Grøn møtestad skal gjera UiO grønare

– UiO gjer innkjøp for to milliardar kroner i året. Det er klart at det er viktig at innkjøpa skjer på ein berekraftig og miljøvennleg måte, sa prosjektleiar for Grønt UiO, Jorulf Brøvig Silde , då han i går lanserte ein fast, grøn møtestad på universitetet.

GODE MILJØIDEAR: – Og me vil gjerne ha inn forslag og idear til tiltak som ikkje berre hjelper Universitetet i Oslo til å bli miljøvennleg, men som også kan løysa byen Oslo sine miljøutfordringar, understrekar prosjektleiar Jorulf Brøvig Silde i Grønt UiO.

Foto: Ola Sæther

Etter planen skal den grøne møtestaden vera ein stad for både studentar, forskarar og andre tilsette ved UiO, der dei skal koma saman for å gjera Universitetet i Oslo til eit grønare universitet. Det går fram av initiativet til prosjektleiar Jorulf Brøvig Silde i Grønt UiO.

– Mange har etterlyst dette og no er det på tide å setja det i gang. Dei som deltar på den grøne møtestaden, får eit fint høve til å påverka og koma med eigne idear til arbeidet som Grønt UiO gjer, seier Brøvig Silde. Under lanseringsmøtet viste han til at 15 prosent av alle forskingsprosjekta ved UiO er knytte til miljø og berekraftig utvikling. Også 30 prosent av forskingspengane UiO får frå EU, er relaterte til slike prosjekt. 9 prosent av studia kan også seiast å handla om miljø og klima. Brøvig Silde synest Innovasjonsåret 2013 kan brukast til å driva med idémyldring om miljøvennlege tiltak på UiO.

– Og me vil gjerne ha inn forslag og idear til tiltak som ikkje berre hjelper Universitetet i Oslo til å bli miljøvennleg, men som også kan løysa byen Oslo sine miljøutfordringar, understrekar han. Brøvig Silde viser til at UiO og Oslo kommune saman vil dela ut i underkant av 50 000 kroner til den ideen som kan gjera Oslo meir miljøvennleg.

Alle som har gode idear til miljøretta tiltak, kan ta kontakt med Jorulf Brøvig Silde på epost: j.b.silde@admin.uio.no eller med Maryam Faghih Imani på epost: maryam.faghihimani@admin.uio.no

 

Emneord: Miljøforskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2013 14:59 - Sist endra 4. feb. 2013 10:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere