Statssekretær Harald Furre: –Ikkje fordyrande å bruka Statsbygg som rådgjevar

Staten gjorde ei samla innsparing på 291 milllionar kroner i ein tiårs-periode etter å ha inngått 13 nye leigeavtalar i 2018 med Statsbygg som rådgjevar. Det opplyser statssekretær Harald Furre (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Portrett av ein mann med briller

ERFARING: – Statsbygg har erfaring og kunnskap om korleis dette best blir gjort, og kjenner leigemarknaden godt, seier statssekretær Harald Furre i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Det er med andre ord ikkje grunnlag for å påstå at dette er eit fordyrande mellomledd, understrekar Harald Furre (H) overfor Uniforum.

Universitetsbygningane og Statsbygg:

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • Mæland:– regjeringa har enno ikkje bestemt seg
  • statlege etatar får frå 1. mars pålegg om  å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige i privatmarknaden
  • (Kjelder: regjeringa.no, Stortinget.no, Uniforum, UiO)

Det var måndag denne veka eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo gjekk til eit kraftig åtak på eit pålegg frå Kommunal- og moderniseirngsdepartementet om at alle statlege instansar med unntak av NAV og Poliitiet skulle bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige av lokale i den private marknaden.

Etter hans meining var det ein klar plan bak dette:

 – Dette er ei snikinnføring av Statsbygg-regimet som skal enda opp med at Statsbygg også overtar bygningane til dei universiteta som i dag eig og driftar sine eigne bygningar, sa han til Uniforum.

Han viste til at UiO i dag leiger bygg for over 300 millionar kroner og fint har klart seg utan å bruka Statsbygg som rådgjevar

– Eg fryktar at det å bruka Statsbygg blir berre å få ein ekstra faktura for ein jobb som me like godt kan gjera sjølve. Det er ein praksis som går heilt imot politikken om innsparingar i statleg sektor, peika han på i eit intervju med Uniforum.

• Les i Uniforum:

Eigedomsdirektør om pålegg: Snikinnføring av Statsbygg-regimet

Skal redusera leigeutgiftene med 600 millionar

No slår statssekretær Harald Furre i Kommunal- og moderniseringsdepartementet kraftig tilbake mot kritikken frå eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo. Han er overtydd om at potensialet for å redusera utgifter til lokalleige i staten er stort.

– Regjeringa har eit mål om å redusera kostnadene for leige av kontorlokale i marknaden med 600 millionar kroner over ein ti-årsperiode. Med Statsbygg som rådgjevar vart det i 2018 inngått 13 nye leigeavtalar i marknaden, med ei samla innsparing på 291 millionar kroner over ein ti-års periode. Det er med andre ord ikkje grunnlag for å påstå at dette er eit fordyrande mellomledd, når vi i realiteten sparer fellesskapet for enorme summar, understrekar Harald Furre overfor Uniforum i ein epost.

Han trekkjer fram at regjeringa er oppteken av å forvalta midlar til fellesskapet på ein best mogleg måte. Harald Furre viser til at regjeringa derfor har sett i gang ein stor gjennomgang som fortel at staten både leiger for stort og betalar for mykje.

– Områdegjennomgangen tilrår at staten får ein felles praksis og opererer med tydelege krav til korleis ein kan leiga på ein mest mogleg fornuftig måte. Statsbygg hjelper i dag statlege verksemder med leige av lokale i marknaden, og har utvikla ein standard gjennomføringsmetodikk for korleis dette skal skje, forsvarar han pålegget med.

– Statsbygg kjenner leigemarknaden godt

Statssekretæren legg stor vekt på at statlege verksemder skal ha funksjonelle lokale med god tilgang for tilsette og besøkjande, til ein lågast mogleg pris.

– Statsbygg har erfaring og kunnskap om korleis dette best blir gjort, og kjenner leigemarknaden godt. Ei ordning med bruk av Statsbygg som rådgjevar vil òg kunna bidra til at staten opptrer samla og som vil styrka posisjonen deira i marknaden.

– Ordninga skal innførast frå 1. mars medan varselet kom under ein månad før. Kvifor hastar det så mykje med å innnføra ei slik ordning?

– Me har tru på at verksemdene klarer å innordna seg i samsvar med dei gitte fristane. For pågåande lokalinnkjøp, må verksemdene og Statsbygg finna gode og effektive løysingar.

– Meir effektivt

Harald Furre svarar ikkje på spørsmålet om ikkje dei statlege organa burde fått betre tid på seg enn fram til 1. mars før ordninga med å bruka Statsbygg skal setjast i verk. Derimot svarar han grundig på kva målet med ordninga er.

– I 2018 vedtok regjeringa å gjennomføra ein områdegjennomgang av byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Regjeringa ynskjer å identifisera moglegheiter og utfordringar ved den statlege byggje- og eigedomspolitikken. Me må heile tida vurdera korleis me kan drifta statlege eigedommar meir effektivt for å redusera leigeutgiftene til staten, svarar statssekretær Harald Furre i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

Emneord: Bygninger, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2020 15:57 - Sist endra 19. feb. 2020 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere