Regjeringa tar omkamp om eigarskapen til Livsvitskapsbygget

Regjeringa føreslår på nytt at staten skal eiga og Statsbygg drifta Livsvitskapsbygget. Det melder Khrono i dag. – Det er sjølvsagt eit lite skår i gleda, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Bygningsarbeid på livsvitskapstomta i Gaustadbekkdalen

STATEN ELLER UiO: Regjeringa føreslår på nytt at staten skal eiga Livsvitskapsbygget medan Statsbygg skal drifta det. Det vekkjer reaksjonar. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i mai i fjor at regjeringa i ei pressemelding gjorde det klart at det ville leggja bort forslaget om å overføra forvaltningsansvaret for statens eigedomar ved NMBU, UiB, UiT og NTNU til Statsbygg.  Det skjedde etter at representantar for dei tradisjonelle universiteta den 5. mars i fjor hadde eit møte om saka i Stortinget med utdannings- og forskingskomiteen.  Då viste det seg at ein samla opposisjon ville gå imot forslaget. No ser ikkje dette ut til å gjelda lenger for Livsvitskapsbygget på Universitetet i Oslo.

Vil at staten skal eiga Livsvitskapsbygget

For i dag melder Khrono altså at i ein ekstraproposisjon om endringar i statsbudsjettet på grunn av koronaepidemien, føreslår regjeringa no at det er staten og ikkje Universitetet i Oslo som skal eiga det nye Livsvitskapsbygget, medan Statsbygg skal stå for drifta. Under kapittelet om Kunnskapsdepartementet i Stortingsproposisjon 79 står det nemleg fylgjande:

“Det ferdige livsvitenskapsbygget vil inngå i statens husleieordning. Helse Sør-Øst vil måtte dekke sin del av prosjektet gjennom en kostnadsdekkende husleie. Det legges til grunn at Universitetet i Oslo vil få full husleiekompensasjon inntil dagens kostnadsramme, justert for pris- og valutakursendringer, og med et tillegg som følge av midlertidig stans i prosjektet og covid-19.”

– Dette er udemokratisk

 Framlegget vekkjer sterke reaksjonar hos nestleiar i NTL, Ellen Dalen:

 – Regjeringa tar her ein omkamp på noko dei  i alle fall  ikkje i vår hadde støtte for på Stortinget. Og det var på tvers av universiteta sine ynske. Me reagerer også kraftig på måten det skjer på. Dette er udemokratisk, seier Ellen Dalen til Khrono.

Fristen for å koma med høyringsfråsegner til Stortingsproposisjon 79 er i morgon tysdag 2. februar.

Så langt har ingen frå regjeringa kommentert saka. 

– Var ikkje ynskeleg

UiO-rektor Svein Stølen har merka seg standpunktet til regjeringa om at det går inn for at staten skal vera eigar og Statsbygg driftar av Livsvitskapsbygget.
– Det har me fått beskjed om og sjølv om dette ikkje var ynskeleg, er det viktigaste no at me kan gleda oss over at me har fått til ei løysing for Livsvitskapsbygget saman med Oslo universitetssykehus. Det inneber at me får eit langt større bygg for livsvitskap utan at det blir ekstra kostnader for UiO, seier Svein Stølen i ein telefonsamtale med Uniforum.

– Eit skår i gleda

– Så UiO kjem ikkje til å protestera mot at staten sjølv vil eiga Livsvitskapsbygget medan Statsbygg skal stå for drifta før høyringsfristen går ut i morgon?

– Det er sjølvsagt eit lite skår i gleda, men det som er det viktigaste er at me har fått i hamn ei løysing som gjer at me får realisert Livsvitskapsbygget. Sjølvsagt ville Eigedomsavdelinga ha gjort ein glimrande jobb med å drifta bygningen, på lik linje med dei andre bygningane dei driftar i dag, men no blir det altså Statsbygg som skal drifta Livsvitskapsbygget, medan staten skal eiga det, seier Svein Stølen. 
– Det er ein krevjande infrastruktur som vil utfordra Statsbygg som driftar, legg han til.
 
(Oppdatert klokka 18:52 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)
Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2021 15:30 - Sist endra 1. feb. 2021 18:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere