Utkastet til UiOs klimastrategi vil vera klart til våren

I mai skal Universitetsstyret få eit første utkast til ein klimastrategi på bordet.  Det opplyser UiO: Energi-direktør Vebjørn Bakken som leier arbeidsgruppa som skal utforma strategien.

Ein mann står i ei trapp framfor eit sykkelstativ med fleire syklar

BRUBYGGJAR: – Klimastrategien skal vera ein brubyggjar mellom Strategi 2030, som er vedtatt og ligg der, og til meir konkrete tiltaksplanar og meir kvantifiserte og tidsette ting, fortel Vebjørn Bakken. Han er direktør for UiO: Energi og leier arbeidsgruppa som skal utforma utkastet til ein klimastrategi.

Foto: Ola Gamst Sæther

I juni 2019 vedtok Universitetsstyret at UiO skulle ha ein eigen klimastrategi. Då rekna rektor Svein Stølen med at klimastrategien skulle vera klar på slutten av 2020. Tre månader inn i 2021 ligg det enno ikkje klar nokon strategi.

Klimastrategien: 

Arbeidet med UiOs klimastrategi starta i desember 2020.

Første utkast er ferdig i mai.

Universitetsstyret vedtok at UiO skulle utforma ein klimastrategi i juni 2019.

Desse sit i arbeidsgruppa:

Beate Sjåfjell (JUS), Brita Slettemark (Klimahuset, NHM), Dag Hessen (MN), Elin Lerum Boasson (SV), Erik Knain (UV), Per Ditlef Fredriksen (HF), Sidsel Roalkvam (SUM), Benedikte Marie Espeland (Universitetsstyret, Studentparlamentet), Jørgen Hammer Skogan (Universitetsstyret, Studentparlamentet) og Eva Helene Mjelde (universitetsdirektørens stab).

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– Utsett på grunn av korona

 Direktør for UiO:Energi, Vebjørn Bakken meiner fleire uheldige omstende er grunnane til det.

 – Det blei litt utsett på grunn av korona, og så brukte organisasjonen litt lenger tid enn planlagt på å finna ut meir nøyaktig korleis me skulle gå laus på dette. Og så skulle det også setjast ned ei arbeidsgruppe som skulle gjera jobben. Men arbeidet er i god gjenge og me kom i gang med dei første møta i desember i fjor. Målet er å ha eit førsteutkast av strategien klart i mai, seier Vebjørn Bakken til Uniforum. Han er peika ut til å leia gruppa som arbeider med å utforma ein klimastrategi for Universitetet i Oslo. Med i gruppa er mellom andre biologiprofessor Dag O. Hessen, jussprofessor Beate Sjåfjell og førsteamanuensis Elin Lerum Boasson frå SV-fakultetet.

– Skal dekkja alle aktivitetar UiO har

Vebjørn Bakken, som til dagleg er direktør for UiO: Energi,  skisserer gjerne opp kva Universitetsstyret forventar at arbeidsgruppa legg på bordet når forslaget til klimastrategi er klart.

– Det skal bli ein heilskapleg klimastrategi for UiO som i prinsippet skal dekkja alle aktivitetar UiO har, men det er også klart at det dei først og fremst er opptatt av er at me ser kva som kan gjerast innanfor forsking og utdanning. Så hovudvekta vil nok liggja der, seier Vebjørn Bakken til Uniforum.

– Ein brubyggjar

UiO har allereie vedtatt ein eigen hovudstrategi som ber namnet Strategi 2030.  Og dei to strategiane skal knytast saman.

– Klimastrategien skal vera ein brubyggjar mellom Strategi 2030, som er vedtatt og ligg der, og til meir konkrete tiltaksplanar og meir kvantifiserte og tidsette ting, fortel Vebjørn Bakken.

– Me må balansera mellom det litt overordna strategiske, men samtidig er me utfordra til å koma med forslag om konkrete tiltak og peika på dei, kanskje med tanke på type tiltak utan at me treng setja eksakte datoar og måltal på ting,  for det vil koma i dei tilleggsplanane som fylgjer opp tiltaka, forklarar han. 

– Når det er sagt skal me også setja eit konkret mål for klimagassutslepp frå UiO i 2030, legg han til.

– Men ville det ikkje ha vore nok å ha lagt ein klima- og miljøstrategi inn i hovudstrategien til UiO, altså Strategi 2030?

– Nei, det må du heller spørja leiinga om. Det var dei som gjorde denne tinginga. Det kom jo ei unison tilbakemelding om at det måtte meir med om klima i forslaget til Strategi 2030. Men denne klima- og miljøstrategien skal koma langt lenger enn det som står om klima i hovudstrategien.

Skal sjå på forsking og utdanning og drift

– Kva tiltak vil de føreslå?

– Det jobbar me med. Først og fremst vil det vera ting innan forsking og utdanning, men me skal også sjå på drift. Det finst også ein eksisterande strategi for Eigedomsverksemda ved UiO.  Me har fått ei orientering om den som også skal oppdaterast etter kvart.  Me kan heilt klart koma med nokre føringar og forslag der. Det er nok av ting som kan gjerast og som kan bli med i ein meir detaljert eigedomsstrategi, seier han. 

Bortsett frå det vil han helst ikkje ut med kva forslag dei vil koma med.

– Eg vil ikkje ut med kva tiltak med vil leggja fram enno, det er dette me drøftar i arbeidsgruppa. Det er klart at me har diskutert både strategiske satsingar på forskingssida og grep rundt undervisning og kva me kan gjera der, seier han. 

– Eit mål er å auka tilbodet til studentane av fag som inneheld klima og miljø og på berekraft generelt.

– UiOs klimagassutslepp gjekk kraftig ned i 2020

– Det siste året har vore prega av koronapandemien, og det har ført til drastisk nedgang i talet på flyreiser og ein eksplosjon i bruken av videokonferansar. Har det hjelpt til med å nå målet i ein  klimastrategi for UiO?

– Det er ingen tvil om at UiOs klimagassutslepp gjekk kraftig ned i 2020. Utfordringa vert sjølvsagt at dei ikkje berre må spretta opp til nivåa før koronaepidemien når studentane og dei tilsette igjen kan reisa, seier han.  

Utfordringar med digitale møte

Vebjørn Bakken peikar også på at i høve til strategiarbeidet som dei har måtta gjera heilt digitalt, har nokre ting fungert heilt fint, medan dei har hatt store utfordringar med andre ting.

 – Det hadde vore fint å kunna møtast over ein kaffikopp rundt eit bord og kunna sitja saman og diskutera ordentleg. Så det saknar me litt, vedgår han.

Akkurat no ynskjer han ikkje å presentera konkrete tiltak.

– Det arbeidet står heile gruppa bak og skal koma med forslag om. No ynskjer me å få innspel frå heile UiO. Me har også tilsett ein person som skal koordinera dette arbeidet frå UiO: Energi, fortel  han.  

Det neste punktet på programmet gler han seg til.

– I neste veke sender me ut nettskjema til alle institutta og fakulteta der me ber dei om mellom anna  å fortelja kva dei har gjort og planlegg å gjera når det gjeld klima- og miljøtiltak. Me håpar å få inn mange gode døme og historier frå dei, seier han.  

– Litt seinare vil me og opna for innspel frå den einsame student og tilsette, dette kjem me tilbake til, legg Vebjørn Bakken til.

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Universitetspolitikk, Strategi 2030 Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere