Uklar framtid for Grønt UiO

Grønt UiO skal etter planen integrerast i Eigedomsavdelinga og i UiO:Energi, men det er enno ikkje endeleg avgjort. – UiO står fast på målet om å bli eit grønt europeisk toppuniversitet, forsikrar rektor Ole Petter Ottersen .

UVISS FRAMTID: Rådgjevar Maryam Faghihimani veit enno ikkje sikkert korleis Grønt UiO skal integrerast i Eigedomsavdelinga og i UiO:Energi.

Foto: Martin Toft

Etter at leiar for UiOs miljø- og berekraftsatsing, Jorulf Brøvig Silde drog til India for å leia arbeidet med å arbeida for eit senter for Initiative of Change, sit rådgjevar Maryam Faghiimani åleine igjen som tilsett i eininga Grønt UiO.

– No skal ein stor del av arbeidsoppgåvene til Grønt UiO integrerast tettare inn i Eigedomsavdelinga og i UiO: Energi. Universitetsleiinga har ikkje gjort noko endeleg vedtak om dette. Eigedomsavdelinga har også ein eigen miljørådgjevar, fortel ho. Sjølv vil ho fungera som vikar for Jorulf Brøvig Silde fram til nyttår. – Eg veit ikkje kva som vil skje med arbeidsoppgåvene til Grønt UiO etter nyttår. Jorulf Brøvig Silde vil vera ute i permisjon fram til sommaren 2014, fortel ho. Førebels er det ikkje tilsett nye folk i desse stillingane.

Grøne ambisjonar

Grønt UiO blei etablert i 2009 for å skapa eit grønare universitet og få prioritert miljøvennlege løysingar gjennom alle innkjøp og prosjekt som UiO deltar i. Då Universitetsstyret vedtok å danna ei eiga eining for Grønt UiO i 2011, skulle den ha ei fulltidsstilling i tillegg til leiar. Dessutan skulle det også engasjerast studentar i mindre stillingsbrøkar til ulike prosjekt . «I enhet for Grønt UiO bør det uavhengig av organisering inngå en fulltidsstilling i tillegg til leder. Ytterligere økning i bemanning må vurderes raskt i lys av hvilke oppgaver mv som legges til seksjonen. I tillegg bør en ansette flere studenter i 20 %-stillinger til ulike prosjekter». (Sitat frå «UiOs ambisjonsnivå på vei mot å bli et grønt universitet», framleggsnotat frå styringsgruppa til Universitetsstyret 21. juni 2011). Sommaren 2012 drog heile prosjektgruppa på ein flyturné til USA for å besøkja og læra av berekraftige og miljøvennlege universitet der. 150 000 kroner blei svidd av i reisebudsjett for dei fire personane som var med. Pengeforbruket og bruken av fly blei omtalt og kritisert av Uniforum på leiarplass.

Grøne spor

Seinare har Grønt UiO fått i oppdrag å arbeida for å nå miljømåla i den strategiske planen til Universitetet i Oslo. Ifylgje rektor Ole Petter Ottersen har det ført til at «Vi kjøper grønnere. Vi bruker fornybare energikilder. Vi kjøper elektrisk kraft med fornybarhetsgaranti og har erstattet nesten all olje med fjernvarme. Vi drifter byggene profesjonelt og stiller miljøkrav når vi bygger.» (Lesarinnlegg i Uniforum 21. mars 2012).

I 2012 hadde Grønt UiO eit budsjett på fire millionar kroner til enkelttiltak. Det blei redusert til 1 million kroner for 2013, går det fram av budsjettdokumenta til Universitetsstyret.

– Store ambisjonar på miljø- og berekraftområdet

Rektor Ole Petter Ottersen meiner UiOs miljø- og berekraftsatsing vil halda fram, sjølv om Jorulf Brøvig Silde er ute i permisjon og rådgjevar Maryam Faghihimani berre held fram til nyttår.

Dette er mellom dei tinga   UiO har oppnådd så langt:

  • Gått over frå oljefyring til fjernvarme100 % fornybare straumkjelder, og LED-utelys
  • Utarbeidd ein klimagassrekneskap for UiO for 2010
  • Utarbeidd 68 rapportar på ENØK-tiltak for bygningar på campus.
  • Det utdanningsvitskaplege fakultetet er kåra til UiOs grønaste fakultet etter å ha blitt miljøsertifisert
  • UiO leier arbeidet med å setja miljø og berekraft på dagsordenen mellom 43 hovudstadsuniversitet i Europa gjennom UNICA Green Academic Footprint.(Kjelde: Grøn brosjyre. Utgjeven av Grønt UiO og Kommunikasjonsavdelinga)

– Jobbplanane deira har ingen samanheng med utviklinga av Grønt UiO. Universitetsleiinga har klart definert at arbeidsoppgåvene til Grønt UiO skal inn i Energiinitiativet og i Eigedomsavdelinga. UiO har svært store ambisjonar på miljø- og berekraftområdet. Eigedomsavdelinga er i ferd med å gjera om uteområda våre til ein grøn campus. Ein del av oppgåvene som er blitt tatt vare på i eininga Grønt UiO, vil me også ta opp på leiarmøta våre.

– Så det at eininga Grønt UiO blir mindre synleg enn før, vil ikkje seia at miljø- og berekraftsatsinga blir nedprioritert?

– UiO vil stå fast på ambisjonsnivået om å bli eit grønt universitet, understrekar Ottersen.

Direktør Anders Elverhøi i UiO:Energi vil ikkje kommentera forslaget om å integrera Grønt UiO i den nye energiforskingssatsinga som formelt startar måndag 23. september.

Rådgjevar Maryam Faghihimani arbeider no med planar om korleis miljø- og berekraftsatsinga kan integrerast i forsking og utdanning. – Studentane kan driva eit grønt kontor på campus i framtida. Det må koordinerast frå Sentraladministrasjonen. etablera eit grønt kontor og få nokon i sentraladministrasjonen til å koordinera dette arbeidet. Forskingsprosjektet mitt viser at dei fleste studentane i Europa føretrekkjer å studera på eit grønt universitet, seier Fahihimani.  – Samtidig bør me halda fram arbeidet med å gjera UiO mest mogleg energieffektivt, legg ho til.

Fossildrivne bilar på veg ut

Nyleg lanserte Eigedomsavdelinga ein eigen miljøstrategi. Der går det mellom anna fram at fossilt drivne personbilar skal fasast ut i løpet av 2016. Fram til 2020 skal klimagassutslepp per

«Universitetet skal møte de globale miljø- og klimautfordringene gjennom forskning og utdanninger med miljørelevans og ved bærekraftig drift. Gjennom økt og samlet innsats på miljøområdet skal UiO etablere seg som et grønt universitet» (Universitetets strategiske plan for perioden 2010-2020.)

kvadratmeter for stasjonær energibruk på UiO og transport i regi av Eigedomsavdelinga

reduserast med 20 prosent samanlikna med 2012. I den same perioden skal UiOs energiforbruk per kvadratmeter reduserast med 15 prosent i høve til 2012. Kjeldesortertingsgraden skal aukast til minst 70 prosent.

 

  •  

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Globalisering Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2013 22:15 - Sist endra 20. sep. 2013 22:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere