–  Me er samtidig opptatte av å handtera saka på ein god måte. Me har førebels ikkje mottatt noko svar frå Språkrådet på tilbakemeldinga vår. Når me  får det, vil me  behandla dette på ein grundig måte, lovar Christine Wergeland Sørbye i ein epost til Uniforum. 


 

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Forskningspolitikk, Innovasjon, Oslo Science City Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2021 12:45 - Sist endra 30. mars 2023 16:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere