Monica Mæland: – Enno ikkje avgjort om Statsbygg skal overta universitetsbygningar

Regjeringa har enno ikkje bestemt seg for om den skal fylgja tilrådinga frå konsulentselskapet Capgemini invent om å overføra eigedomane til dei sjølvforvaltande universiteta til Statsbygg.

 IKKJE AVGJORT. Regjerina har enno ikkje tatt stilling til om Statsbygg skal overta  forvaltninga av universitetseigedomar. Det svarar kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland på spørsmål frå stortingsrepresentant Nina Sandberg. I juni prøvde Monica Mæland den nye elektriske gravemaskina på tomta der Statsbygg er byggherre for livsvitskapsbygningen.

Foto: Ola Sæther

Det går fram av svaret til kommunal- og moderniseringsmininster Monica Mæland på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Nina Sandberg (A).

Svaret frå kommunal- og moderninseringsminister Monica Mæland er nesten identisk med svaret Uniforum i går fekk frå statssekretær Lars Jacob Hiim (H) i same departement.

Universitetsbygningane og Statsbygg

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • Mæland:– regjeringa har enno ikkje bestemt seg
  • (Kjelder: regjeringa.no, Stortinget.no, Uniforum, UiO)

– Det er gjennomført ei eiga kartlegging av eigedomsmassen på anna sjølvforvalta areal i staten, her under sjølvforvalta areal i universitets- og høgskulesektoren . Vi tar sikte på å få på plass ei avklaring om framtidig forvaltningsmodell for desse eigedommane i 2020, skriv han i ein epost til Uniforum.  

Lagnaden til Campus Ås er i sluttfasen

Når det gjeld avgjerda om kva som skal skje med dei nye forskingsbygningane til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, er ei arbeidsgruppe i ferd med å bli ferdige med ein eigen rapport ,som er tinga av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
– Ei arbeidsgruppe er i sluttfasen med å kartlegga konsekvensane av å innlemma Campus Ås i statens husleigeordning. Når rapporten er klar, vil regjeringa ta stilling til framtidig forvaltningsmodell for Campus Ås, står det i svaret frå statssekretær Lars Jacob Hiim.

Tilrådinga vekte motstand

Det var i april i fjor konsulentselskapet Capgemini invent la fram ein rapport der dei tilrådde at Statsbygg skulle få overta forvaltningsansvaret for eigedomane til dei sjølvforvaltande universiteta, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim, Universitetet i Tromsø og  NMBU på Ås.

Tilrådinga i rapporten har vekt motstand hos leiinga på dei fem universiteta.

– Vår vurdering er at det vil vera dårleg og ineffektivt, sa universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo til Uniforum før jul på vegner av alle dei aktuelle institusjonane.   

Også blant fagforeiningane har tilrådinga vekt harme, og Norsk Tenestemannslag sine lokale foreiningar ved dei aktuelle institusjonane tinga ein ny rapport frå kunnskapssenteret for fagorganiserte De Facto. Den konkluderte i fjor haust med at ei slik omorganisering av eigedomane ville bli både dyrare og mindre formålstenleg enn dagens organisering av eigedomane.

I byrjinga av denne månaden kom det ein rapport frå konsulentselskapet Multiconsult, som det hadde utført på oppdrag frå dei fem sjølvforvaltande universiteta. Konklusjonen var at dei ikkje var nøgde med Statsbygg som byggherre.  – Me har ein del dårlege erfaringar med overføringar og ferdigstillingar frå Statsbygg, sa eigedomsdirektør John Skogen ved UiO.

I førre veke tok fem studentleiarar ved dei aktuelle institusjonane i eit debattinnlegg  til orde for at regjjeringa burde skrinleggja desse planane. Dei meiner at det er ein dårleg idé.

Vil ha svar på kva regjeringa vil oppnå

Det er bakgrunnen for at stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet denne veka melde inn eit skriftleg spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø om kva regjeringa vil oppnå ved ta frå dei sjølvforvaltande institusjonane i universitets- og høgskulesektoren råderetten over sine eigne bygningar. Ho peikar på at ogå regjeringa presenterer bygg som innsatsfaktor på linje med andre ressursar i forsking og høgare utdanning. Samtidig viser ho til åtvaringane både frå leiinga og studentrepresentantar frå desse institusjonane.

Vil ha best mogleg effektiv organisering av forvaltninga av eigedommane til staten

Sidan det var feii å retta dette spørsmålet til Iselin Nybø, fordi det er Kommunal- og moderniseringingsdepartementet som har Statsbygg i sin portefølje, var det kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som til slutt kom med svaret.

– Det er allereie i dag staten som eig den sjølvforvalta bygningsmassen, ikkje dei enkelte institusjonane, understrekar ho i svaret sitt til Nina Sandberg. Ho trekkjer likevel fram at lokale er ein grunnleggjande innsatsfaktor, som skal leggja til rette for verksemdene sitt arbeid og støtta formålet til verksemdene.

– Saka gjeld derfor ikkje eigarskap til eller råderett over eigedommanne. Det sentrale spørsmålet er korleis staten organiserer eigedomsforvaltninga si mest mogleg effektivt, svarar Monica Mæland.

Statsråden viser til at dette spørsmålet i dag er til vurdering, ikkje berre for universitets- og høgskulesektoren, men for all sjølvforvalta eigedom i statleg, sivil sektor. Mæland trekkjer også inn tilrådinga frå områdegjennomgangen av statleg byggje- og eigedomspolitikk i sivil sektor som blei gjennomført i perioden 2018-2019. Det var Capgemini invent som utførte gjennomgangen, og ei av tilrådingane til konsulentane, var å avvikla modellen med sjølvforvalta  eigedom og overføra ansvaret for eigedomsforvaltninga til Statsbygg.

– Regjeringa har ikkje tatt stilling til tilrådinga

 Statsråd Monica Mæland minner også om at ingenting er avgjort.

– Regjeringa har ikkje tatt stilling til tilrådinga frå konsulentane om å avvikla modellen med sjølvforvalta eigedom. Det er avgjerande at me skaffar oss eit godt grunnlag før med tar ei avgjerd. Derfor er det sett i gang eit arbeid for å kartleggja dagens situasjon, slik at me kan sjå på konsekvensane av ei mogleg forvaltningsoverføring. På denne måten dannar me oss eit best mogleg grunnlag for ei framtidig avgjerd, svarar Monica Mæland.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Bygninger, eiendom Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2020 17:10 - Sist endra 23. jan. 2020 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere