Ingen ville ha Statsbygg som forvaltar av universitetsbygningar

Fordyrande og meir byråkratisk.  Det var mellom orda som blei brukte då toppleiarar, fagforeiningsleiarar og studentleiarar på universiteta deltok i høyringa i Stortinget om moglege konsekvensar av at  alle bygningane og eigedomane til sektoren kan bli  overførte til Statsbygg.

Ei kvinne og tre menn står i giv akt før høyringa i Stortinget tar til.

NEI TIL STATSBYGG: Leiinga ved dei sjølvforvaltande universiteta sa eit klart nei til at eigedomane deira skulle overførast til Statsbygg under høyringa i Stortinget i dag.. Frå venstre prorektor Berit Kjeldstad, NTNU, UiO-rektor Svein Stølen, UHR-leiar og UiB-rektor Dag Rune Olsen, og NMBU-rektor Sjur Baardsen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Skal Statsbygg overta forvaltinga og drifta av bygningane og eigedomane til dei universiteta og høgskulane som i dag gjer dette på eiga hand? Ja, er konklusjonen i ein rapport som konsulentselskapet Cap Gemini lagde på oppdrag frå regjeringa og la fram i  april i fjor.

Universitetsbygningane og Statsbygg:

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • Mæland:– regjeringa har enno ikkje bestemt seg
  • statlege etatar fekk frå 1. mars pålegg om  å bruka Statsbygg som rådgjevar ved leige i privatmarknaden
  • 5. mars 2020: open høyring  i Stortinget om å lata universiteta halda fram med å eiga eigedomane sine
  • (Kjelder: regjeringa.no, Stortinget.no, Uniforum, UiO)

Forslaget har møtt kraftig motstand både frå universitetsleiarane, fagforeiningane og studentleiarane.  Regjeringa har enno ikkje bestemt seg for om den vil gå vidare med framlegget, sjølv om teikn tyder på at i alle fall den politiske leiinga i Kommunal-  og moderniseringsdepartementet, som er mordepartementet til Statsbygg, kan tenkja seg å  gå vidare med denne tilrådinga. 

Nett no er det knytt mest spenning til om det er Statsbygg som skal både forvalta og drifta det nye veterinærbygget til Noregs miljø- og biovitskaplege uiniversitet på Ås.

Kalla inn til open høyring i Stortinget

Det er bakgrunnen for at stortingsrepresentantane Marit Arnstad, Sigbjørn Gjelsvik, Kjersti Toppe, Marit Knutsdatter Strand og Heidi Greni frå Senterpartiet saman har kome med eit dokument 8-forslag i Stortinget. Det går ut på at dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane framleis skal eiga eigne bygg og eigedommar. Derfor kalla Stortingets utdannings- og forskingskomitè inn til open høyring om framlegget frå desse fem Senterparti-representantane torsdag formiddag.

Då Uniforum  kom inn  i høyringssal 1 i Akergata 18 litt før klokka 10.00 var salen tom. Fem minuttar seinare var plassane fylte opp av ti representantar for leiinga ved  dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane i Noreg saman med medlemar i Stortingets utdannings- og forskingskomite. Fremst blant  dei ti var UiB-rektor Dag Rune Olsen som også er leiar for Universitets­- og høgskulerådet.  

BAK DOKUMENT-8-FORSLAG: Stortingsrepresentant Marit Arnstad (ståande) er mellom dei fem stortingsrepresentantane frå Senterpartiet som står bak forslaget om at dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane må få halda fram med å eiga eigedomane sine. (Foto: Ola Sæther) 

-Vil gi større avstand til brukarane

Det var også han som først fekk ordet frå møteleiar Roy Steffensen frå Framstegspartiet.

 – Sentralisering av eigedomsforvaltninga  slik ei overføring  til Statsbygg vil føra til, vil gi større avstand til brukarane, meir byråkratisering  og me har solid dokumentasjon  for å visa at me vil få auka kostnader, sa, Dag Rune Olsen under den opne høyringa.   

– Me meiner me har skjøtta bygningane våre på ein god måte. Og me forstår ikkje kvifor me ikkje kan halda fram med det, sa han.

Olsen peika også på at når universitetet og høgskulane eig og driftar sine eigne bygningar gir det større fridom og fleksibilitet til å tilpassa bygningane etter det behovet institusjonane har både i undervisning og forsking.

– Det gjeld lokale for senter for framifrå forsking, helseutdanning, og lokale for digital læring. Det gir oss fridom til raskt å områ oss etter det me meiner er samfunnet sitt behov. Det kan me bruka strategisk, understreka Dag Rune Olsen.

- Dårlege erfaringar i Sverige og Danmark

 Og han var viss på at det også vil koma til  nytte for å rekruttera dei beste  forskarane.  

– Og dei erfaringane som er gjort i Sverige med å overføra bygningane til Akademiske hus og tilsvarande i Danmark, er jamnt over dårlege, understreka han.

UiO-rektor Svein Stølen såg heller ikkje fram til at Statsbygg skulle overta  eigedomane til  universitetet han leier.

– Det kan verka tilforlateleg med moglege kostnadsinnsparingar. Ei eventuell marginal kostnadsinnsparing må vegast opp mot ei forringing av nytta.  Det handlar om sjølvråderetten over eigedomane våre. Hausten 2018 starta Oslo kommune arbeidet med ein campusstrategi.  Eg kasta meg straks inn for å sjå korleis me kunne kopla kunnskap, næring og byutvikling. Saman med SINTEF, Oslo universitetssykehus og Oslo kommune lagar me no Noregs første innovasjonsdistrikt. Visjonen handlar om kva me skal leva av i framtida. Utan å ha eigedom som eit trumfkort i denne samanhengen, kunne eg ikkje tatt initiativet og ei så tydeleg rolle. Eigedom er eit viktig strategisk middel for Universitetet  i Oslo, understreka Svein Stølen.

- Ikkje mogleg med Statsbygg

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen peika på korleis universitetet saman med Høgskulen på  Vestlandet, Bergen kommune og Helse Bergen hadde gått saman om å byggja ein eigen bygning for primærhelseforsking på 12 500 kvadratmeter til over 500 millionar kroner. 

– Denne løysinga hadde ikkje vore mogleg dersom me hadde vore under eit strengt regime i Statsbygg, meinte  han.

Prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø, Kenneth Ruud viste til korleis universitetet  hadde fått bygd ein ny biologibygning i Tromsø i 2018, og kjøpt opp tomter frå Harstad kommune for å føra opp nye  bygningar til handelshøgskulen som er ein del av Universitetet i Tromsø.

– Med dagens organisering kan me utvikla både institusjonen vår og regionen vår, understreka han.  Han konstaterte at ei mogleg innordning i Statsbygg ikkje ville gi universitetet det same handlingsrommet som det i dag har når det gjeld å samarbeida med vertskommunar, regionar og fylke.

Så gjekk ordet til Berit Kjeldstad, prorektor for utdanning ved NTNU. Ho trekte fram den nye realfagsbygningen der det er lagt til rette  for studentaktive læringsformer som krev andre undervisningsrom enn dei som dei  har hatt.

 – Me har sett at eigarskap til bygningsmassen vår er svært viktig for å  kunna lykkast i den utviklinga som står framfor oss. Defor er det kritisk at det ikkje skjer ei  endring i eigarskap til bygningsmassen, trekte ho fram.

- Ekstrautgifter på 107 millionar årleg

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på  Ås er det første sjølvforvaltande universitetet som kan oppleva at Statsbygg skal halda fram med å drifta eit nybygg etter at det står ferdig. Sterke krefter i regjeringa har nemleg gått inn for å lata Statsbygg både eiga og driva den nye veterinærbygningen når den står ferdig seinare i år.

Rektor Sjur Baardsen tykte ikkje det er ein god idé.

– Me har rekna ut at det  vil kosta 107 millionar kroner ekstra i årlege utgifter samanlikna med å lata Eigedomsavdelinga vår drifta det på same måte som med dei andre bygningane. Det vil utgjera årlege driftskostnader  ved eit heilt fakultet eller 35 doktorgradar i året. Med andre ord vil det gi lågare vitskapleg aktivitet,  peika han på.

- Meir fagkompetanse hos oss enn hos Statsbygg

Også rektor Lars Tore Ronglan ved Noregs idrettshøgskule la vekt på kor viktig det er for institusjonen han leier å eiga og driva sine eigne bygningar:

– Hos oss er dei utvikla som noko meir enn klassiske idrettsbygningar og klasserom. Nettopp det å integrera teori og praksis gjennom ein formålstenleg infrastruktur er grunnleggjande for god forsking og undervisning innanfor praktiske kunnskapsområde som idrett,  kroppsøving og friluftsliv er. Så det å få forvalta bygningsmassen vår, er viktig for oss for at me skal kunna ta vare på posisjonen vår som eit spesialuniversitet.  Det krev ein fagkompetanse som me har i større grad enn Statsbygg, var han viss på. 

Møteleiar Roy Steffensen (FrP) lytta roleg til innlegga og lurte på om det kunne vera eit alternativ å ta fram det gamle forslaget frå 2002 om å etablera ein eigen organisasjon for alle universitetsbygningar, altså Universitetsbygg A/S.  

Saksordførar for saka i Stortinget er Nina Sandberg (A). Ho ville gjerne vita om representantane for sektoren kunne dokumentera at det ville bli meir byråkratisering og fordyrande  med Statsbygg  som forvaltar av bygningane og eigedomane.   

UHR-leiar Dag Rune Olsen svara at han trudde at verdien av bygningane som dei forvalta sjølve og dei som Statsbygg forvalta, ville vera om lag lik.

– Me ynskjer i alle fall ikkje fordyrande løysingar, slo han fast.  

-Viktig for å byggja ned skiljelinjer

Stortingsrepresentant Marit Arnstad (SP)  ynskte å høyra meir  om korleis dette ville vera med på å støtta opp om  universiteta sitt oppdrag som støttespelar for næringslivet og  utvikling av ny teknologi. 

UiO-rektor Svein Stølen svarte med å visa til bygginga av livsvitskapssenteret til sju milliardar kroner.

– Det er viktig ikkje berre for heile det norske samfunnet, men også for å byggja ned skilja mellom dei ulike faga på universitetet, var svaret han kom med på det spørsmålet.

 

HØYRING I STORTINGET: Toppleiarar og studentleiarar ved dei sjølvforvaltande universiteta og fagforeiningsleiarar deltok på den opne høyringa om kva moglege konsekvensar ei overføring av universitetsbygningane til Statsbygg ville få. (Foto: Ola Sæther)

Under den siste delen av høyringa var det representantar for studentane ved dei sjølvforvaltande universiteta og fagforeiningane som fekk ordet. 

Studentleiar Andreas Trohjell frå Universitetet i Bergen peika på dei dårlege erfaringane dei har hatt med Statsbygg som eigar og forvaltar av den nye bygningen til Fakultetet for kunst, musikk og .

 – Det har flott design av Snøhetta, men studentane opplever Statsbygg som lite fleksible dersom det er behov for endringar, meinte han. 

Studentleiar Tord Hauge ved NMBU  tykte det var ein annan viktig ting som det var viktig å vera merksame på.

– Mange av desse bygningane er gamle og ein del av vår felles kulturarv. Me representerer 93 000 studentar. Ingen av oss er tente med ei endring av dagens forvaltning av bygningane til universiteta og høgskulane, meinte han.

- Alle er imot dette

Arvid Ellingsen er spesialrådgjevar i LO og han var ikkje nådig mot regjeringa når den vurderer å overføra  store delar av bygningsmassen til dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane til Statsbygg.

- Kven er eigentleg for dette? Vanlegvis vert det sett ned eit breitt utval for å greia ut slike ting. Denne gongen kjem forslaget frå det franske børsnoterte selskapet Cap Gemini.  Alle er imot dette. Derfor bør Stortinget få stemma over dette, sa han. 

Også  nestleiar i Norsk tenestemannslag, Ellen Dalen gjekk hardt ut mot forslaget. – Det har møtt massiv motstand,  og akkurat  det same skjedde då  ei anna regjering  prøvde å gjennomføra det same  for mellom  10 og 15 år sidan, minna ho om. Samtidig såg ho positivt på at forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har uttrykt skepsis til forslaget. – Han meiner at det kan gå hardt utover autonomien til universiteta og høgskulane.

-Tillit

Anne Gravdahl er hovudstillitsvald  for NITO ved NMBU. Ho trekte også inn den uvissa forslaget om å overføra universitetsbygningane til Statsbygg hadde skapt blant forskarar og tilsette på Veterinærhøgskulen som er i ferd med å flytta over til NMBU på Ås.

 – No er det viktig at regjeringa viser at den har tillit til universiteta og høgskulane, var oppfordringa hennar. 

- Me støttar forslaget frå Senterpartiet

Fagsjef Jorunn Dahl Norgård i Forskarforbundet  minna også om at denne fagforeininga hadde vore imot forslaget heilt frå starten.

– Allereie i fjor sommar gjekk leiaren for Forskarforbundet, Guro  Elisabeth Lind  og UiO-rektor Svein Stølen sterkt imot forslaget i eit innlegg i Aftenposten.  Så me støttar sjølvsagt Senterpartiets forslag om at dei aktuelle universiteta og høgskulane må få halda fram med å eiga sine eigne bygningar og eigedomar, sa  Jorunn Dahl Norgård.

No skal forslaget frå Senterpartiet først opp i Kommunal -og forvaltningskomiteen.  Den endelege stortingshandsaminga skal skje den 5. mai.

Dette er opptaket frå heile den opne høyringa

Emneord: Universitetspolitikk, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2020 19:22 - Sist endra 6. mars 2020 12:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere