Druknar i papir

Kvar gong stipendiat David Hill går i posthylla finn han tidsskrifter eller offisiell informasjon frå UiO. – Tidsskriftet Uniped og IT-avisa går rett i papirkorga hos meg, fortel han. Prosjektleiar for Grønt UiO Jorulf Brøvig Silde kartlegg no papirbruken og all miljørelatert forsking på universitetet.  

I KORGA: – Informasjonsskriv frå UiO og tidsskrift går rett i papirkorga hos oss, fortel stipendiat David Hill ved Kulturhistorisk museum.

Foto: Martin Toft

I eit hjørne i Kulturhistorisk museum i Frederiks gate 3 sit stipendiat i arkeologi David Hill og irriterer seg grenselaust over papirmengda han får frå arbeidsgjevaren sin Universitetet i Oslo.

– Eg synest UiO er seint ute når det gjeld overgangen til det digitale samfunnet. Sjølv er eg overtydd om at det var langt lettare å få eige stoff på nett før enn det er i dag, seier han. Mest frustrert er han over tidsskrift som er heilt utanfor hans fagområde.

– Har ikkje bede om det

– Eit døme på det er Uniped, som går til alle tilsette, men eg driv ikkje med undervisning eller pedagogikk, så det er bortkasta papir å senda det til meg og kollegaene mine. Det er meir eit fagtidsskrift for pedagogar enn eit tidsskrift for alle dei UiO-tilsette. Difor synest eg det er rart at det blir sendt til oss utan at me har bede om det, meiner han.

Og i samband med debatten rundt Strategisk plan 2020 tykkjer han det er rart at det blir sendt rundt eit papireksemplar til alle som får lønn frå UiO. Dei som er interesserte i å lesa heile planen, kan heller gå inn på nettet og lesa den på PDF, meiner han.

– Send oss 30 eksemplar, ikkje 150!

For ei stund sidan laga Hill eit nettskjema som han sende rundt til kollegaene sine slik at dei kunne skriva ned alt dei mottar av papir og kva dei ikkje lenger ynskjer å få.

– Mange ynskte ikkje lenger å få meir papir. Den endelege konklusjonen blei at det kunne sendast 30 eksemplar til oss i staden for 150 som i dag, fortel arkeologistipendiaten.

Hill trur likevel løysinga på papirbruken ligg på nettet.

– Om UiO opprettar eit intranett, kan all den viktige interninformasjonen koma opp automatisk etter at du har logga deg inn. På den måten vil alle få vita om det dei skal vita, samtidig som me får ned papirforbruket, trur han.

– Vil dette seia at du synest at Uniforum og Apollon også berre burde koma ut i nettutgåve?

– Av dei tinga som kjem ut i papirform, så er både Uniforum, Apollon og Universitas dei tidsskrifta folk er mest glade i og gjerne også vil ha i papirform, konstaterer han.

Hill er også viss på at intranett ville gitt folk godt høve til å seia frå kva dei meinte.

– Me kunne kopla UiO til Facebook, og då kunne alle skrive dei kommentarane dei ville om UiO, og fått svar fortløpande frå til dømes universitetsleiinga, foreslår han. For Hill ville det også vera naturleg å bruka andre tekniske hjelpemiddel for å få formidla kunnskapen på UiO vidare til folk innanfor og utanfor universitetet.

– Det store papirforbruket ved UiO viser berre at universitetet tviheld på fortida, slår han fast, før han tar papirinnsamlingsøskja på fanget og viser kor mykje papir han har kasta i den i løpet av dei siste dagane.

– Hos oss går mykje av denne papirinformasjonen rett frå posthylla til bosskorga ved sida av.

– Tar utskrifter frå nettet

Jorulf Brøvig Silde er prosjektleiar for Grønt UiO. Også han ser at papirbruken ved UiO er stor.

– Det viser innspela eg har fått frå nokre av dei tilsette ved UiO. Når det gjeld Uniforum så handlar det om at dei tilsette kan gå i stativa og henta Uniforum og så kjem det likevel eit eksemplar i posthylla deira dagen etter, trur Brøvig Silde.

Han er likevel viss på at dette avspeglar ein diskusjon som er godt i gang på universitetet.

– Tilsette ved UiO nyttar både elektroniske og papirbaserte kommunikasjonskanalar. Miljø-konsekvensane ved vala er eit av kriteria det er naturleg å ta med i vala, og då er det dei reelle effektane som er vesentlege. Til dømes ser ein jo at overgangen til at mange dokument berre er ei elektronisk lenkje unna, slett ikkje fører til mindre bruk av papir. Det er jo så enkelt å berre ta ei ny utskrift, konstaterer han.

– Kartlegg miljørelatert forsking

Brøvig Silde er også oppteken av å fortelja om andre delar av miljøarbeidet ved UiO.

– No er me i ferd med å kartleggja all miljørelatert forsking ved UiO. Det vil gjelda all forsking og alle forskarar som har ei tilknyting til dette universitetet. Til no har me funne gode døme på miljøforsking ved mest alle fakulteta, frå jus til teologi, frå filosofi til naturvitskap og etikk, reknar han opp.

–  I desse dagar blir det sett saman ei referansegruppe med forskarar frå ei rad fagområde som skal definera kva ein kan rekna som miljørelatert og korleis denne forskinga kan synleggjerast betre og på den måten gi større samla effekt, seier Brøvig Silde.

– Kan bruka marknadsmakta

Samtidig ser også Grønt UiO på universitetet som den svære institusjonen det er.

– Det er viktig for oss å laga ein eigen klimarekneskap for UiO. Til dømes gjer me innkjøp for halvannan milliard kroner i året, medan heile staten handlar for 100 milliardar. Det vil seia at UiO utfører halvannan prosent av alle dei statlege innkjøpa. Det gir oss marknadsmakt, og den kan me bruka til å stilla gode miljøkrav til leverandørane våre.

– På energiområdet ligg me langt framme på grunn av bruken av fjernvarme. Men når det gjeld energibruken i bygningane våre, er det mange av dei gamle bygningane som ikkje utnyttar energien godt nok.

– Og kva skjer med bruken av elbilane?

– Det me no vil prøva å få til, er ei ordning som gjer det like enkelt for dei UiO-tilsette å bruka elbil i tenesta som å bruka andre transportformer. Ved dei einingane som vel å gå inn i elbilordninga, vil dei tilsette som brukar elbil ha registrert seg som kunde hos selskapet Moveabout ved å nytta ein talkode som koplar dei til eininga si, som så blir fakturert direkte for bruken. Akkurat no blir det starta ei pilotordning ved ulike fagavdelingar, fortel han.

Og stipendiat David Hill får no oppfylt ynsket sitt om mindre unødvendig papirbruk ved UiO. IT-direktør Lars Oftedal opplyser at USIT har bestemt at IT-avisa berre vil koma ut med ei papirutgåve til. Deretter blir det ei rein nettavis.
Bilettekst:
 

 

 

Emneord: Miljøforskning, Helse-miljø-sikkerhet Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2010 11:38 - Sist endret 7. mai 2010 12:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere