Nikolai Astrup forsvarte pålegget om å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg

Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A ) forsøkte tre gonger å få forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim  til å svara på pålegget om å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg. Svaret kom i Stortingets spørjetime i dag,  men frå kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Ein mann står på talarstolen og viser fram ein powerpointpresentasjon

FORSVARTE PÅLEGG: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup forsvarte i Stortingets spørjetime pålegget til statleg, sivl sektor om alltid å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var førre måndag Uniforum først skreiv om at Universitetet i Oslo og eigedomsdirektør John Skogen hadde fått eit pålegg om alltid å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg i marknaden. Brevet kom frå Kommunal- og moderiniseringsdepartementet og pålegget omfatta heile statleg sivil sektor med unntak av NAV og politiet. Pålegget skulle bli innført frå 1. mars. Eigedomsdirektør John Skogen på UiO var ikkje nådig i sin kommentar:

– Dette er ei snikinnføring av Statsbygg-regimet som skal enda opp med at Statsbygg også overtar bygningane til dei universiteta som i dag eig og driftar sine eigne bygningar, sa han til Uniforum. Statssekretær Harald Furre forsvarte avgjerda i ein seinare artikkel i Uniforum.

– Statsbygg har erfaring og kunnskap om korleis dette best blir gjort, og kjenner leigemarknaden godt. Ei ordning med bruk av Statsbygg som rådgjevar vil òg kunna bidra til at staten opptrer samla og som vil styrka posisjonen deira i marknaden, sa han.

Det er bakgrunnen for at Nina Sandberg hadde meldt eit spørsmål om saka til Stortingets spørjetime i formiddag. Og det var kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup som svarte.

– Grunnen til det, er at Statsbygg konstitusjonelt ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, forklarte statsråd Nikolai Astrup i Stortinget idag,.   

– Betenkeleg

Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) ville likevel helst hatt forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim på bana i denne saka.

YNSKTE SVAR: Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) ville gjerne vita korleis kommunalministeren likevel kan  påleggja statleg, sivil sektor å bruka Statsbygg som rådgjevar, slik Områdegjennomgangen rår til, sjølv om regjeringa , ifylgje statsråd Henrik Asheim enno ikkje har tatt stilling til den.

– Det er svært betenkeleg at ministeren for høgare utdanning skyggar unna og ikkje tar ansvaret i ei sak som har så mykje å seia for dei sjølvforvaltande universiteta. Det seier stortingsrepresentant Nina Sandberg på telefon til Uniforum etter at ho måtte ta til takke med eit svar frå kommunal- og moderniseringsministeren om pålegget om å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg.  Nina Sandberg sit i Stortingets utdannings- og forskingskomité, og ho ville gjerne ha svar på kva som er grunnen til at heile statleg sivil sektor med unntak av NAV og politiet er blitt pålagde å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av alle bygg i privatmarknaden for ein pris på over 30 millionar kroner. Det er først og fremst universitet-    og høgskulesektoren ho er opptatt av, og ho ville også ha svar på kvifor pålegget blei innført på 30 dagars varsel og utan å involvera sektoren.

– Snikinnføring

Nina Sandberg peika på at pålegget ser ut til å vera ein del av tilrådingane frå Områdegjennomgangen frå CapGemini Invent frå april i fjor. Den rår til ei sterkare styring og sentralisert utføring av leige i marknaden og kjem med ei tilråding om at avtalar med ein verdi på over 30 millionar kroner skal behandlast av det samla fagmiljøet.

 – Dette er ei gradvis snikinnføring av noko regjeringa seier dei enno ikkje har tatt noko avgjerd i, meiner Nina Sandberg.

– Målet er å få ned leigeutgiftene

Derfor spurte ho kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup korleis han kan realisera tilrådingar frå ein områdegjennomgang som regjeringa enno ikkje har tatt stilling til.

Astrup trekte fram at staten årleg har over 4,5 milliardar kroner i leigeutgifter på kontor og andre lokale. Det er den høgaste utgifta nest etter lønn.

– Målet for regjeringa har vore å få ned dei store utgiftene sektoren har på eksterne leigekontraktar. Ei rekkje statlege instansar har fått bistand frå Statsbygg. Dette har gitt store innsparingar for verksemdene. Desse pengane kan då heller brukast på kjerneverksemda deira, noko som er bra, svara Nikolai Astrup.

Så viste han også til områdegjennomgangen av statleg, sivil sektor som blei gjennomført av selskapet CapGemini Invent mellom 2018 og 2019.

– Konsulenten meinte at statens leigeavtalar måtte profesjonaliserast for å få redusert utgiftene, sa Astrup.

– Vil spara 291 millionar over ti år

Kommunal- og moderniseringsministeren viste fram som dokumentasjon at staten i 2017 sparte 40 prosent i leigeutgifter der Statsbygg hadde vore med i forhandlingane. Det svarte til 90 millionar kroner i året pr år.

– I dei 13 avtalane Statsbygg har vore med på å forhandla fram i 2018, vil staten spara 291 millionar kroner over ti år. At staten har ein profesjonell rådgjevar, undergrev ikkje konkurransen, tvert om. God kunnskap om innkjøp vil skjerpa konkurransen hos dei som leiger ut lokale til staten. Statsbygg har bistått mange statlege aktørar i marknaden allereie. Det omfattar både arbeidsplasskonsept og innflytting. Brorparten av tenestene skjer i marknaden gjennom rammeavtalar, poengterte han..

Nina Sandberg slo seg ikkje til ro med dette svaret. Ho ville gjerne vita korleis kommunalministeren hadde tenkt at det ville kunne bli like store innsparingar i universitets- og høgskulesektoren på leige i marknaden ved å bruka Statsbygg som rådgjevar.

– Det er dokumentert at Statsbygg sparer pengar for staten på dette, og ikkje berre ein påstand. Dermed blir det meir pengar igjen til den utoverretta verksemda. Og det må også vera viktig for høgare utdannings- og forskingssektoren, sa han.

– Ikkje konkludert

Nina Sandberg viste også til korleis regjeringa hadde halde lenge igjen på ein rapport før den blei presentert.

– Når det gjeld Områdegjennomgangen sat regjeringa i fire månader på den,før den blei lagt fram i april i fjor. Tilrådingane i den har møtt masse motbør, og rapporten er blitt kritisert av fagmiljøa. Regjeringa har enno ikkje har tatt noko avgjerd i denne saka. Korleis kan kommunalministeren likevel påleggja statleg sivil sektor å bruka Statsbygg som rådgjevar, slik Områdegjennomgangen rår til, sjølv om regjeringa , ifylgje statsråd Henrik Asheim enno ikkje har tatt stilling til den ?

– Det er heilt rett at regjeringa enno ikkje har konkludert når det gjeld områdegjennomgangen av statleg, sivil sektor. Me meiner likevel det er fornuftig å bruka Statsbygg som rådgjevar frå 1. mars for å oppnå betre vilkår i marknaden. Som dei tala eg har vist til, syner, er det store summar å spara på dette, ressursar som kan frigjerast til verksemdene sin operative del.    Me kjem til å koma tilbake til kva me gjer med oppfylginga av områdegjennomgangen. Det er heilt tydeleg at det er forskjellige oppfatningar av den områdegjennomgangen, ikkje minst i den sektoren som Sandberg snakkar om, var det endelege svaret Nikolai Astrup gav til stortingsrepresentant Nina Sandberg.

Den 5. mars vert truleg Statsbygg på nytt eit tema i Stortinget. Då skal det vera høyring om forvaltninga av bygg og eigedomar i universitets- og høgskulesektoren. Initiativet kjem frå stortingsrepresentantar frå Senterpartiet. Forslaget går ut på at dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane framleis skal eiga eigne bygg og eigedomar.

 

 

 

Emneord: eiendom, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2020 18:18 - Sist endra 26. feb. 2020 18:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere