UiO skal laga klima- og miljøstrategi

UiO må i 2021 kunna visa til tydelege utsleppskutt og nedgang i utslepp frå flyreiser. Det er eit av måla universitetsstyret vil ha med i den planlagde klima- og miljøstrategien til UiO.

Portrettbilete av studentrepresentant Christen Andreas Orvin Wroldsen i Botanisk hage

HJARTESAK: I førre veke bestemte UiO-styret at det skulle lagast ein klima- og miljøstrategi.– Dette er ei hjartesak for meg, og eg er svært glad for at styret no deler synet mitt om at dette er viktig for institusjonen, seier Christen Andreas Orvin Wroldsen. Han har det siste året vore studentrepresentant i universitetsstyret.

Foto: Ola Sæther

Det var på møtet i førre veke universitetsstyret vedtok at det skulle setjast i gong arbeid med å laga ein heilskapleg miljø- og klimastrategi for Universitetet i Oslo.

Dette er ordlyden i vedtaket om å arbeida for ein klima- og miljøstrategi:

Helhetlig miljø- og klimastrategi

Universitetet skal møte de globale, nasjonale og lokale miljø- og klimautfordringene gjennom forskning og utdanninger med miljø- og klimarelevans og ved bærekraftig drift av universitetet. UiO skal jobbe etter 1.5 gradersmålet i Parisavtalen. I denne årsplanen ser vi særlig på hvordan vi kan redusere vårt klimagassavtrykk.

Forventede resultater ved utgangen av 2020:

•          UiOs klimagassregnskap er fulgt opp med konkrete tiltaksplaner.

•          UiO har besluttet et konkret klimamål frem mot 2030. 

•          UiO har utarbeidet en helhetlig miljø- og klimastrategi for forskning, utdanning, drift og formidling.

Forventede resultater ved utgangen av 2021:

•          UiO er en foregangsinstitusjon for klimasmarte løsninger i Norge.   

•          UiO kan vise til en signifikant reduksjon i sitt totale klimafotavtrykk  

•          UiO har en signifikant reduksjon av totalt antall person- kilometer med fly.

(Kjelde: UiOs årsplan 2020-2021)

I vedtaket heiter det at universitetet skal møta dei globale, nasjonale og lokale miljø- og klimautfordringane gjennom forsking og utdanningar med klimarelevans og ved berekraftig drift av universitetet. UiO skal jobba etter 1,5-gradersmålet i Parisavtalen. Alt i 2021 er målet at talet på personkilometer på fly er blitt tydeleg redusert.

– Ei hjartesak for meg

Studentrepresentant Christen Andreas Orvin Wroldsen, som også snart overtar som leiar for Studentparlamentet ved UiO, er svært nøgd med vedtaket:

– Eg er enormt glad for det. Dette er ei hjartesak for meg, og eg er svært glad for at styret no deler synet mitt om at dette er viktig for institusjonen. At UiO viser at me tar klimakrisa alvorleg, er heilt vesentleg for integriteten vår og truverdet vårt som kunnskapsinstitusjon, uttrykkjer  Wroldsen i ein epost til Uniforum.

Han peikar på det er fleire grunnar til at vedtaket er viktig.

– I dag har Eigedomsavdelinga ein slik strategi, men den dekkjer ikkje store delar av institusjonen sine utslepp, noko klimagassrekneskapen viser tydeleg. Denne års

planen slår fast at UiO no ikkje berre skal utarbeida ein heilskapleg klima- og miljøstrategi med utgangspunkt i Parisavtalen og 1,5-gradersmålet, men fastsetja eit konkret klimamål i løpet av det neste året. Den set også ein klar ambisjon for at UiO i 2021 må kunne visa til «signifikante» utsleppskutt og nedgang i utslepp frå flyreiser, understrekar han.

– Slaget er på ingen måte vunne

– Men er ikkje dette eit spel for galleriet. Trur du at UiO klarer å redusera klimaavtrykket sitt gjennom reduserte flyreiser og andre miljøtiltak?

– Det er sjølvsagt heilt vesentleg at dette vert fylgt opp med ein ambisiøs strategi og konkrete tiltak. Ein tiltaksplan som fylgjer opp klimagassreknekapen, ventar me vert lagt fram for styret allereie på neste møte i september. Slaget er på ingen måte vunne, men dette er ein veldig god start! slår han fast. 

– Ein heilt sentral aktør

UiO-rektor Svein Stølen brukar også store ord når han omtalar vedtaket.

– Klima- og miljøutfordringar må synast fram, takast tak og løysast. Det er heilt klart at UiO med den store faglege breidda og djupna si må ta mål av seg til å vera ein heilt sentral aktør og til å bidra sterkt til den internasjonale dugnaden me treng for å sikra ei berekraftig global utvikling. Det handlar om forsking, utdanning, samfunnsdialog og debatt og om å ta den globalt genererte kunnskapen i bruk, trekkjer han fram i ein epost til Uniforum.

 – Massive utfordringar

– Kvifor synest de at det er viktig?

– Verda står overfor massive utfordringar. Berekraftsmåla omtalar desse, og klima og miljø er sentrale problemområde. Det handlar til sjuande og sist om kva verd me vil overlata til barna våre og barna til barnebarna våre; til dei komande generasjonane, svarar Svein Stølen.

Frå juli overtar Christen Andreas Orvin Wroldsen som leiar for Studentparlamentet ved UiO. Han lovar å halda fram arbeidet med ein klima- og miljøstrategi også når han sit i det vervet.

– Studentparlamentet har i fleire år bede om at ein slik strategi skal utarbeidast og som parlamentsleiar vil eg fylgja det vidare arbeidet tett. Det skal ikkje mangla på forslag til tiltak og klimamål, forsikrar han.

Gir Studentparlamentet æra

Wroldsen gir også studentane sitt høgaste organ æra for at ein framtidig klima- og miljøstrategi no er komen på dagsordenen. 

– Eg trur Studentparlamentet kan ta ein del av æra for å setja dette på agendaen. Samtidig er det fleire eldsjeler både i styret, administrasjonen og på universitetet elles som har vore viktige for å løfta dette fram. Utan samarbeid på tvers av organisasjonen kjem me ikkje i mål, seier han til Uniforum.

Kjerstin Aukrust overrekkjer 1735 underskritfer til UiO-rektor Svein Stølen med krav om at UiO halverer talet på flyreiser
1735 UNDERSKRIFTER: Kjerstin Aukrust overrekte den 21. mai  UiO-rektor Svein Stølen 1735 underskrifter frå studentar og tilsette som krev at UiO halverer talet på flyreiser. Då blei det også lagt fram ein rapport som viser at flyreiser utgjer ein femdel av klimagassutsleppa til UiO. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Skal jobba involverande

UiO-rektor Svein Stølen og resten av styret har allereie ein klar plan for korleis arbeidet med ein klima-og miljøstrategi for UiO skal gjennomførast.

– Årsplanen gjer dei ulike delmåla me skal nå i 2020 og 2021 tydelege, og me skal jobba involverande med heile universitetet. Me skal ikkje minst leggja til rette for at det er det faglege som står i sentrum for bidraga våre. UiOs styrke er kollegaene og studentane våre , og «bottom-up»-tenking må stå sentralt her som i andre samanhengar, synest han.

 – Kva håpar de å oppnå?

– Me veit det er et stort engasjement for klima og miljø ved UiO. Dei nesten 2000 underskriftene på oppropet for ei halvering av flyreiser ved UiO er eit døme som viser det. Gjennom dette arbeidet håpar me å bidra til eit endå større engasjement. Det vil føra til at klima og miljøutfordringar vert viste fram, tatt tak i og vert løyste i endå større grad enn i dag.

– Når kan strategien vera klar?

– Me har sett oss ein tidsfrist i årsplanen; utgangen av 2020, svarar Svein Stølen.

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2019 04:00

UiOs CO2-utslipp bestemmes av vintertemperaturen. Det meste av bygningsmassen varmes opp av fjernvarme som genereres av søppel. Ettersom det er mangel på søppel blant annet på grunn av plasteksport til Asia hvor plasten dumpes i havet, brukes også diesel.

Vi befinner oss ved et solminimum. I slike perioder blir jetstrømmen i atmosfæren slakkere. Dette øker sjansen for å bli liggende på "feil" side av jetstrømmen noe som vil føre til mange strenge vintre i årene fremover. Hvis UiO ønsker å redusere CO2-utslipp, må romtemperaturene i bygningene senkes slik som i Nord-Korea.

En trøst kan imidlertid være at atmosfærens CO2-nivå styres av havets overflatetemperatur. Forsøk på å regulere dette er i beste fall hybris.

nicolajs@uio.no - 9. juli 2019 10:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere