Oslo Science City er ein vitskaps- og kunnskapsby som strekkjer seg frå Ullevål stadion til Gaustad og Blindern og vidare til Majorstua via Marienlyst og derifrå til Campus Radiumshospitalet på Ullern. Inspirasjonen er henta frå blant andre Copenhagen Science City og Stockholm Science City. Men Oslo kommune som er initiativtakar, er også påverka av Knowledge Quarter i London og Kendall Square i Boston.
Møteplass for samfunnstoppar
Både statsminister Erna Solberg, byrådsleiar Raymond Johansen, næringsbyråd Victoria Evensen og UiO-rektor Svein Stølen var på plass i Ole-Johan Dahls hus klokka 11.00 i formiddag. Då kunne administrerande direktør Christine Wergeland Sørbye i Oslo Science City ynskja alle velkomne til den offisielle opninga. Der var også DnB-direktør Kjerstin Braathen, Ferd-eigar Johan Andresen, NHO-direktør Ole-Erik Almlid og Finans Norge-sjef Idar Kreutzer. Alle som fekk ordet kom med store ord om kor viktig Oslo Science City ville koma til å bli både for Oslo, for Noreg og for verda.
– Me må investera i kunnskap og innovasjon
Statsminister Erna Solberg sparte heller ikkje på honnørorda.
– Dette skal bli ein stad for grensesprengjande innovasjon i skjeringspunktet mellom ulike næringar og fag, var visjonen hennar.
– Her skal det bli ein stad der innovasjonskraft, bedrifter og risikovillig kapital kan smelta saman. Me må finna på nye ting. Og derfor må me investera i kunnskap og innovasjon. Det er avgjerande for å få til eit berekraftig velferdssamfunn, understreka ho.
Sjølv var ho nøgd med dei store investeringane regjeringa hadde gjort i forsking og utvikling.
– Det er viktig å investera i det offentlege, men me må også ha næringslivet med oss. Næringslivet må investera meir pengar på forsking enn det som det gjer i dag, meinte ho.
– Må også satsa på det me ikkje hadde tenkt å bli gode på
Etter hennar oppfatning måtte Noreg ikkje berre satsa på dei områda landet har satsa på tradisjonelt.
– Me må byggja på det me er gode på, men me må også satsa på det som me ikkje hadde tenkt at me skulle bli gode på, var rådet frå Erna Solberg.
Og ho trudde etableringa av Oslo Science City kunne styrkja heile forskings- og utviklingssektoren.
– Det gjer at fokuset på forsking, innovasjon og høgare utdanning blir endå sterkare. Og med Oslo Science City har me ekstra gode føresetnader for å få til den naudsynte omstillinga i Noreg.
– Me gratulerer med Noregs første innovasjonsdistrikt, sa Erna Solberg.
– Kan styrkja Oslo
Også byrådsleiar Raymond Johansen var svært nøgd med at Oslo Science City no er blitt ein realitet.
– Dette kan styrkja Oslo som ein attraktiv hovudstad og kan gi oss fleire arbeidsplassar gjennom utviklinga av ei grøn omstilling til eit berekraftig samfunn. Dette skal bli ein levedyktig stad for utvikling av forsking og næringsliv, trudde Raymond Johansen.
– Gullet er 30 000 studentar
UiO-rektor Svein Stølen er også styreleiar for Oslo Science City. Han trekte også fram alle menneska som arbeider eller studerer i dette innovasjonsdistriktet.
– Framtidas næringsliv må vera kunnskapsbasert. Me må ha eit økosystem der næringslivet har nær kontakt inn i kunnskapssystemet. Skapargleda i dette prosjektet forundrar meg. Men det viktigaste for å få det til, er menneska. Gullet er 30 000 studentar som kan vera bindeleddet mellom utdanning og næringsliv, sa Svein Stølen.
Frå doktorgrad til selskap med milliardverdi
Grunnleggjaren av legemiddelfirmaet Vaccibody, Agnete Fredriksen har også vore ein usikker, uteksaminert doktorstudent frå UiO. I dag delte ho litt av suksesshistoria si.
– For 19 år sidan hadde eg ein doktorgrad i immunologi som eg ikkje visste kva eg kunne bruka til fordi det var få jobbar i legemiddelindustrien i Noreg. Men saman med rettleiarane mine, Inger Sandlie og Bjarne Bogen investerte me 100 000 kroner og fekk eit selskap på beina. I dag har det ein børsverdi på 10 milliardar kroner, fortalde ho.
– I dag har me utvikla medisin som blir brukte på kreftpasientar. Og me håpar å utvikla medikament som kan brukast i dagens pandemi, la ho til.
Og initiativtakarane bak Oslo Science City har store ambisjonar for kva denne satsinga kan føra til:
– Me skal utvikla Noregs mest kunnskapstette område til eit verdsleiande innovasjonsdistrikt, går det fram av pressemeldinga dei sende ut før dagens offisielle opning av Oslo Science City i Ole-Johan Dahls hus.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere