Klimademonstrasjonen i Oslo er blitt fotoutstilling i Botanisk hage

To veker etter at skuleungdommar deltok i klimademonstrasjonen i Oslo, er demonstrasjonen blitt til ei fotoutstilling like ved det påbegynte Klimahuset på Tøyen.

DEMONSTRASJON PÅ UTSTILLING: No er klimademonstrasjonen i Oslo blitt fotoutstilling i Botanisk hage. Torkjell Leira er prosjektleiar for Klimahuset ved Naturhistorisk  museum, og ein av initiativtakarane. Her fortel han om utstillinga med to unge tilhøyrarar ringside. 

Det er gjerdet rundt tomta til Klimahuset  i Naturhistorisk museum som fungerer som opphengingspunkt for bileta som fotografen Terje Heiestad har tatt av ungdommar som deltok i klimademonstrasjonen framfor Stortinget  22. mars.

– Har skapt historie

Det var prosjektleiar for Klimahuset på Tøyen, Torkjell Leira og kolllegaene hans på Naturhistorisk museum som tok initiativet til å få tatt desse bileta for å laga ei utstilling av dei.

– De ungdomar har skapt historie for me har rekna ut at til saman deltok 1,5 millionar ungdommar over heile verda i desse skulestreikane for klimaet. Det vil seia at det var historias største demonstrasjon for klimaet, sa Torkjell Leira, då utstillinga blei opna torsdag 11. april.

Museumsdirektør Tone Lindheim peika på kor viktig det var å få engasjert fotograf Terje Heiestad til å dokumentera demonstrasjonane og kor samarbeidsvillige deltakarane var.

 – Ungdommar stilte villig opp og både dei og foreldra deira gav oss løyve til å bruka bileta, fortalde Tone Lindheim.

OPNA FOTUTSTLLING: Både barn og foreldre og museumstilsette deltok under opninga av fotoutstillinga om klimademonstrasjonen i Oslo 22. mars. (Foto: Martin Toft)

– Kan skaffa seg kunnskap

Det er heller ikkje heilt tilfeldig at fotoutstillinga heng på byggjegjerdet rundt staden der grunnarbeidet til Klimahuset går føre seg.

– Klimahuset skal dedikerast 100 prosent til alt som har å gjera med klima og klimaendringar. Her kan ungdommar skaffa seg kunnskap. Og nettopp derfor har me fylgt med på klimademonstrasjonane i både Noreg og i utlandet. Bidraget vårt er å dokumentera og visa fram denne skulestreiken for klimaet, sa Tone Lindheim.  

Ho trekte også fram namnet til investoren Jens Ulltveit-Mo som har finansiert Klimahuset.

– Han var tidlegare ein klimafornektar, men er no ein forkjempar i kampen mot klimaendringane. Han tok også ut alle pengane sine frå prosjekt som var farlege for klimaet, fortalde ho.

300 ungdommar frå 50 skular

Bileta viser 300 ungdomar frå 50 skular på heile Austlandet. Utstillinga dekkjer til saman eit område på 500 kvadratmeter frå Geologisk museum til porten som ligg nærast sirkustomta på Tøyen.

OPNA UTSTILLING OM KLIMADEMONSTRASJON: Nils Nerhus Rørstad er leiar for Oslo Natur og Ungdom. Torsdag 11. april opna han utstillinga om klimademonstrasjonen i Oslo 22. mars. Utstillinga står like ved tomta der grunnarbeida til Klimahuset no er i gang. (Foto: Martin Toft)

Leiaren for  Oslo Natur og Ungdom, Nils Nerhus Rørstad var invitert til å klippa snora som markerte opninga av fotoutstillinga. Også han kom inn på engasjementet til ungdommen i klimasaka.

– Då eg søkte politiet om løyve til demonstrasjonen, skreiv eg at me rekna med at det ville koma 1000 personar. Så enda det opp med at det kom 20 000. Det viser kva skulestreiken for klimaet som svenske Greta Thunberg sette i gang, no har ført til.

I heile påskeveka er Naturhistorisk museum ope frå klokka 10.00 til 17.00.  Då vil alle kunne sjå bileta av klimademonstrerande ungdommar når dei er på veg til museumsbygningane..

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Naturhistorisk museum. Museene Av Martin Toft
Publisert 12. apr. 2019 14:18 - Sist endra 12. apr. 2019 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere