Tverrfagleg allianse vil ha meir berekraft inn i Strategi 2030

UiO-tilsette og studentar på tvers av fag og fakultet går no saman for å pressa på for å få berekraft inn som eit berande element i den endelege utgåva av Strategi 2030.

Ein mann og to kvinner står ute med tre i haustfargar i bakgrunnen.

INN MED MEIR BEREKRAFT: Dei vil ha ein Strategi 2030 med meir vekt på berekraft enn det opphavlege forslaget har. Derfor har biologiprofessor Dag O. Hessen, student Nora Selnæs  (i midten) og doktorstipendiat Irene Øvstebø Tvedten og fleire andre lagt fram eit alternativt utkast til strategi. 

Foto: Ola Gamst Sæther

No skal Strategi 2030 ha berekraft og klima som ein raud tråd gjennom heile dokumentet. Det er målet til ei arbeidsgruppe som har laga eit alternativt utkast til ein ny strategi for Universitetet i Oslo. Det er klart i dag  i god tid før fristen går ut den 1. november. For fleire professorar og andre vitskapleg tilsette, teknisk-administrativt tilsette og studentar ved UiO har dei siste ti dagane brukt fritid og kveldar på å koma med forslag som kan gjera den endelege utgåva av Strategi 2030 meir prega av berekraft som eit berande element, enn det som dei meiner er tilfellet i det første utkastet.

«Bærekraft som rettesnor»

 I sitt alternativ føreslår dei mellom anna at «UiO skal etablere og videreutvikle forskningsmiljøer som fører an i overgangen til et bærekraftig samfunn». Dei vil også ha med eit punkt som understrekar at «Gjennomføring av forskning ved UiO skal skje i tråd med UiOs klimamål».

Når det gjeld internasjonalisering, føreslår arbeidsgruppa at «UiO skal jobbe for internasjonalisering med bærekraft som rettesnor.» Samtidig meiner dei at formuleringane om at UiO skal bli blant Europas leiande på sine område og at UiO gjennom forskinga skal bidra til å løysa samfunnet sine utfordringar på kort og lang sikt, kan fjernast heilt.

Også innan undervisning og eigedomsforvaltninga legg dei inn fleire formuleringar som viser at UiOs skal leggja vekt på berekraft  i alle studieprogramma og ha eit minst mogleg klimafotavtrykk og arbeida for å nå målet frå Paris-avtalen om at den globale temperaturen ikkje skal stiga med meir enn 1,5 grader.

Desse har vore med i arbeidsgruppa og utarbeidt det alternative utkastet til Strategi 2030:

Eevi Beck, UV; Reidar Aasgaard, HF; Dag O. Hessen, MN; Irene Øvstebø Tvedten, TIK; Nora Selnæs, SV; Lise Bjerke, MED/SUM; Arild Engelsen Ruud, HF; Anja Røyne, MN; Erik Knain, UV; Kristina Rognlien Dahl, MN; Jon Haarberg, HF; Anne Kveim Lie, MED; Janicke S. Kaasa, HF; Paul Wenzel Geissler, SV; Sidsel Roalkvam, SUM; Maja van der Velden, MN; Anne Birgitte Rønning, HF; Mariel Aguilar-Støen, SUM; Arne Johan Vetlesen, HF; Beate Kristine Sjåfjell, JUS og Kjerstin Aukrust, HF.

Miljø og klima var ikkje eit sentralt element

Ein av dei som står bak det alternative utkastet til Strategi 2030, er biologiprofessor Dag Olav Hessen.

– All diskusjon etter at utkastet til Strategi 2030 blei  lagt fram, har handla om klima og miljø. Derfor var det betre å samla oss og saman skriva eit positivt og konstruktivt innspel til korleis klimaendringane og miljøet kunne få meir plass i Strategi 2030. Utkastet til Strategi 2030 inneheldt fleire moment om miljø og klima, men hadde ikkje makta å få fram dette som eit sentralt element, seier Dag Olav Hessen til Uniforum.

Me treffer han saman med stipendiat Irene Øvstebø Tvedten frå Vitskaps- og teknologistudiar ved TIK-senteret og Nora Selnæs, som er student på utviklingsstudiar. Litt seinare kjem også professor Eevi Beck ved Institutt for pedagogikk og sluttar seg til dei tre andre.

– Tatt på alvor oppfordringa frå Svein Stølen

For Irene Øvstebø Tvedten var det heilt klart at noko måtte gjerast etter at rektor Svein Stølen hadde presentert det første utkastet til Strategi 2030 den 8. oktober.

– Då kom det ein voldsom kritikk frå mange av dei som var til stades. No har me tatt på alvor oppfordringa frå Svein Stølen om at det er ope for alle å koma med innspel, forklarar ho.

Det var ikkje vanskeleg for henne å finna meiningsfeller. – Me møtte kvarandre rett etter det opne møtet om Strategi 2030, fortel Øvstebø Tvedten.  Nokre av dei var også engasjert i kampanjen for å få ned talet på flyreiser blant dei tilsette ved UiO. – Då var det lett å ta eit initiativ overfor alle dei andre, synest student Nora Selnæs.

– UiO kan forplikta seg moralsk

Biologiprofessor Hessen er opptatt av at Universitetet i Oslo på dette området går føre og viser veg.

– UiO kan forplikta seg moralsk, om ikkje juridisk på å ha med berekraftmålet i Strategi 2030. Det er ikkje slik at strategien berre skal jobba med berekraft. For oss er det viktig at den frie, nyfiknedrivne forskinga skal stå i fokus. I dag er me inne i ein spesiell situasjon på grunn av klimaendringane, og der bør UiO spela ei rolle, meiner han.

Irene Øvstebø Tvedten legg vekt på at arbeidet med å laga eit eige høyringsinnspel har gått føre seg i universitetet si aller beste ånd. – Det har vore ein demokratisk prosess der folk har lagt noko til og trekt noko frå. Og så har me brukt kveldar og fritida vår til å få sydd det heile saman, fortel ho.

Dei synest alle tre at det er positivt at UiO-leiinga har bestemt at datoen for når Strategi 2030 skal endeleg vedtakast, er utsett frå desember til februar neste år. – No får me meir tid til å skapa merksemd rundt dette, meiner Nora Selnæs. – Det er viktig å få eit meir demokratisk ankerfeste rundt det, legg ho til.

Nora Selnæs understrekar at studentar no er klare for endringar, men dei veit ikkje heilt korleis dei skal gå fram. – Derfor er det bra me studentar sjølve kan vera med på å jobba med eit høyringsinnspel, seier ho.

Biologiprofessor Dag O. Hessen har sete i universitetsstyret og har deltatt i arbeidet med å laga strategi tidlegare. – Den strategien fekk namnet «Vi sikter mot stjernene», så det var ikkje noko mangel på ambisjonsnivå. Så når Svein Stølen seier at dei valde ikkje å ha det med i utkastet til strategien fordi dei ikkje ville ha med mål som dei ikkje kunne nå, så manglar det ambisjonar.  

Han er overtydd om at ved å leggja fram ein alternativ strategi, vil det bli enklare å få berekraft med i den endelege strategien også.

– Dette blir som med Noreg som oljenasjon. Me må gå føre for å få ned utsleppa, sjølv om det er lite totalt. Både Noreg og UiO må gjennomføra det fordi «eksemplets makt» er så viktig, understrekar Hessen.

– UiO vil tena på det

Alle peikar på at den nye generasjonen er svært miljømedvitne, noko alle skulestreikane for klimaet både i Noreg og store delar av verda, viser.

– Studentane har vore engasjerte i klimastreikane. UiO vil tena på det om berekraft ber eit tydeleg spor i Strategi 2030, er Nora Selnæs viss på. Ho trekkjer fram at Universitetet i Oslo har sagt seg villig til å hjelpa både bedrifter og Oslo kommune med å ta i bruk miljøvennleg teknologi. – Det må også UiO gjera internt, legg ho til.

Øvstebø Tvedten understrekar at alle representerer sitt personlege engasjement gjennom arbeidet med dette innspelet.

Brukar ikkje lenger fly

Pedagogikkprofessor Eevi Beck har også tatt konsekvensen av klimaengasjementet sitt.

– No samarbeider eg berre med forskarar som eg kan treffa utan å bruka fly. Sist eg besøkte dei internasjonale samarbeidspartnarane mine, tok eg tog fram og tilbake mellom Oslo og Helsingfors, fortel ho. Og ho trur mange andre forskarar tenkjer som henne. – Det er mange ved UiO som ynskjer å gjera noko for å endra på ting, og å gjera ting på ein meir klimasmart måte, men dei veit ikkje heilt korleis, trur ho. Sjølv veit ho når ho tok den siste flyturen sin.

– Det var i den første delen av 2018.

I dag legg den tverrfaglege gruppa ut sitt alternative utkast til Strategi 2030 på sin eigen nettstad. Dei oppfordrar alle som støttar dei, til å skriva under på utkastet fram til 1. november klokka 12.00.

Rektoratet vil ikkje kommentera

Uniforum har bede om å få ein kommentar til innhaldet i det alternative utkastet til Strategi 2030 frå rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo

– Me ønsker ikkje å kommentera dette medan strategiutkastet framleis er på høyring, svarar dei på førespurnaden frå Uniforum.

Dette er innspelet arbeidsgruppa har kome med som alternativt utkast til Strategi 2030.

 

Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2019 14:48 - Sist endra 28. okt. 2019 14:48

Korrigering re. siste sitat av meg: Jeg har bevisst valgt relativt kortreiste nye forskningssamarbeid for ikke å fly. Pluss jeg flyr p.t. ikke til lenge etablerte samarbeid -- men jeg det betyr ikke at jeg avslutter dem, slik sitatet kunne gi inntrykk av.

Eevi Elisabeth Beck - 30. okt. 2019 08:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere