SV vil gi meir til studiestøtte og til grøn forsking og utdanning

Studiestøtta skal aukast med 349,3 millionar kroner og 584 millionar ekstra må brukast til Forskingsrådet og til grøn forsking og utdanning. Det føreslår SV i sitt alternative budsjett.

Ei kvinne står i Vandrehallen i Stortinget

FÅR 400 MILLIONAR: SV vil gi 400 millionar til Forskingsrådet øyremerkt grøn forsking. Her er administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit i Stortinget i førre månad. 

Foto: Martin Toft

Det var klokka 11 i formiddag SV presenterte sitt alternative statsbudsjett for 2022. Sidan partiet er den raudgrøne regjeringa sitt viktigaste støtteparti i Stortinget, er det håp om at nokre av forslaga også kan koma inn i det endelege budsjettforslaget frå regjeringa. Det skal behandlast i Stortinget i neste månad.

Mesterparten av auken på Kunnskapsdepartementets budsjett vil partiet løyva til Forskingsrådet som det føreslår får nye 400 millionar kroner øyremerkt til grøn forsking. Partiet vil også at 84 millionar kroner ekstra skal gå til 1000 studieplassar som kan vera eit bidrag til det grøne skiftet. Den siste potten på 100 millionar kroner føreslår SV skal gå direkte til universiteta og høgskulane. Også desse pengane skal gå til prosjekt innanfor det grøne skiftet. Det viktigaste støttepartiet til regjeringa i Stortinget, finn også rom for 39 millionar kroner ekstra til 1000 nye plassar på  fagskulane som skal vera retta mot det grøne skiftet.

Innanfor forsking vil SV også løyva  40 millionar kroner til å starta utviklinga av statleg produksjon av vaksinar og legemiddel.

Vil auka studiestøtta og investeringane i nye studentbustader

SV vil også auka studiestøtta med 349,3 millionar kroner neste år, noko som skal vera byrjinga på ei opptrapping av studielånet.

Også bygging av studentbustader ynskjer SV å satsa endå meir på. Her vil det løyva 166,2 millionar ekstra slik at det totalt kan byggjast 4000 nye studentbustader. Samtidig føreslår det å auka løyvinga til psykisk helse for studentar med 20 millionar kroner.

Kutt i studiar innanfor fossil energi

Partiet vil henta inndekninga til dette mellom anna gjennom å kutta løyvingane til studium i fossil energi med 84 millionar kroner. SV vil også skjera ned på løyvingane til internasjonale prøver som PISA, TIMSS med fleire med 27,1 millionar kroner i 2022. Ein stor del av desse prøvane blir administrerte frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo med pengar frå Kunnskapsdepartementet. 

Mindre til private høgskular

Også private høgskular går dårlegare økonomiske tider i møte om SV får gjennomslag hos regjeringa for sitt alternative statsbudsjett. Partiet føreslår å kutta overføring av 59,1 millionar som har gått til vekst i private høgskuleplassar og gi desse pengane til satsing på grøn høgare utdanning og forsking på offentlege høgskular og universitet.

Tidlegare i dag gjorde forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe det heilt klart at Forskingsrådet ikkje kan venta seg nye friske pengar til Fellesløftet.  Derimot må Forskingsrådet finna pengar til forskarane som ikkje har fått Forskingsrådet sin halvpart av desse pengane innanfor sitt eige budsjett.  – Den korte beskjeden er att denne tildelinga kjem me til å få på plass. Det vil seia at ein vil kunna gå vidare med Fellesløftet slik som det er lyst ut, seier Ola Borten Moe til Aftenposten

Forskingsrådet har tidlegare opplyst at det manglar 2 milliardar kroner til forsking det allereie har lova pengar til. I Aftenposten har Forskingsrådet tidlegare varsla at det difor  må kutta i framtidige tildelingar til forsking.

 

• Les meir om forslaget til statsbudsjett i Uniforum: 

SV krev meir til forsking og utdanning

Svein Stølen er skuffa over regjeringa sine manglande løyvingar til Fellesløftet

 • Les meir om budsjettforslaget frå Solberg-regjeringa: 

Regjeringen vll gi mer penger til Livsvitenskapssentret og Vikingtidsmuseet

UiO-rektor gler seg over 1,3 milliardar til Livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseet

Studentene ber Jonas rydde opp

 

 

Emneord: Økonomi, Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2021 13:02 - Sist endra 15. nov. 2021 13:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere