SV krev meir til forsking og utdanning

584 millionar ekstra til grøn forsking og høgare utdanning.  Det krev SV at regjeringa legg på bordet.  

KREV MEIR: SV krev meir pengar til forsking og høgare utdanning frå den raudgrøne regjeringa, fortel stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård til Aftenposten. 

Måndag legg SV fram sitt alternative statsbudsjett for 2022. Ifylgje Aftenposten vil partiet då krevja mange hundre millionar kroner meir til forsking og høgare utdanning. Mesterparten av auken vil partiet løyva til Forskingsrådet som bør får nye 400 millionar kroner øyremerkt til grøn forsking.  Partiet vil også at 84 millionar kroner ekstra skal gå til 1000 studieplassar som kan vera eit bidrag til det grøne skiftet.Den siste potten på 100 millionar kroner vil SV skal gå direkte til universiteta og høgskulane. Også desse pengane skal gå til prosjekt innanfor det grøne skiftet.

SVs representant i Stortingets utdannnings- og forskingskomité, Freddy André Øvstegård er skuffa over regjeringas forslag til budsjett for forsking og høgare utdanning. 

– Det er frykteleg trist at Støre ikkje berre vidarefører kutta den førre regjeringa la opp til, men attpåtil tar ytterlegare 30 millionar frå høgare utdanning. Han løyser heller ikkje situasjonen i Forskingsrådet. Det var eit stor vonbrot, seier Øvstegård til Aftenposten. 

Til avisa uttrykkjer både styreleiar for Universitets- og høgskulerådet, Sunniva Whittaker og Forskingsrådets direktør Mari Sundli Tveit glede over at SV ynskjer å auka tildelinga til forsking og høgare utdanning. 

Tidlegare har både UiO-rektor Svein Stølen og Forskingsrådsdirektør Mari Sundli Tveit uttalt til Uniforum at dei er skuffa over at verken Solberg-regjeringa eller den raudgrøne regjeringa har gitt meir pengar til Fellesløftet, som er ei felles satsing på forsking mellom Forskingsrådet og universiteta. Også endringar Solberg-regjeringa gjorde, som fører til auka pensjonsutgifter for universiteta og høgskulane håpar UiO-rektor Svein Stølen at den raudgrøne regjeringa ryddar opp i. Då tilleggsforslaget blei lagt fram på måndag, uttrykte han eit lite håp om at det ville skje, sidan det var signal om at den nye regjeringa ville gå gjennom den endringa på nytt. 

Førstkomande måndag vil leiinga i universitets- og høgskulesektoren og forskings-Noreg låna øyre til SV. For då skal partiet altså presentera sitt alternative statsbudsjett for 2022.

 

• Les meir om Støre-regjeringas tilleggsproposisjon til statsbudsjettet: 

Svein Stølen er skuffa over regjeringa sine manglande løyvingar til Fellesløftet

 • Les meir om budsjettforslaget frå Solberg-regjeringa: 

Regjeringen vll gi mer penger til Livsvitenskapssentret og Vikingtidsmuseet

UiO-rektor gler seg over 1,3 milliardar til Livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseet

Studentene ber Jonas rydde opp

 

 

 

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk, statsbudsjettet Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2021 11:54 - Sist endra 12. nov. 2021 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere