UiO reduserer tala på flyreiser og skal gjera bilparken fossilfri

Talet på flyreiser ved Universitetet i Oslo skal  ned  med  ti  prosent og bilparken skal bli  fossilfri  i  2020. Det er to av tinga  som vert sett i verk  etter at universitetsstyret  i går  vedtok eit utkast til tiltaksplan for  klimagassreduksjon.

Ein mann står mellom to elbilar

FOSSILFRI:   – Det er uforståeleg  at ikkje fleire brukar UiOs elbilar, meinte medisinprofessor Michael Bretthauer i januar 2015. No har UiO vedtatt at bilparken skal vera fossilfri i 2020. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Neste år skal det kjøpast  ti  prosent færre  flyreiser  ved  Universitetet  i  Oslo enn  i år. Det  er  klart  etter  at  universitetsstyret  i  går  vedtok  å  gå  inn  for  dette. 

Det skal også arbeidast  for  at  annan  transport  enn  fly  blir ein del av tilbodet frå  reisebyrået  UiO har ein rammeavtale med,  står  det  i utkastet til  tiltaksplanen. Utkastet skulle  opphavleg  berre  opp  som  ei  diskusjonssak  i  universitetsstyret.  Det blei  likevel  til  slutt  lagt fram som ei  innstilling  til  vedtak  frå universitetsdirektør Arne  Benjaminsen. Og då blei utkastet til tiltaksplan samrøystes vedtatt.

Kunnskapsproduksjon

I møtet i universitetsstyret var ekstern  representant  Idar Kreutzer svært klar på at dette er ein viktig plan for UiO.

– I Stortinget ligg det no ein plan  for  innovative  innkjøp. Det  krev andre typar  innkjøpskompetanse enn i dag. Ved Schiphol-flyplassen  utanfor  Amsterdam  vedtok  dei  å  utlysa  innkjøp  av  lyspærer  som  ei  teneste. Philips  fekk  kontrakten, men då blei målet  at  lyspærene  skulle  fungera  lengst  mogleg  i  staden  for  at  selskapet  berre  skulle  vera  interessert i å selja  flest mogleg  lyspærer.  For  Universitetet i Oslo  er  kunnskapsproduksjon det  viktigaste bidraget til eit berekraftig samfunn,  meinte han.

Fossilfri  bilpark

Av andre tiltak som skal  setjast  i verk, er målet  om å sikra  ein  fossilfri bilpark i løpet  av  2020. Unntaket er område  der det ikkje finst  gode  alternativ. Eksterne  leverandørar  skal  også få krav  om  fossilfri  transport.  Det er også  snakk om å innføra ei ordning med  utlån  av elbilar til tilsette.

Innanfor  bygg  og  eigedom  og  energi  skal  UiO  mellom  anna  sikra  maksimal  grad  av  energieffektive  løysingar  både  i  dei  bygningane  som  er  i  bruk  i  dag  og  i  nye  byggjeprosjekt.

Studentrepresenant  Erlend  Ditlefsen  Aag  var  glad  for  å  sjå  kor  viktig  denne  saka  er  på  UiO.

–  Det  har  skjedd  mykje  på  utruleg  kort  tid.  Det  er  eit  stort  engasjement  over  heile  UiO,  hadde  han  notert  seg.

Men  det  var  ikkje  representant  for  dei  mellombels  vitskapleg  tilsette,  Kristian  Bjørkdahl  heilt  einig  i.

–  Eg  deler  ikkje  inntrykket  ditt  av  at  det  er  eit  stort  engasjement.  Ved  Senter  for  utvikling  og  miljø  (SUM)  har  folk  i  i  20  år  hatt  tilgang  til  teknologi  som  gjer  det  mogleg  med  videooverføring.  Det som  no  trengst,  er  ei  støtte  for  at  det  skal  bli  ei  kulturendring,  meinte  han.

Når det  gjeld  innkjøp  og  gjenbruk  innstilte  universitetsdirektør  Arne  Benjaminsen  på  at  universitetsstyret  skulle  vedta  at  UiO  skal  innføra  eit  betra  system  for  å  bruka  IT-  og  mobilutstyr  om  att.  Det  går  desssutan  også  fram  at  det  skal  innførast  eit  endå  betre  system  for  styring  av  kjemikaliar.  Målet  er  at  det  skal  minska  risikoen  ved  bruk  av  kjemiske  stoff  og  at  tilsette  og  studentar  skal  bruka  dei  minst  helse-  og  miljøskadelege  produkta.

Møtekaffi  kan  lagast  lokalt

Innanfor  mat  og  servering  skal  UiO  gjennom  eit  tett  samarbeid  med  Studentsamskipnaden  i  Oslo  og  Akershus  sikra  eit  mest  mogleg  klimavennleg  serveringstilbod  ved  UiO.  Det  vert  også  føreslått  å  innføra  eit  forbod  mot  unødvendige  eingangsprodukt  i  plast  og  papp.  Alle  einingane  skal  verta  oppfordra  til  å  unngå  eingongsservise  og  leggja  til  rette  for  at  møtekaffi  kan  lagast  lokalt.

Dette  tiltaket  vekte  engasjement  hos  ekstern  representant  Kristin  Hollung.  Ho  peika  på  at  matproduksjon  var  det  som  sleppte  ut  mest  klimagass  etter  transport.

– Det  er  viktig  at  maten  er  sunn.  Det  er  ikkje  nok  å  servera  vegetarmat,  for  heller  ikkje  den  er  alltid  sunn,  understreka  ho.

–  På det  området skal  me  jobba  nært  saman  med  SiO,  svara  rektor  Svein  Stølen.

Fossilfrie  plasseringar

Alle  plasseringane  UiO  har  gjort  gjennom  fonda  sine,  er  no  fossilfrie.  I  tiltaksplanen  som  no  er  vedtatt,  vert  det  understreka  at  plasseringane  skal  fylgjast  opp  for  å  sikra  ei  mest  mogleg  berekraftig  forvaltning  av  midlane.

Styrerepresentant  Anne  Birgitte  Rønning  var  svært  nøgd  med  innstillinga  til  tiltaksplan.

–  Det  er  veldig  bra  at  de  har  kome  så  langt  på  så  kort  tid.  Og  det  er  viktig  å  starta  opp  no,  meinte  ho.  På  spørsmål  om  kven  som  har  ansvaret  for  at  planen  blir  gjennomført,  fekk  ho  eit  klart  svar  frå  Svein  Stølen.

–  Det  ansvaret  ligg  hos  universitetsdirektøren.  Og  det  kunne  Arne  Benjaminsen  stadfesta.

–  Det  er  viktig  av  avdelinga  vår  får  ansvaret  for  dette  innanfor  den  samla  oppgåveporteføljen,  sa  han.

Etter  møtet  var  Svein  Stølen  godt  nøgd  med  vedtaket  om  å  redusera  talet  på  flyreiser  med  ti  prosent. Men  han  understreka  at  UiO  skal  vera  like  internasjonal  som  før.

–  Her  blir  det  viktig  å  finna  ein  god  balanse,  for  det  er  ikkje  realistisk  å  tenkja  at  me  skal  slutta  å  ta  fly.  UiO  er,  og  skal  framleis  vera,  eit  internasjonalt  orientert  universitet.  Me  skal  levera  løysingar  på  store  samfunnsutfordringar  både  ute  og  heime.  Det  vil  seia  at  me  ikkje  kan  isolera  oss,  understrekar  Svein  Stølen  i  ei  pressemelding  frå  UiO.

Neste år skal det utarbeidast ein heilskapleg klima- og miljøstrategi for UiO, peikar Svein Stølen også på i pressemeldinga.

 

Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2019 16:27 - Sist endra 4. des. 2019 16:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere