Flyreiser utgjer 20 prosent av klimagassutsleppa til UiO

Universitetet i Oslo har eit årleg utslepp av klimagassar på rundt 68 000 tonn CO2 -ekvivalentar. Flyreiser utgjer 20 prosent av utsleppa. Det syner klimagassrekneskapen til UiO.

KLIMAGASSREKNESKAP: Miljøsjef Øystein Liverød i Eigedomsavdelinga presenterer Klimagassrekneskapen til UiO for 2018.

Foto: Ola Sæther

Klimagassrekneskapen til Universitetet i Oslo blei presentert i dag tidleg av miljøsjef Øystein Liverød i Eigedomsavdelinga. Den viser altså at UiO kvart år slepp ut 68 000 tonn CO2 - ekvivalentar.

Ein femdel av dette er resultatet av flyreiser og annan transport, som til saman kjem på 21 211 tonn CO2e. Nærast kjem energi, altså både elektrisitet, fjernvarme og fyringsolje med 13 835 tonn CO2e.  Utsleppet av fyringsolje ligg berre på 1,5 prosent av det samla utsleppet av klimagassar frå energibruk ved Univversitetet i Oslo.

Til saman utgjer reiser, transport og energi 45 prosent av det samla avtrykket av klimagassutslepp frå UiO. Det er selskapet Asplan Viak som har utført klimagassrekneskapen på oppdrag frå UiO.

På same nivå som NTNU

Samanlikna med dei andre universiteta ligg UiO om lag på det same nivået. NTNU har eit tal på 96 649 tonn CO2e, men med ein annan målemetode. Om den hadde vore lik, ville UiO har fått eit utslepp på rundt 90 000 CO2e, ifylgje Liverød. 

Noregs miljø- og biotvitskaplege universitetet (NMBU) har brukt ein tilsvarande målemetode som Asplan Viak har nytta seg av i klimagassrekneskapen for UiO.  Då hamnar NMBU på 20 422 tonn CO2e. 

KLIMAGASSREKNESKAP:  Illustrasjonen viser klimagassrekneskapen ved Universitetet i Oslo. (Illustrasjon: UiO)

Meiner UiO kan bruka innkjøpsmakta

Etter at alle utrekningane er gjorde, viser det seg at 49 prosent av klimagassrekneskapen til UiO er sett saman av aktivitetar som UiO kan gjera noko med. 

– Det handlar om kjøp av produkt og tenester, leige av lokale, møteverksemd, vedlikehald og avfall, lista Øystein Liverød opp.

– Det viser at UiO har stor kapasitet til å gjera noko med dette gjennom innkjøpsmakta si, slo han fast. Han opplyste også at bruken av energi i leigde bygningar og energibruken i samband med matlaginga til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO)  ved UiO, har det ikkje vore mogleg å måla.

No skal innhaldet i klimagassrekneskapen ut på høyring på heile UiO. Det blir først ein runde med innspel, før det skal gjennomførast ein analyse og setjast i verk ein tiltaksplan.

– Ynsket vårt er å få til ei forbetring av klimagassrekneskapen, understreka Øystein Liverød.

1735 underskrifter for halvering av flyreiser

Han overrekte podiet til møteleiaren, seniorforskar Bjørn Samset ved CICERO Senter for klimaforsking, som gav ordet vidare til Kjerstin Aukrust, som har vore ein av initiativtakarane til oppropet for å få UiO til å halvera talet på flyreiser. Og når klimagassrekneskapen viser at flyreiser utgjer så mykje som 20 prosent, kunne ho peika på at oppropet har treft spikeren på hovudet. 

1735 UNDERSKRIFTER: Kjerstin Aukrust overrekte UiO-rektor Svein Stølen 1735 underskrifter frå studentar og tilsette som krev at UiO halverer talet på flyreiser. I dag blei det lagt fram ein rapport som viser at flyreiser utgjer ein femdel av klimagassutsleppa til UiO. (Foto: Ola Sæther)

– Her har eg 1735 underskrifter frå studentar og tilsette ved UiO. Det er ei erkjenning av at planeten er i fare og at UiO som institusjon må ta eit ansvar, sa ho.

Men Kjerstin Aukrust vil ikkje at tilsette og studentar på UiO heilt skal slutta å fly.

– Det er betre med flyreiser der du har eit langt opphald enn mange kortvarige turar, understreka ho.  Aukrust avviste at dette gjekk imot målet om mellom anna internasjonalisering.

– Internasjonalisering, samarbeid og reise er ikkje det same som å reisa med fly. Det er ein god idé å ta tog, så sant det er mogleg, slo ho fast, før ho overrekte alle underskriftene til UiO-rektor Svein Stølen. 

– Dette set me pris på. Eg trur at me kan få dette til saman, for UiO er meir enn universitetsleiinga, minna han om. Stølen kom også med ein lovnad:

– Me må gå føre som universitet og laga tiltak som viser at det kjem effektar ut av det, sa Stølen. 

EIGEN KOPP: Nokre av tilhøyrarane hadde fylgd oppfordringa og tatt med eigen kopp for å spara klimaet. (Foto: Ola Sæther)

– Me legg ikkje restriksjonar på forskingsområda våre

I debattten etterpå kom det også inn spørsmål om kva Universitetet i Oslo kunne gjera med si eiga petroleumsforsking. Burde ikkje UiO slutta med den? blei UiO-rektor Svein Stølen spurt om. 

– Me legg ikkje restriksjonar på forskingsområda våre. Viss det kjem eit slikt krav på eit felt, vil det truleg koma på andre felt også. Det handlar om akademisk fridom, sa han.

Direktør for UiO:Energi, Vebjørn Bakken meinte at ein allereie no ser at graden av petroleumsforsking er i ferd med å bli redusert.

– Å leggja den ned, er ikkje nødvendigvis ein god idé. Mykje av dette vil endra seg i framtida. Og det er heller lite oljeforsking ved UiO i dag, konstaterte han. 

Studentpolitikar Christen Andreas Orvin Wroldsen, som er miljøansvarleg i Studentparlamentet, viste til at  studentane var kritiske til petroleumsforsking.

– Det er betre å satsa på karbonfangst og lagring, meinte han. 

– Vil velja andre universitet

Direktør for Senter for utvikling og miljø, Sidsel Roalkvam var viss på at UiO allereie no må ta omsyn til den yngre og radikale generasjonen med miljøaktivistar.

– Dei vil spørja seg om kvifor generasjonen vår ikkje gjorde noko, då me hadde sjansen. Om me ikkje får til å skapa eit berekraftig universitet, vil dei velja andre universitet, spådde ho. 

UiO-rektor Svein Stølen kasta også inn ein brannfakkel mot studentane og den yngre generasjonen.

– Når det gjeld internett, vil de at all nettbruk skal lagrast i skya. Det vil me ikkje bruka energi på. Me må spara energi både på Big Data og på flyreiser, tykte Svein Stølen.

 • Les meir om  Klimagassrekneskapen til Universitetet i Oslo
 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2019 13:26 - Sist endret 21. mai 2019 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere