Miljøsjefen på UiO seier opp jobben på grunn av manglande klimatiltak

Universitetet i Oslo har ikkje vist stor nok vilje til å setja i verk konkrete tiltak for å få redusert klimaavtrykket. Slik grunngjev miljøsjef Øystein Liverød at han går frå jobben.

Ein mann utan hår, med briller står framfor ein høg bygning

INGEN SYSTEMATIKK: – Sjølv om det er fint at det blir løyvd fem millionar kroner til  arbeidet med klima- og miljøstrategi, er det ikkje nok, så lenge det ikkje er noko systematikk i dette arbeidet, meiner miljøsjef Øystein Liverød i Eigedomsavdelinga på UiO. No seier han opp jobben på grunn av det han meiner er manglande klimatiltak på universitetet. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne månaden tikka det inn ei melding til redaksjonen. Meldinga kom frå Øystein Liverød som gjorde det klart at han hadde sagt opp jobben som miljøsjef i Eigedomsavdelinga på UiO.  Det gjorde han fordi det ikkje hadde blitt  sett i verk konkrete nok tiltak for å få ned utsleppa frå UiO etter at klimarekneskapen blei presentert i 2019.

Nokre dagar seinare møter me han på ein regnvåt dag i Georg Sverdrups hus. Han er overtydd om at han har gjort det rette ved å slutta, men han ynskjer samtidig at oppseiinga hans og grunngjevinga for at han går, skal bli kjent i universitetssamfunnet, slik at alle kan vurdera bodskapen og ta perspektivet med inn i det vidare arbeidet med berekraft. 

Øystein Liverøds fem råd for betre klimatiltak ved UiO:

- Opprett ein eigen fagavdeling for berekraft med nokj ressursar

- Jobb vitskapleg med klimarekneskapen

- Leiinga må rapportera årleg til Universitetsstyret om klimamåla

- Arbeidet med  klima- og miljøstrategi må skje i nært samarbeid med heile UiO og ha med administrative tilsette i tillegg til forskarar og studentar.

- Opprett ei eiga klimaside på nett om når moglege klimatiltak skal setjast i verk

Dette er Øystein Liverød:

Tilsett som miljøsjef i Eigedomsavdelinga på UiO i 2018

Fekk ansvaret for å laga rapporten om UiOs klimarekneskap frå 2018.

Har tidlegare jobba i som energisjef i eigedomselskapet Alfa Eigedom

Har mastergrad frå Industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU.

Aktuell: Han sluttar fordi han meiner UiO ikkje har gjort nok for å kutta klimaavtrykket

I januar startar han i ny jobb i eit konsulentselskap med berekraft som arbeidsområde

(Kjelde: UiO, Energi og miljø og Øystein Liverød)

– Gjekk tregt etter at klimarekneskapen blei presentert

Starten på slutten av tida  hans som miljøsjef i Eigedomsavdelinga på UiO, tok til rett etter at den første klimarekneskapen for UiO blei presentert i mai 2019.  Det som han såg på som byrjinga på ein prosess med å få kutta ned klimaavtrykket til UiO, enda opp som eit punktum.

– Inntrykket mitt er at dette arbeidet gjekk veldig tregt etter at klimarekneskapen var blitt lansert, fortel han. – Då visste me kva me burde gjera og kvar me burde gjera det. Då gjekk det ikkje raskt nok, synest han. Rundt juletider 2019 følte han at han ikkje kom lenger, og hausten 2020 hadde han konkludert.

– Me må gira opp

– Eg kunne ikkje forsvara å jobba med dette lenger.  Difor valde eg å gi opp og seia ifrå på ein fin måte og kalla ein spade for ein spade. Det er eit kjempepotensial hos UiO og klima- og miljøstrategien skal koma i gang no, medan planen var at den eigentleg skulle ha blitt avslutta no, kommenterer han tørt.

– Det er symptomatisk med mange prosessar, men UiO har eit kjempemoglegheit,  men bodskapen min er at me må gira opp på ein heilt annan måte, seier Øystein Liverød til Uniforum. 

Fekk i oppgåve å laga klimarekneskap

Historia om Øystein Liverød som miljøsjef i Eigedomsavdelinga ved UiO, starta i 2018. Der blei  han tatt  svært godt imot av eigedomsdirektør John Skogen.

– Han gav meg straks oppgåva med å laga eit klimarekneskap for Eigedomsavdelinga. Då spurte eg han om det ikkje ville vera litt smått med berre Eigedomsavdelinga, burde me ikkje laga eit klimarekneskap for heile Universitetet i Oslo.  Derfor tok me eit møte om ideen med rektor Svein Stølen og dåverande universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Me fekk god gehør for ideen der, og sette i gang med arbeidet, fortel han. 

I 2019 var klimarekneskapen for UiO i 2018 klar og den blei publisert på eit stormøte i Realfagsbiblioteket på Blindern. Øystein Liverød var sjølv på podiet for å presentera rapporten han sjølv hadde tatt initiativet til. Det var den aller første klimarekneskapen frå Universitetet i Oslo.

–Då hadde me fått det naturlege grunnlaget vårt. Alle veit at det er ei klimakrise, noko UiO også har sagt i Strategi 2030. Då må neste steg vera å redusera klimaavtrykket, jobba med å få ned talet på flyreiser, redusera mengda med papir i skrivarane, om det er berekraftig utdanning og forsking. No begynner arbeidet . Eg arbeidde med kutt i driftssida og ulike aktivitetar. Det viste seg at dette arbeidet tok svært lang tid, for det blei ikkje prioritert like høgt som eg meiner det burde. Andre kan ha eit anna perspektiv, men inntrykket mitt er at dette arbeidet blei ikkje prioritert høgt nok til at me fekk til resultat raskt nok etter at klimarekneskapen var blitt lansert. Då stansa det opp. fortel han.

– Eg blei inspirert av dei

Øystein Liverød jobba tett med både forskarar, studentar og administrativt tilsette som var full av entusiasme for å få gjort noko med klimaavtrykket på UiO og å gjera UiO til ei leiestjerne i berekraft. 

– Eg blei inspirert av dei , og eg ville gjerne få gjennomført tiltak som kunne vera med på å få redusert klimaavtrykket til UiO, seier han. Liverød var også utolmodig, men følte at det var vanskeleg å koma vidare.

– Eg blei møtt med haldninga om at ting tar tid og at ting blir utsette. I mange tilfelle er det også det som er både styrken og det vakre ved UiO, men det er også mange ting som kan skje raskare om ein berre prioriterer det. Så dette blei ikkje ein slik aktivitet som eg gjerne ville ha, slår han fast.

Etter kvart mista Øystein Liverød litt av entusiasmen han tidlegare hadde hatt for å få gjennomført ting så fort som mogleg.

– Derfor hinta eg rundt juletider 2019 frampå om at dersom dette held fram, blir eg nøydd til å sjå meg om etter noko anna å gjera, seier han til Uniforum.

Det skjedde likevel ei viss betring våren 2020, men om sommaren forverra det seg igjen. Derfor såg han seg denne hausten nøydd til å seia opp jobben som miljøsjef ved Eigedomsavdelinga til UiO.

– Ting tar veldig lang tid

Sjølv om Universitetsstyret denne veka har vedtatt å løyva fem millionar kroner til faglege tiltak i samband med den klima- og miljøstrategien som no er blåst i gang,  har han ikkje  gått tilbake på  avgjerda om å seia opp jobben.  Men han ser positivt på at noko hender.

– Ja, det er mykje bra som skjer. Berre det at Eigedomsavdelinga har hatt ein miljø- og klimastrategi, ja, me har hatt ein miljørapport årleg tilbake til 2013. Det var store ambisjonar for UiO også då Strategi 2020 blei lagt fram for ti år sidan. Det er absolutt mykje som skjer. Men det eg er opptatt av er at historia gjentar seg. Om me ser på gamle artiklar i Uniforum eller Universitas spør studentar og tilsette seg om me ikkje skal innføra betalingsparkering, men det har framleis ikkje skjedd, peikar han på. 

– Og då eg fekk klarsignal frå rektor om å setja i gang arbeidet med å laga ein klimarekneskap, fekk eg inntrykk av at det var noko studentane hadde etterspurt i lang tid. Tida var eigentleg overmoden, men det viser at ting tar veldig lang tid. Og sjølv om det er fint at det blir løyvd fem millionar kroner til  arbeidet med klima- og miljøstrategi, er det ikkje nok, så lenge det ikkje er noko systematikk i dette arbeidet, meiner han.

FORLET UiO: Miljøsjef Øystein Liverød seier opp jobben fordi han synest det ikkje blir gjennomført nok klimatiltak på UiO. Han trur det kan bli betre om det blir oppretta ei eiga fagavdeling for berekraft sentralt på UiO. (Foto: Ola Sæther) . 

Føreslår eiga fagavdeling for berekraft

Øystein Liverød ynskjer å gå offentleg ut med grunnen til oppseiinga også for å få snakka om fanesaka si.

– Det er ikkje mogleg å få redusert klimaavtrykket rakst og effektivt nok utan at det blir oppretta ei eiga fagavdeling for berekraft. Me kan ikkje la einingane stå eine og åleine om å gjera ting. Alle institutt, fakultet og museum må bidra og gjera sitt, men slik eg ser det, må me ha støtte frå sentralt hald, og då er det ikkje nok at ein miljøsjef rotar seg inn i mange ulike initiativ, seier han.

Øystein Liverød ser føre seg at fagavdelinga for berekraft blir plassert sentralt på UiO og får nok ressursar. 

– Då kan dei ta ein kjempeidé frå eit institutt som får hjelp til å jobba med flyreiser, så kan me samarbeida med dei og spreia det ut til heile universitetet. I dag jobbar eg og andre som også har andre arbeidsoppgåver med berekraft og så vert arbeidet avslutta. Og så veit me ikkje heilt om og korleis arbeidet blir fylgt opp vidare, konstaterer han.

Liverød synest at det er blitt gjort mykje bra på klimaområdet på UiO også.

– Sjølv om det har det, så veit me ikkje reint vitskapleg kva som er blitt gjort. Me jobbar framleis med eit nytt klimarekneskap som andre må ta hand om vidare. No må UIO satsa på dette her og prioritera det med å gi det ekstra ressursar, seier han lettare resignert.

– Det blei sagt at arbeidet med UiOs komande klima- og miljøstrategi blei forseinka  på grunn av koronapandemien. Då spør eg meg kva som skjedde mellom vedtaket sommaren 2019 og mars 2020, legg han til.

– No sluttar du, har du ein annan jobb å gå til?

– Ja, no skal eg jobba med berekraft i eit konsulentfirma. Det gler eg meg til, fortel han. 

– Berekraft er heilt sentralt i UiOs strategi 2030

Uniforum har også kontakta UiO for å få ein kommentar frå leiinga om kritikken frå Øystein Liverød om manglande klimatiltak. 

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forstår at miljøsjef Øystein Liverød er utolmodig. 
– Me skjønar og deler utolmodet. Berekraft er heilt sentralt i UiOs strategi 2030. Det er no etablert ei tverrfagleg arbeidsgruppe som skal utarbeida ein heilskapleg klima- og miljøstrategi slik at universitetet kan arbeida systematisk  både innanfor forsking, utdanning, innovasjon og drift, for å nå berekraftsmåla. Me tar sikte på at universitetsstyret skal behandla strategien medio 2021, fortel Arne Benjaminsen i ein epost til Uniforum. 

Han viser til at målsetjinga er at heile universitetet skal bli involvert i arbeidet med å nå klimamåla. 

– Og då må me involvera heile institusjonen. Mykje arbeid er allereie i gang. Innanfor den faglege verksemda er opprettinga av senteret FME Include og Centre for Biogeochemistry in the Anthropocene, og dei nye studieprogramma Honours Certificate in Environmental Humanities, ein mastergrad i fornybare energisystem og ein bachelor i Filosofi, politikk og økonomi (FPØ) viktige tiltak, oppsummerer han. 

 Mange tilsette deltar i å ta UiO i ei grønnare retning

Arne Benjaminsen trekkjer også fram at det er innleidd eit berekraftsarbeid sentralt i samarbeid med einingane, som skal styrkja koplinga mellom utdanning og forsking med tanke på at UiO skal bidra ytterlegare til den breie berekraftsagendaen - som altså handlar om blant anna helse, utdanning, kampen mot fattigdom og anstendig arbeid og økonomisk vekst i tillegg til meir direkte og miljørelaterte mål. 

– Mange tilsette deltar i arbeidet med å ta UiOs drift i ei grønnare retning – som å bruka innkjøp som ein miljø- og klimadrivar, driva utearealela våre på ein miljøeffektiv måte, og sørga for ulike gjenbruksordningar. Me begynner å sjå resultater av eit langsiktig arbeid. Til dømes har me redusert energibruken vår betrakteleg sidan 2017, og me har gått fra ei  sorteringsgrad av avfall på rundt 30 prosent til mellom 60-70 prosent, peikar han på.

Skal leggja fram klimagassrekneskap både i 2020 og i 2021

Også  arbeidet med å redusera klimagassutslepp er godt i gang, i fylgje Arne Benjaminsen. 

– Når det gjeld klimagassreduksjon har me jobba med å få eit solid kunnskapsgrunnlag - blant anna frå reiseoperatørane. Frå neste år blir togreiser integrerte i reisetingingssystemet og me bryt klimagassrekneskapen ned på nivået til einingane.. Det vil gjera det enklare å setja i verk iokale tiltak for å redusera utsleppa ytterlegare, er han viss på.   

Og Benjaminsen viser også til at Universitetsstyret skal få klimagassrekneskapa på bordet både i år og neste år. 

– Me vil leggja fram prinsippa for ein klimagassrekneskap for Universitetsstyret i desember i år og klimagassrekneskapa for 2019 og 2020 vil bli lagde fram for Universitetsstyret tidleg neste år. Øystein Liverød har vore heilt sentral i arbeidet med å utarbeida klimagassrekneskapen. Han har vore ein engasjert miljøsjef i Eigedomsavdelinga og han har vore ein viktig pådrivar for å sørga for at rekneskapen blir eit så solid verktøy for klimakutt som mogleg. Det vil me gjerne takka han for, understrekar universitetsdirektør Arne Benjaminsen. 

(Oppdatert klokka 08:30 med kommentarar frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen)

Emneord: Arbeidsforhold, Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2020 07:00 - Sist endra 22. okt. 2020 08:40

Liverød hevder at "alle veit at det er ei klimakrise". Æresdoktor ved UiO nobelprisvinner i fysikk Ivar Giæver har skrevet under på et opprop om at det ikke finnes en klimakrise. Dette har også nærmere tusen vitenskapsfolk gjort. Deriblant et annet medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi den verdensledende atmosfærefysikeren Richard Lindzen. Liverøds påstand er derfor usann:

https://clintel.org/world-climate-declaration/

Liverød sier at "mengda med papir i skrivarane" må reduseres. Dette viser at Liverød er virkelighetsfjern. Energibruken ved UiO bestemmes langt på vei av vintertemperaturen. Bygningene varmes i stor grad opp av fjernvarme generert av søppelforbrenning. Det er imidlertid for lite søppel. Plasten skal jo også eksporteres for å dumpes i havet så Fortum må spe på med diesel under kalde vinterdager som det de neste årene kan bli mange av grunnet lav solaktivitet og La Niña. CO2-utslipp vil derfor ikke kunne reduseres noe særlig. Det kan imidlertid være en trøst at dette uansett ikke ville ha målbar effekt på utetemperaturen. Ved å senke innetemperaturen med noen grader kan en enkelt redusere CO2-utslipp. At studenter og ansatte ikke ønsker dette, tyder på at de ikke tror på klimaalarmismen.

Nicolay Jautesius Stang - 23. okt. 2020 13:21

CO2 og klimaeffekt.

Overskrifter som "Klimamodeller viser at karbondioksid fører til økt temperatur etc.", er og blir basert på ikke verifiserte og feilende modeller.  

Det kan være på sin plass å sitere Nikola Tesla, Serbian-American Inventor and Physicist “Today’s scientists have substituted mathematics for experiments, and they wander off through equation after equation, and eventually build a structure which has no relation to reality.”

Disse modellene feiler på en hel rekke sentrale punkter og noen av disse er:

1. De detekterer ikke at temperaturen på den siden av fjellkjeder som ikke får vind direkte fra havet, ikke øker i samme takt som temperaturene på den andre siden av fjellkjedene. Det er dokumentert her: https://journals.sagepub.com/doi/full/10.1177/0958305X18756670

2. De feiler når det kommer til å bestemme en plantets temperatur. En mye bedre modell er dokumentert av Ned Nikolov og Karl Zeller søk etter: A New Planetary Temperature Model and Its Implications for the Greenhouse Theory eller se her: https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=10&ved=2ahUKEwi4_caRhYvoAhWEfZoKHdMmAkEQFjAJegQIBRAB&url=https%3A%2F%2Fclimateofsophistry.files.wordpress.com%2F2016%2F08%2Fned-nikolov-karl-zeller-new-temperature-model-for-ghe.pdf&usg=AOvVaw2RPoh2w3Qc2mC9lBXFXzLa

3. De feiler når de viser at antall stormer i kategori 4 og 5 øker, mens de i den virkelige verden avtar. Det er dokumentert her: http://climatlas.com/tropical/

4. De har åpenbart feil i inputverdiene for CO2's klimafølsomhet.

Hvis man beveger seg i den virkelig verden så vil en se at eksperimenter i fysikk viser noe helt annet.

Nedenfor finnes en lite knippe eksperimenter som bør leses og forstås, hvis en ønsker å forstå hvorfor CO2 neppe er et problem i atmosfæren.

Det er gjort noen eksperimenter som med all tydelighet viser at hypotesen om drivhusgasser er gal. Her er noen av disse eksperimentene:

Jeg minner om følgende sitat fra Einstein: No amount of experimentation can ever prove me right; a single experiment can prove me wrong.

Thorstein Seim har publisert sitt forsøk på geoforskning.no, og det holder utmerket kvalitet. http://www.geoforskning.no/nyheter/klima-og-co2/1308-et-lite-co2-eksperiment

Han forklarer eksperiementene sine her: https://www.youtube.com/watch?v=TgCEaJNAWDY

Professor i astrofysikk, Jan-Erik Solheim m.fl. har publisert sitt forsøk her: Ref: Fra Fysikkens Verden Nr. 3 – 2016 78. årgang

Fysikeren dr. Thomas Allmendinger har publisert sitt her: https://www.omicsonline.org/open-access/a-novel-investigation-about-the-thermal-behaviour-of-gases-under-theinfluence-of-irradiation-a-further-argument-against-the-greenh-2157-7617-1000393.php?aid=87335

Disse eksperimentene og noen flere, viser at det er noe fundamentalt galt med CO2 hypotesen som drivende for varmen i atmosfæren.

Vennlig hilsen Jan Guttusrud

Jan Borge Guttulsrud - 23. okt. 2020 15:09

Hva skal UiO med en miljøsjef og et klimaregnskap? Har studentene det bra på UiO? Hvis ikke, hva skal til? Et bedre klimasystem!? Et bedre verdensklima?

Er man gått helt fra vett og forstand?

Er det vitenskap man bedriver på UiO? Det virker ikke slik! 

Arthur Ellingsen@webid.uio.no - 24. okt. 2020 20:32

Avgangen var fornuftig. Burde vært oppsagt!

Arthur Ellingsen@webid.uio.no - 24. okt. 2020 20:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere