Svein Stølen er skuffa over regjeringa sine manglande løyvingar til Fellesløftet

Den raudgrøne regjeringa vil vurdera endringane i pensjonsmodellen for universiteta og høgskulane på nytt. – Det er postivt,  seier UiO-rektor Svein Stølen.

INGEN GÅVEPAKKER: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum kom med ingen gåvepakker til Universitetet i Oslo, då han la fram den raudgrøne regjeringa sin tilleggsproposisjon til budsjettforlslaget for 2022.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 12.00 i formiddag avslørte finansminister Trygve Slagsvold Vedum innhaldet i tilleggsproposisjonen til den raudgrøne regjeringa. Det er endringane den nye regjeringa har lagt fram i den avgåtte Solberg-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022.

For Universitetet i Oslo ser det ikkje ut til å vera store endringar, ifylgje rektor Svein Stølen. 

– Det som er positivt er at regjeringa vil vurdera endringane i pensjonsmodellen for universiteta og høgskulane på nytt, slik at dei ikkje får ein utilsikta effekt, seier Svein Stølen til Uniforum. 

– Dessuten ligg det ein Kjeller-moglegheit i ei avsetning til regionale studieplassar, legg han til.

Kunne få ekstrautgifter på  615 millionar til pensjon

Utrekningar som Universitets- og høgskulerådet har gjort, viser at universiteta og høgskulane vil få ekstrautgifter på 615 millionar kroner med den endringa Solberg-regjeringa la inn i sitt budsjettforslag for 2022. Det fekk styreleiar Sunniva Whittaker i Universitets- og høgskulerådet til å bruka  sterk lut i omtalen av endringa. 

– Det har ikkje vore omtalt på normal måte i budsjettframlegget, og me står dermed med det som totalt er eit milliardkutt kamuflert som eit kutt på over 300 millionar. Dette er dramatisk, sa Whittaker i ei pressemelding frå UHR, gjengitt i Uniforum. Der går det også fram at 615 millionar tilsvarar heile budsjettet til Noregs handelshøgskule  eller rundt 1500 studieplassar i sjukepleie,

– Odontologi er vår første prioritet

Derimot er Svein Stølen skuffa over at den nye regjeringa ikkje har løyvd pengar til Fellesløftet mellom universiteta og Forskingsrådet til auka forskingssatsing, gir han uttrykk for overfor Uniforum. 

Når det gjeld løyvingane til UiOs største byggjeprosjekt, Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen, har ikkje rektor Svein Stølen registrert nokre endringar i høve til det opphavlege budsjettframlegget til Solberg-regjeringa. Også løyvinga til det nest største byggjeprosjektet, Vikingtidsmuseet, står fast. 

– Dei er på plass, konstaterer han.  Men eit prosjekt som heller ikkje den raudgrøne regjeringa har funne plass til, er det planlagde Veksthuset på Tøyen. 

– Det hadde me heller ikkje rekna med, seier Svein Stølen. 

– Men me  hadde håpa bygget blei plassert tilbake i «køen» over bygg som skal utviklast. Her er for øvrig Odontologibygget vår første prioritet, legg han til. 

• Les ogsåRegjeringen droppet Veksthuset  – Nå må vi tenke oss om

Satsar på desentralisert utdanning 

I ei pressemelding om Tilleggsproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet går det fram Støre-regjeringa legg fram 98,8 millionar ekstra i potten til å leggja til rette for fleksible og desentraliserte utdanningar i 2022. Det gir til saman 250 millionar kroner til det tiltaket i 2022.

– Det norske folket bur spreidd over heile landet. Skal me utløyse det enorme potensialet som ligg i alle desse menneska og møte behova dei har for å lære gjennom heile livet, må me tilby gode utdanningar der folk bur. Vi skal lansere ei reform for desentraliserte utdanningar, og derfor legg me nær 100 millionar kroner ekstra i potten til dette neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). 

I den førre regjeringa sitt forslag til statsbudsjett var det 149,5 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod ved universitet og høgskular i 2022. Denne regjeringa foreslår å auke satsinga betydeleg, og legg til 98,8 millionar på toppen av dette. Dette inkluderer eit utdanningstilbod på Nesna.

Regjeringa satsar på utdanning på Nesna og vil vurdere ulike alternativ. Målet er at det også på Nesna skal vere eit attraktivt utdanningstilbod av høg kvalitet.

– Neste år vil me bruke 250 millionar kroner på fleksible og desentraliserte utdanningstilbod over heile Noreg, også på Nesna. Korleis vi best kan fordele pengane, og den konkrete løysinga på Nesna, må vi komme tilbake til. Eventuelle søknadsbaserte ordningar må vi også sjå i lys av arbeidet med reforma for desentralisert utdanning. Målet er at pengane skal komme raskt til nytte, seier Borten Moe.

Opprettar nye studieplassar i medisin i Tromsø

Av andre ting i det raudgrøne budsjettet som har å gjera med universitets- og høgskulesektoren, er oppretting av 15 nye studieplassar på medisinstudiet ved Universitetet i Tromsø frå neste budsjettår.  Målet er å rekruttere og behalde fleire legar i landsdelen, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Me er opptekne av å styrke tenestene nær folk, og det er legemangel i Nord-Noreg. Derfor tildeler vi pengar til 15 ekstra studieplassar i medisin ved UiT for å gi betre legedekning i både primær- og spesialisthelsetenesta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Regjeringa foreslår i tilleggsproposisjonen til budsjettet for 2022 pengar til 15 nye studieplassar i medisin, og med varig opptak av nye kull slik at UiT kan ta opp fleire studentar kvart år. Ferdig opptrappa betyr det at UiT vil ha 90 fleire legestudentar på utdanninga. Totalt vil det utgjere om lag 40 millionar kroner i auka løyvingar til UiT.

I dag studerer halvparten av legane Noreg har behov for, i utlandet. Dette er ikkje i tråd med våre forpliktingar til WTO og gjer oss sårbare til dømes ved auka behov for helsepersonell i andre land.

– Me kjem til å ha eit spesielt fokus på våre nordlege landsdelar, og denne satsinga er eit tydeleg døme på korleis vi vil sikre gode utdanningstilbod og eit auka nasjonalt fotavtrykk også her, seier Borten Moe.

Studentane er vonbrotne over Ap og Sp

– Eg er verkeleg skuffa! Dette budsjettet manglar heilt satsing på studentar. Studentane hadde forventa at den nye regjeringa ville satsa på studentane, men no kjem fasiten. Me er gløymde. Regjeringa ville satsa  på vanlege folk. Er ikkje det norske studentar? spør leiar av Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund i ei pressemelding

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har lova auka kjøpekraft til studentane, og gjennom sine åtte år i opposisjon har dei gjentatte gonger fremja forslag for å betra studiekvardagen og sikra like moglegheiter til høgare utdanning. 

– Studentane hadde forventa at den nye regjeringa leverte på vallløftene dei gav oss studentar. No står studentane igjen som taparar. No forventar me at SV og resten av opposisjonen gjer det motsette av regjeringa, og prioriterer studentane, seier Todnem Lund.

 • Les meir i Uniforum: 

 Regjeringen droppet Veksthuset  – Nå må vi tenke oss om

Marianne Borgen håpar de rødgrønne berger Veksthuset

Museumsdirektør: – Det blir ikke veksthus hvis ikke UiO stiller seg tungt bak det

 • Les meir om budsjettforslaget frå Solberg-regjeringa: 

Regjeringen vll gi mer penger til Livsvitenskapssentret og Vikingtidsmuseet

UiO-rektor gler seg over 1,3 milliardar til Livsvitskapsbygg og Vikingtidsmuseet

Studentene ber Jonas rydde opp

Emneord: Universitetspolitikk, Regjeringen, Veksthus på Tøyen Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2021 15:37 - Sist endra 11. nov. 2021 09:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere