Språkrådet ber om ny behandling av språkkrav på medisin

Språkrådet ber Det medisinske fakultetet om å behandla på nytt kravet om at disputas og prøveførelesing alltid skal vera på det same språket som doktoravhandlinga.

Språkdirektør Åse Wetås står på kontoret sitt med utsikt mot Observatoriet

YNSKJER NY BEHANDLING: Språkrådet ber Det medisinske fakultetet behandla språkkravet på disputas og prøveførelesing på nytt.  – Når me ser at desse vedtaka blir gjort på tvers av intensjonane til språkreglane, og utan at desse dokumenta låg ved, må Språkrådet reagera, understrekar språkdirektør Åse Wetås.

Foto: Ola Sæther

Språkdirektør Åse Wetås meiner vedtaket skjedde utan at viktige dokument var med i saka.

– Universiteta og høgskulane har ansvar for å ta vare på norsk fagspråk. Derfor er dette ei viktig sak for Språkrådet, seier Åse Wetås til Uniforum. Ho viser til at både Universitets- og høgskulelova og Universitetet i Oslos språkpolitiske retningslinjer legg premissa for dette.

– Når me ser at desse vedtaka blir gjort på tvers av intensjonane til språkreglane, og utan at desse dokumenta låg ved, må Språkrådet reagera, understrekar Åse Wetås. No meiner Språkrådet at saka må behandlast på nytt, med alle dei relevante saksdokumenta på plass.

Fekk nei til å ha disputas på norsk

Det var i mai år at Uniforum fortalde historia om stipendiat og lege Guro Haugen Fossum ved Avdeling for allmennmedisin ved Institutt for helse og samfunn på Det medisinske fakultetet. Ho ville gjerne forsvara avhandlinga si på norsk under disputasen på Universitetet i Oslo. Derfor bad ho den sakkunnige komiteen om å senda inn ein søknad om dispensasjon frå kravet om at ho måtte bruka engelsk som talemål fordi avhandlinga var på engelsk. Sidan alle opponentane hennar forstod skandinaviske språk, trudde ho at det ikkje ville vera noko problem.

Svaret ho fekk var eit kontant nei frå fakultetet og dekan Ivar Prydz Gladhaug.  Han viste til at avgjerda blei tatt på grunnlag av føreskriftene som gjeld for ph.d.-studiet på medisin.

– I føreskriftene for ph.d.-studiet på medisin står det klart at talemålet under disputasen skal vera på same språk som avhandlinga. Det er mogleg å få dispensasjon frå dette, men hovudregelen står likevel fast, understreka han overfor Uniforum den 3. mai.

Viktige dokument mangla

Det er dette som har fått Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås til å reagera mot praksisen ved Det medisinske fakultetet. I eit brev Språkrådet nyleg har sendt til dekan Ivar Prydz Gladhaug, ber Språkrådet om at fakultetet behandlar denne saka på nytt fordi viktige dokument mangla då avgjerda blei tatt.

I eit intervju med Uniforum utdjupar språkdirektør Åse Wetås dette nærare.

– Sidan verken UiOs språkpolitiske retningslinjer eller paragrafen om språkbruk i Universitetets- og høgskulelova var lagde ved då avgjerda blei tatt, ber me om at saka blir handsama på nytt, seier Åse Wetås til Uniforum.

Ein annan grunn til at Språkrådet reagerer, er at dei ynskjer å gjera både UiO og Det medisinske fakultetet merksame på at i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet for budsjettet i 2019, får UiO og dei andre institusjonane beskjed om å overvaka og setja inn tiltak for å sikra at det både blir brukt og utvikla eit norsk fagspråk i alle dei ulike faga.

– Dei må også rapportera om kva dei har gjort for å ta vare på norsk fagspråk. Det er ei vanleg misforståing at denne oppgåve særleg gjeld for dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga, men ho gjeld for absolutt heile universitetet, understrekar Åse Wetås.

– Eit fag med stor grenseflate til eit norsk publikum

Med tanke på kor opptatt folk er av helse og sjukdomar og derfor oppsøkjer informasjon på nettet, meiner ho at eit fag som medisin har eit spesielt ansvar for å kunna gi ut opplysningar på norsk.

– Sjølv om medisin er eit internasjonalt fag, er det også eit fag som har stor grenseflate til eit norsk publikum, og derfor er det ufatteleg viktig å oppretthalda og utvikla eit norsk fagspråk, understrekar Åse Wetås.

Ho avviser at grunnen til at dei kjem med kritikk av Det medisinske fakultetet ved UiO i denne saka, er at Språkrådet er imot bruken av engelsk.

 – Målet vårt med å be institusjonane om å ta vare på norsk fagspråk, er å sikra reell parallellspråkbruk og ikkje ei stadig sterkare dreiing bort frå norsk, seier ho.

– Skrur til bruken av engelsk

Etter hennar oppfatning går praksisen til Det medisinske fakultetet ved UiO i heilt feil retning.

– Språkkravet skrur til bruken av engelsk fordi disputasen alltid skal gå føre seg på det same språket som avhandlinga er skriven på.

Åse Wetås peikar på at eit stort fleirtal av doktoravhandlingane er skrivne på engelsk, og at fleire og fleire studentar også vel å skriva masteroppgåva på engelsk.

– Derfor må institusjonane finna andre måtar å sikra norsk fagspråk på.

– Har du fått noko svar frå Det medisinske fakultetet på oppfordringa om at vedtaket om språkbruk på disputasen må behandlast på nytt?

 – Nei, det har me ikkje. Men me ventar i spenning. Eg håpar dei ser at vedtaket blei gjort med eit dårleg faktagrunnlag og at dei tar det opp til ny behandling, seier Åse Wetås.

Samtidig trekkjer ho fram at mellom 90 og 95 prosent av alle studentane ved norske universitet og høgskular, får jobb i Noreg.

– 80 prosent av medlemsbedriftene til Næringslivets hovudorganisasjon vil ha kandidatar med god kompetanse i norsk språk både munnleg og skriftleg. Det vil seia at dei må vera gode i faget sitt på norsk for å vera attraktive på arbeidsmarknaden. Derfor er rådet vårt: Norsk når du kan og engelsk når du må, oppfordrar språkdirektør Åse Wetås.

For tidleg å svara på brevet

Uniforum har også bede medisindekan Ivar Prydz Gladhaug om ein kommentar til kritikken frå Språkrådet. Me har også spurt han om når Det medisinske fakultetet vil svara på brevet. Gjennom kommunikasjonsleiar Kaja Haldorsen ved Det medisinske fakultetet har Uniforum fått opplyst at brevet me viser til kom i sommarferien og blir ein del av planlegginga av hausten. Derfor synest fakultetsleiinga at det no er for tidleg å svara på spørsmåla frå Uniforum, går det fram av ein epost fakultetet har sendt til oss.

 

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Medisin, Universitetspolitikk, stipendiater Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2019 10:31 - Sist endra 23. aug. 2019 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere