- Statsbygg bør overta alle universitetsbygningane

– Alle universitetsbygningane i landet bør overførast til Statsbygg. Det meiner direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum.

 

ALT TIL STATSBYGG: – Statsbygg bør overta og administrera alle bygningane til UiO. Ja, faktisk kan dei overta bygningane til alle universiteta, foreslår direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum. Her viser han sprekken i kjellaren i Geologibygningen, som ikkje er blitt reparert etter at den først blei oppdaga på 1930-talet.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo har no eit etterslep på vedlikehald på 8,5 milliardar kroner. Og etterslepet aukar med ein halv milliard i året. I dag er ein tredel av bygningane til UiO i så dårleg stand at dei må rehabiliterast. Det gjeld i høgste grad museumsbygningane til både Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum.

– Kan etablera eit felles eigedomsselskap for alle universiteta

Direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum meiner difor at det er på tide å sjå nærare på om eigedomsmassen til UiO er organisert på rett måte.

– Statsbygg bør overta og administrera alle bygningane til UiO. Ja, faktisk kan dei overta bygningane til alle universiteta. Då kan dei anten organiserast innanfor dagens Statsbygg eller i eit eventuelt, nytt statleg selskap som kan kallast Universitetsbygg A/S. Med ei profesjonell organisering av bygningsmassen kan universitetsleiinga konsentrera seg meir om kjerneoppgåvene til universitetet, altså forsking og undervisning, er han overtydd om.

Vedlikehaldsbehov sidan 1930-talet

Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum har ein stor del av dei bygningane som treng rehabiliterast. – I ein kommentar i årsmeldinga til UiO frå 1977 står det at når veksthuset er ferdig, vil det vera ei prioritert oppgåve å rehabilitera dei gamle bygningane til musea på Tøyen. Faren min fortalde meg at det allereie på 1930-talet var ein stor sprekk i kjellargolvet i Geologisk museum. Den sprekken er framleis ikkje reparert. Begge desse døma viser at forfallet er eit gammalt og slett ikkje noko nytt problem, konstaterer Bjørlykke.

– Musea blir nedprioriterte

Grunnen til at det likevel ikkje har skjedd noko, meiner han er ganske klar.

– Sidan me ikkje driv med undervisning, blir me nedprioriterte, sjølv om dei aller fleste bygningane våre treng ei total rehabilitering, konstaterer han. Heller ikkje på UiOs budsjett for 2015 er det løyvt pengar til den lenge lova opprustinga av museumsbygningane på Tøyen.

Museumsdirektør Arne Bjørlykke var tidlegare bystyrepolitikar for Arbeidarpartiet i Trondheim. Han er likevel ikkje redd for å gå tidlegare forskingsminister Kristin Clemets ærend når han no foreslår ein liknande modell som ho møtte masse motbør for då ho lanserte ideen i Bondevik II-regjeringa mellom 2001 og 2005.

– Nei, det fryktar eg ikkje, så lenge bygningane ikkje blir privatiserte. Undersøkingar har nemleg vist at det står mykje betre til med vedlikehaldet der høgskular leiger bygningar av Statsbygg. I helsesektoren er alle bygningane samla i det statlege selskapet Helsebygg A/S, som har hovudsete i Trondheim. Statsbygg veit korleis bygningar skal haldast ved like på ein best mogleg måte. Det er mykje betre om Universitetet i Oslo og dei andre universiteta innser at dei aldri vil klara å ta igjen etterslepet i vedlikehald, og at både universiteta, dei tilsette og studentane vil få det langt betre om Statsbygg overtar dette ansvaret. Slik kan universiteta konsentrera seg om å betala ei fast leige til Statsbygg for bygningane.

– Du meiner altså at UiO kan leggja ned Eigedomsavdelinga?

– I dag har bygningane til UiO ein verdi på 30 milliardar kroner. Då er det viktig at universitetet får ei meir profesjonell eigedomsforvalting enn no. Det er eg viss på at dei får om Statsbygg overtar alle eigedommane. Det er ikkje noko poeng at alle universitet skal ha sine eigne eigedomsavdelingar. Slik eg ser det, er det mykje betre å bruka spesialistane i Statsbygg.

–Kvifor er det så vanskeleg å løyva nok pengar til vedlikehald av bygningar?

 – Det blir som i ein kommune der det står mellom å løyva pengar til ein ny barnehage eller til å rusta opp kloakknettet. Barnehagen vil alltid vinna den kampen. Difor blei det innført ein øyremerkt kloakkavgift i alle kommunar, sidan det er svært viktig å ha eit godt avløpsnett, fortel han.

 

Arne Bjørlykke trekkjer også fram at samlingane til musea og språksamlingane heile tida kjem i ein skvis mellom forsking og undervisning. – I Naturhistorisk museum har me seks millionar gjenstandar i samlingane våre. Ingen av desse samlingane blir forvalta på ein best mogleg måte fordi UiO ikkje har nok pengar til å gjera det. Finansieringsmodellen ser nemleg berre på studenttal og vitskapleg publisering. Om ikkje bygningane blir overførte til Statsbygg, må me få ei ordning der pengar til rehabilitering av bygningar blir øyremerkte frå Kunnskapsdepartementet, meiner Bjørlykke. Han er viss på at det dårlege vedlikehaldet får konsekvensar for omdømmet til

UiOs eigedomar:

Har truleg ein samla verdi på over 30 milliardar kroner.

Vedlikehaldsetterslep: 8,5 milliardar kroner og aukar med ein halv milliard i året.

Arne Bjørlykkes løysing på problemet: alle bygningane blir overførte til Statsbygg eller eit ev. statleg eigedomsselskap Universitetsbygg A/S.

 museet.

– Forfallet er no kome så langt at publikum oppfattar Naturhistorisk museum som både nedstøva og utdatert, legg han til.

Universitetsstyret skal diskutera eigedomsforvaltinga

Uniforum har også vore i kontakt med UiO-rektor Ole Petter Ottersen for å få ein kommentar til utspelet frå museumsdirektør Arne Bjørlykke. Han viser til at dette er ei sak som Universitetsstyret snart skal ta opp.

– Forvalting av eigedomsmassen er ei sak for Universitetsstyret og vil bli eit sentralt tema når me skal diskutera masterplanen for UiOs eigedomsutvikling seinare i haust, opplyser Ole Petter Ottersen.

 

 

 

 

Emneord: ekldreomsorg, bygninger, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2014 00:54 - Sist endra 20. aug. 2014 16:22

Hvordan forholder det seg med reelt eierskap til UiO sine bygninger nå, er det en del av det vi kan kalle UiO sin formue?

For mange år siden solgte UiO tomter til fast ansatte, kanskje ikke så lurt i ettertid.

Er det i så fall lurt å "overdra" bygningene til Statsbygg? som forvalter eiendommer med mange ulike slags tilknytninger, endog diverse såkalte omsorgsbygg i en del kommuner og mye annet.  Jeg mener å ha lest at iallfall deler av Blindernområdet ikke eies, men er på leiekontrakt med UiO.

Det er nye tider nå med tøffe markedskrefter og mange vil være interesserte i å få en grundig utredning om hva dette forslaget innebærer økonomisk for UiO.

Kan det ende opp med at UiO sin formue blir mindre enn den for en vanlig småsparer som søker sikre sin alderdom?

vennlige hilsener

Morten M. Laane

Carl Morten M Laane - 29. aug. 2014 10:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere