NTL-leiar Natalia Zubillaga: – Dette er ein klimastrategi frå oven

– Det er betre å satsa på at emnet berekraft skal  vera av høg kvalitet i staden for å satsa på kvantitet og pressa  inn berekraft i alle fag. Det sa prodekan Gunn Enli på HF under eit klimamøte på UiO onsdag.

To kvinner står ved eit bord

MEST KRITISKE: Prodekan Gunn Enli ved Det humanistiske fakultetet og NTL-leiar Natalia Zubillaga var mellom dei mest kritiske til innhaldet i utkastet til klimastrategi for UiO. 

Foto: Martin Toft

Det var rundt 20 tilhøyrarar som kom fysisk til Scene HumSam i Georg Sverdrups hus onsdag 22. september for å få med seg debattmøtet om UiOs utkast til klima- og miljøstrategi. Det kom fram gode argument både for og imot utkastet, som utvalsleiar Vebjørn Bakken frå UiO:Energi  var frontfigur for. 

Dette er blitt gjort med UiOs klimastrategi: 

Arbeidet med UiOs klimastrategi starta i desember 2020.

Første utkast blei levert til UiO-leiinga i juni. 

Forslaget er no gjort klar til  høyring for heile UiO.

Universitetsstyret vedtok at UiO skulle utforma ein klimastrategi i juni 2019.

Høyringsfristen er 1. oktober.

Klimastrategien skal vedtakast av Universitetsstyret i desember.

Desse har sete i arbeidsgruppa:

Vebjørn Bakken (leiar), Beate Sjåfjell (JUS), Brita Slettemark (Klimahuset, NHM), Dag Hessen (MN), Elin Lerum Boasson (SV), Erik Knain (UV), Per Ditlef Fredriksen (HF), Sidsel Roalkvam (SUM), Benedikte Marie Espeland (Universitetsstyret, Studentparlamentet), Jørgen Hammer Skogan (Universitetsstyret, Studentparlamentet), Eva Helene Mjelde (universitetsdirektørens stab) og Anne-Line Sandåker (p.t. UiO:Energi).

(Kjelder: UiO og Uniforum)

Den første delen av debatten var på norsk og handla om utdanning og campus, og der var det ein mann og fire kvinner i panelet. Den siste delen av debatten var på engelsk og handla om forsking og organisasjon. Der var det ei kvinne og tre menn i panelet.  Utvalsleiar Vebjørn Bakken heldt ei innleiing om utkastet før begge dei to debattane tok til.

– Mellom morfologi og fonetikk?

På utdanning- og campus-debatten var det fleire kritiske røyster mot hovudmålet til utkastet om at berekraft skal inn i alle fag. 

– Studentane mine spør om det i ex-fak. skal koma inn mellom morfologi og fonetikk, fortalde prodekan Gunn Enli på Det humanistiske fakultetet.  Etter hennar meining hadde utvalet lagt for stor vekt på kvantitet og for lite på kvalitet då det kom med det forslaget.

 – Det er betre å satsa på at emnet berekraft skal vera av høg kvalitet enn at det skal pressast inn i alle fag, tykte ho.  

– Forslaget om å få berekraft inn i ex-phil og i ex-fak. skal liksom vera enkelt å få til. Samtidig vil det å ha berekraftbriller på i utdanninga gi oss eit nytt perspektiv på faga, trudde ho.

– Ein hårete ambisjon

Julianne Sørflaten Grovehagen er miljøpolitisk ansvarleg i Studentparlamentet. Ho var udelt positiv til utkastet til klima- og miljøstrategi for UiO og ikkje minst til forslaget om at berekraft skal inn i alle fag. 

–Det er ein hårete ambisjon som me har tatt mål av oss til å få til. Det er mogleg å få til på ex-phil, var ho hundre prosent sikker på. 

 – Berekraft må vera det overordna.  Det er eg positiv til, og det finst mange måtar å gjera dette på, trudde ho.  

– Berekraft ligg som eit premiss

Førsteamanuensis Ole Andreas Kvamme frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet peika på eit heilt anna problem.

– Den akademiske fridomen ligg her som eit element. No ligg berekraft der som eit premiss.  Det er vanskeleg å sjå at det ikkje er lagt til grunn i strategien. Målet må vera å få redusert skilnadene mellom fag og fakultet og få fleire tverrfaglege studium, understreka han.  

UEINIGE: Panelet var ueinige om kor stor plass berekraft skal ha i faga. F.v. Heidi Sydnes Egeland, Ole Andreas Kvamme, Julianne Sørflaten Grovehagen, Gunn Enli og Natalia Zubillaga. Lengst til høgre står Vebjørn Bakken som har leia arbeidet med utkastet til klimastrategi for UiO.  

– Må ha endringsaktørar

Studentparlamentets Julianne Sørflaten Grovehagen var sikker på at det var mogleg å realisera forslaga i utkastet til strategi. 

– Om me skal styra mot det grøne skiftet, må me ha endringsaktørar, slo ho fast. 

Doktorstipendiat Heidi Sydnes Egeland på Det juridiske fakultetet var opptatt av at om berekraft skulle koma inn i alle fag, var det viktig med informasjon om studietilboda.

– Og derfor vil det vera fint å få ei liste over relevante tema frå institusjonar utanfor Noreg også,  foreslo ho. 

På spørsmål frå debattleiaren, viserektor Mette Halskov Hansen, om å ha med berekraft som portefølje på CV-en, vil hjelpa henne i jobben, svarte ho eit klart ja. 

– Alle fagfelt vil ha nytte av det. Juss manglar metodiske reglar for korleis dei skal nærma seg klima. Eg jobbar på eit senter saman med geologar og ingeniørar. Doktoravhandlinga mi handlar om EUs kvotesystem for CO 2-utslepp.  Etter mi meining bør berekraft vera eit tilbod, og ikkje eit felles fag,  sa ho.  

DÅRLEG FRAMMØTE: Rundt 20 personar kom fysisk for å få med seg debatten.

– Eit kollektivt ansvar å få ein berekraftig arbeidsplass

Natalia Zubillaga er leiar for NTL på UiO, og ho var ikkje udelt begeistra for utkastet som låg på bordet.

– Inntrykket mitt er at dette er ein klimastrategi frå oven.  NTL ynskjer at tenestemannsorganisasjonane og forskarane blir tatt med. Det er eit kollektivt ansvar å få ein berekraftig arbeidsplass,  konstaterte ho.

 Zubillaga trekte også fram dei ulike rollene.

– Me i fagforeiningane er ein likeverdig part i dette arbeidet, og me skal passa på at dette ikkje slår skeivt ut. Dessutan må me lytta til dei som vil merka mest til desse endringane. Det gjer ikkje strategien, slo ho fast. 

Natalia Zubillaga var også klar på kva krav NTL ville stilla om forslaget om ein reduksjon på 7 prosent i talet på flyreiser ville bli realisert.

– Dei pengane UiO sparar på det, må gå til klimatiltak på UiO, kravde ho. 

Til slutt kom ho også inn på eit anna kjenslevart område. 

– Mobilitetsplanen har me enno ikkje tatt opp.

– Den vil koma opp, men ikkje i denne runden, sa ordstyrar Mette Halskov Hansen.  

– Viktig og svært naudsynt

I debatten om forsking og organisasjon handla mykje om  korleis eit senter for berekraft skal  sjå ut og kvar det bør liggja. Ingen var ueinig i at det var behov for ein klima- og miljøstrategi.

 – Den er viktig og svært naudsynt, meinte professor Mariel Cristina Støen på Senter for utvikling og miljø.

VIKTIG: Deltakarane I forskingspanelet var einige I at det var viktig å satsa på berekraft. Derimot hadde dei ulikt syn på korleis eit berekraftsenter burde organiserast. F.v. debattleiar Mette Halskov Hansen, Per Gunnar Røe, Aike Peter Rots, Mariel Cristina Støen og Bjørn Jamtveit. Lengst til høgre Vebjørn Bakken som leia arbeidet med utkastet til klima-og miljøstrategi.

Prodekan Bjørn Jamtveit på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet peika på at det har vore store endringar i forskingssatsingane gjennom tiåra.

– På 1950-talet var det kjernekraft og på 1970-talet var det petroleumsgeologi som blei prioritert. No er det klima. Og det vil heilt sikkert koma program for finansiering av slik forsking frå Forskingsrådet også, trudde han.

– Må ha nøkkelrolle

 Professor i samfunnsgeografi Per Gunnar Røe frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet  ville gjerne at fakultetet hans skulle spela ei viktig rolle i det grøne skiftet.

 – Samfunnsvitskapane må ha ei nøkkelrolle. Me kan danna samband mellom forskarar frå heilt ulike fagmiljø, var han sikker på.

Aike Peter Rots frå Det humanistiske fakultetet var også kritisk til pålegget om at all forsking må visa at den er berekraftig. 

– Skal den som skal skriva om eit drama frå mellomalderen, mista støtte fordi  temaet ikkje er berekraftig nok? spurte han retorisk og humoristisk.

– Kanskje me skal læra av faren min som fekk universitetet der han jobba til å betala for sykkelen han brukte når han skulle til og frå jobben.

Blant publikum var også biologiprofessor Finn-Eirik Johansen. Han var opptatt å minna paneldeltakarane om eit viktig dilemma.

 – De må hugsa på at geologen kan brukast både til å finna vatn og til å finna olje, sa han.

– Ikkje noko å tapa

Bjørn Jamveit på MN-fakultetet var overtydd om at det ville bli meir og meir forskingssatsing på berekraft og klima. 

– Eg trur ikkje me har noko å tapa på å gjera dette, derimot har me mykje å tapa dersom me ikkje gjer noko,  sa han. 

Og Mariel Cristina Støen fylgde opp: 

– Om forslaga i strategiutkastet blir realiserte, vil me ha mange moglegheiter til å lykkast med dette, trudde ho.

Alle som vil kan koma med innspel til utkastet til klima- og miljøstrategi for UiO. Siste frist er 1. oktober. Fristen for høyringsrunden der fakultet.museum, fagforeiningar og Studentparlamentet er høyringsinstansar, er 8. oktober.

Den endelege klima- og miljøstrategien skal vedtakast av Universitetsstyret i desember. 

Heile debatten om klima- og miljøstrategien kan folk finna på desse nettsidene.  

• Les meir om klima i Uniforum: 

Professor advarer mot ordlyden i UiOs foreslåtte klimastrategi

UiO anbefales om ikke å gå inn i prosjekter som ikke er bærekraftige

Bier og humler skal reddast for å redda oss

Sveinung Rotevatn: Menneskeleg påverknad er årsaka til klimaendringane

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

Forslag til ny klimastrategi for UiO er levert

Utkastet til  UiOs miljøstrategi vil vera klart til våren

Miljøsjefen på UiO seier opp jobben på grunn av manglande klimatiltak

Svein Stølen er kritisk til klimakonkurranse mellom universiteta og høgskulane

UiO reduserer tala på flyreiser og skal gjera bilparken fossilfri

Rektorar seier nei til å måla universiteta på berekraft

Universitetene og høgskolene skal konkurrere om å være grønnest

Tverrfagleg allianse vil ha meir berekraft i Strategi 2030

Studentar og tilsette kravde meir om klima i Strategi 2030

UiO skal laga klima- og miljøstrategi

Flyreiser utgjer 20 prosent av klimagassutsleppa til UiO

 

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 24. sep. 2021 01:20 - Sist endra 24. sep. 2021 10:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere