Eigedomsdirektør om pålegg: –Snikinnføring av Statsbygg-regimet

UiO vert pålagt å bruka Statsbygg som rådgjevar når det leiger lokale for over 30 millionar kroner. Eigedomsdirektør John Skogen tykkjer pålegget er heilt unødvendig.

Ein mann står framfor Niels Henrik Abels hus på Frederikkplassen på Blindern

KRITISERER PÅLEGG: Eigedomsdirektør John Skogen synest pålegget om å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av bygg i den private marknaden, er unødvendig.

Foto: Ola Gamst Sæther

– Dette er ei snikinnføring av Statsbygg-regimet som skal enda opp med at Statsbygg også overtar bygningane til dei universiteta som i dag eig og driftar sine eigne bygningar. Det seier eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo medan han viser fram  brevet han har fått frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

– Det tar ikkje omsyn til dei motargumenta som er presenterte i dei to rapportane som er laga om dette på oppdrag frå eigedomsavdelingane ved desse universiteta, konstaterer han.

Universitetsbygningane og Statsbygg:

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • Mæland:– regjeringa har enno ikkje bestemt seg
  • statlege etatar får frå 1. mars pålegg om  å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige i privatmarknaden
  • (Kjelder: regjeringa.no, Stortinget.no, Uniforum, UiO)

Der får UiO og alle andre statlege verksemder med unntak for NAV og Politiet, pålegg om å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av lokale i den private marknaden.

Må bruka Statsbygg

Pålegget inneber at statlege verksemder må bruka Statsbygg som rådgjevar for alle kontraktar med ein verdi på over 30 millionar kroner. Ordninga skal innførast frå 1. mars etter at det no er handsama ferdig i regjeringa.

Grunngjevinga som Kommunal- og moderniseringsdepartemenet brukar for å få dei statlege verksemdene til å bruka Statsbygg som rådgjevar, er at staten inngår leigeavtalar over marknadspris og med større arealbruk enn det private gjer. Det går fram av brevet som no er send til alle departement og underliggjande etatar. 

– Statsbygg har ikkje ekspesjonelt god kompetanse på dette

Eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo ristar på hovudet og stiller seg heilt uforståande til behovet for eit slikt pålegg.

– Statsbygg har ikkje hatt spesielt eksepsjonelt god kompetanse på dette, og i alle fall ikkje meir enn dei som jobbar her i Eigedomsavdelinga.  Me har gode folk, mellom dei ein jurist, som kjenner eigedomsmarknaden i Oslo godt, og som har spesielt god innsikt i marknaden i Blindern-området. Eg fryktar at det å bruka Statsbygg blir berre å få ein ekstra faktura for ein jobb som me like godt kan gjera sjølve. Det er ein praksis som går heilt imot politikken om innsparingar i statleg sektor, trekkjer han fram.

Leiger bygg for 300 mill. kr. i året

Universitetet i Oslo leiger i dag bygg for 300 millionar kroner i året. Det inkluderer bygningar som er eigde av Statsbygg, som til dømes tilbygget til Domus Medica og Harald Schelderups  hus, der Psykologisk institutt held til, men også det private selskapet Selvaag som leiger ut lokale til digitale eksamenar for UiO på Ullern.  Den siste store leigeavtalen Universitetet i Oslo har inngått, er med den halvstatlege eigendomsaktøren Entra.  Det er dei som eig bygningen Domus Juridica, medan UiO leiger bygningen.

Ein bygning med lysa tente inne, medan det er mørkt utanfor
DOMUS JURIDICA: Den nye bygningen til Det juridiske fakultetet, Domus Juridica, er den siste store bygningen UiO har inngått ein leigeavtale om. Avtalen er med det halvstatlege selskapet Entra, og den blei forhandla fram av Eigedomsavdelinga ved UiO. (Foto: Ola Sæther)

– Det er ein stor leigekontrakt som me handterte eine og åleine sjølve, med litt assistanse frå ein ekstern jurist.  Det viser at me har god kompetanse på dette området, understrekar John Skogen.

Han peikar på at fram til 2024 har UiO bruk for ein del leigde lokale.

– Men når livsvitskapsbygningen opnar i 2024, vil mange flytta ut frå bygningane på  Nedre Blindern. Og då får me masse ledige lokale i Kjemibygningen og i Farmasibygningen. For målet vårt er at me i størst mogleg grad skal avvikla eksterne leigeforhold, slår han fast.

John Skogen har ikkje noko generelt imot å jobba saman med Statsbygg.

– Me har eit veldig godt samarbeid med Statsbygg om bygginga av livsvitskapsbygget, konstaterer han.  Men akkurat det å driva rådgjeving om leige av bygg i den private marknaden, meiner han det ikkje er noko behov for UiO å bruka Statsbygg til.

– Både fordyrande og meir tungrodd

– Det er heilt unødvendig å trakka opp i kvarandre sine bed på den måten. Me får ikkje noko meir ut av marknaden ved å lata Statsbygg gå føre oss. Det blir både fordyrande og meir tungrodd, er han heilt sikker på. John Skogen spør seg også om Statsbygg har oppretta ein ny seksjon som er ute etter nye arbeidsoppgåver. 

– Faktum er at dei fire universiteta som eig og driftar sine eigne bygningar, UiO, UiB, NTNU og UiT til saman har større eigedomsportefølje enn Statsbygg. Og alle eigedomsdirektørane ved desse universiteta står saman i synet på at dette pålegget har me ikkje  behov for, seier han.

John Skogen og dei andre eigedomsdirektørane kan likevel ikkje gjera noko anna enn å protestera og innfinna seg med at ordninga uansett blir innført frå 1. mars.

– No får me finna ein best mogleg måte å få det gjennomført på. Det skal bli evaluert etter tre år, og eg håpar det blir med det, seier han.

– Lønner seg å snakka saman

I Statsbygg er det avdelingsdirektør Marit Sofie Roheim som leier arbeidet med å tilby rådgjeving om leige av bygg i den private leigemarknaden. Ho er ikkje i tvil om at Universitetet i Oslo har stor kompetanse på området. No inviterer ho eigedomsdirektør John Skogen til eit møte om pålegget.

– Det lønner seg alltid å snakka saman, seier ho til Uniforum. Roheim viser til at pålegget er eit resultat av CapGemini Invent-rapporten frå april i fjor om statleg eigedomsforvalting.

– Då blei det peika på at staten betalte for mykje og hadde for store areal i den private leigemarknaden. Det var grunnen til at pålegget om å bruka Statsbygg som rådgjevar blei bestemt i ein regjeringskonferanse rett før jul, fortel ho.  I dag leier ho ei avdeling med åtte prosjektleiarar.

– Og du reknar med at de får meir å gjera etter at dette pålegget er blitt innført?

– Ja, det forventar i alle fall Kommunal- og moderniseringsdepartementet av oss, seier ho. Uniforum har også bede om ein kommentar frå den politiske leiinga i Kommunal- og moderniseringsdepartement til kritikken frå eigedomsdirektør John Skogen. Førebels har me ikkje fått noko svar.

Emneord: eiendom, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2020 16:41 - Sist endra 17. feb. 2020 16:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere