Svein Stølen er kritisk til klimakonkurranse mellom universiteta og høgskulane

UiO-rektor Svein Stølen er framleis skeptisk til å delta i klimakonkurransen som statsråd Iselin Nybø har sett i gang.  – Det er ingen tvil om at det vil vera vanskeleg å seia nei, er svaret han gir til Uniforum.

KRITISK: UiO-rektor Svein Stølen uttaler seg kritisk til klimakonkurranse mellom universiteta og høgskulane. Konkurransen blei lansert av forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø denne veka.

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne veka avfyrte forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø startskotet for klimakonkurransen mellom universiteta og høgskulane. UiO-rektor Svein Stølen har tidlegare gått hardt ut mot ein slik konkurranse, men trur det kan vera vanskeleg å stå på sidelinja.

– Me har ikkje tatt noko endeleg avgjerd, men det er ingen tvil om at det vil vera vanskeleg å seia nei, svarar han i ein epost til Uniforum. Han tykkjer at dette kjem som eit nytt pålegg frå staten.

– Problemet er at dette vert opplevd som nok ei ressurskrevjande politisk og byråkratiserande øving som kjem samtidig som staten pålegg oss å effektivisera og kutta i administrasjonen. Det er ikkje spesielt samstemt. Eg er meir opptatt av å bruka ressursane på det me allereie gjer – og skal gjera – på klima og berekraft innan både kjerneverksemd og drift, fortel han.

• Les i Uniforum: Rektorar seier nei til å måla universiteta på berekraft

– Uroa for to nye kategoriar

Det er først og fremst to av dei områda der det skal rapporterast om berekraft, som får UiO-rektoren til å bli uroleg.

– Eg er ikkje minst uroa for dei to nye kategoriane, der me skal rapportera på berekraft innan utdanning og forsking. For det første har eg inntrykk av at departementet tenkjer på berekraft først og fremst som klima, miljø og det globale sør. Men me har 17 berekraftmål som handlar om alt frå likestilling til tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Dei heng saman, understrekar han. Og kritikken hans stansar ikkje der:

– Departementet kan ikkje berre velja seg litt berekraft, viss det er berekraft dei vil måla. Det vil seia at me vil måtta setja i gang eit enormt arbeid for å kategorisera all vår utdanning og forsking i samsvar med dei 17 måla. Generelt held me oss til berekraftagendaen overordna, ikkje til dei 17 politiske måla. Eg er svært usikker på om dette er ei formålstenleg  tilnærming for å styrkja berekraftarbeidet i UH-sektoren, synest han.

– Usikker på om det er mogleg

 Etter hans meining er det ikkje enkelt å måla berekraft på det området.

– Ikkje berre det, men korleis skal me kunna måla berekraft i utdanning og forsking på ein forsvarleg måte? Skal indikatorane vera basert på kvantitet? Kvalitet? Og korleis operasjonaliserer me det på ein god måte? Eg er usikker på om det i det heile tatt er mogleg, er vurderinga han gir av klimakonkurransen statsråd Iselin Nybø har sett i gang.

– Det viktigaste for meg er at Universitetet i Oslo har konkrete og langsiktige planar for korleis me tar vårt eige berekraftarbeid vidare. Regjeringa og me er opptatt av klima og miljø. Me har blant anna ein tiltaksplan for klimagassreduksjon som me skal fylgja opp. Den skal inn i ein ny og heilskapleg klima- og miljøstrategi som blir utvikla i løpet av 2020. Denne strategien er ein del – men kun éin del – av berekraftagendaen vår, poengterer Svein Stølen.

Iselin Nybø vil ha fart på omstilling og klimakutt i sektoren

Det var på kontaktkonferansen mellom Kunnskapsdepartementet og leiarane i universitets- og høgskulesektoren denne veka statsråd Iselin Nybø kunngjorde at ho ville setja i gang ein klimakonkurranse mellom utdanningsinstitusjonane. Den 27. november i fjor gjorde ho første gang kjent at ho planla ein slik konkurranse og gav Direktoratet for internasjonalisering og kvalitet i høgare utdanning (Diku) i oppdrag å laga eit poengkort og å utforma kriteria for eit slikt klimakappløp. 

Grunngjevinga ho gir er at Kunnskapsdepartementet set dette i gang for å få fart på omstilling og klimakutt gjennom å måla klimaavtrykket til heile sektoren.

– Både studentane og dei tilsette vil at akademia skal ta ei meir aktiv rolle i å oppfylla Noregs klimaforpliktingar. Universiteta og høgskulane har eit stort ansvar, både for å kutta i eigne utslepp, men også for utstyra studentane med kunnskapen dei treng for å gjennomføra det grøne skiftet. Ikkje minst skal dei bidra til dette gjennom forsking, seier Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

– Må visa dei at me lever som me lærer

Sjølv om konkurransen er frivillig å vera med på, håpar Nybø at alle universiteta og høgskulane vil delta. I første omgang kan dei rapportera inn avfall, innkjøp og andre ting dei skaffar seg, arealutnytting, energiforbruk, energiproduksjon, flyreiser innanlands og utanlands, berekraft i utdanningane og forsking på det grøne skiftet, går det fram av pressemeldinga.

- Dette er tiåret då klimastreikarane blir vaksne og inntar høgare utdanning. Me må visa dei at me lever som me lærer. For at omlegginga til grønare drift skal munna ut i meir enn gode intensjonar og enkelttiltak, må me gå systematisk til verks. Skal me bli betre, treng me å vita korleis me ligg an, seier Nybø. 

Vil samarbeida med sektoren

Kunnskapsdepartementet har også ei oppskrift på korleis konkurransen skal gjennomførast.

Det skal gjerast ved å laga vurderingskort og "poengtavler" som viser universiteta og høgskulane sine klimaprestasjonar og kven som får grønt, gult eller raudt lys innanfor dei ulike områda. Resultata vil bli ein del av den årlege Tilstandsrapporten for høgare utdanning, melder Kunnskapsdepartementet.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitet i høgare utdanning (Diku) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet jobba med å utforma kriteria og samle innspel frå sektoren. Dei har også samla inn tal frå 29 universitet og høgskular for å utvikla og prøva ut systemet og gi nokre døme.

Den første målinga viser til dels store skilnader mellom institusjonane, men også utfordringar med å finna nokre felles kriterium for rapportering. Medan nokon til dømes tel tal på flyreiser, rapporterer andre tal på personkilometer.

– Saman med sektoren skal me bli einige om korleis me tel og deler effektive og gode metodar for å gjera dette praktisk. Eg meiner akademia må gå føre, og håpar at denne klimadugnaden kan inspirera flerie sektorar i samfunnet til å ta grep, seier Iselin Nybø.

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2020 13:28 - Sist endra 16. jan. 2020 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere