Rektor på Noregs idrettshøgskule: – Skuffa over å måtta overlata bygningar til Statsbygg

– Det kom heilt ut av det blå at regjeringa har sett Noregs idrettshøgskule utanfor. Det seier rektor Lars Tore Ronglan som er svært skuffa over at det er den einaste institusjonen som  truleg må overlata forvaltningsansvaret for bygningane sine til Statsbygg. 

IKKJE FOR OSS: – Denne dagen var ein god dag for mange, men ikkje for oss, seier rektor Lars Tore Ronglan på Noregs idrettshøgskule etter at regjeringa opnar for at institusjonen må gi Statsbygg forvaltaransvaret for bygningane. 

Foto: NIH/ Andreas B. Johansen

Det var i dag tidleg det blei klart at regjeringa vil leggja vekk forslaget om å lata Statsbygg overta  bygningane og eigedomane til  fem av dei sjølvforvaltande universiteta og høgskulane. UiO-rektor Svein Stølen var ein av dei som kunne jubla:

– Me kan feira i dag, sa han til Uniforum.

• Les i Uniforum: Regjeringa vil likevel ikke overlate universitetsbygningene til Statsbygg

– Ein god dag for mange, men ikkje for oss

Dei fire andre institusjonane som kan spretta sjampanjekorkane no er Universitetet i Bergen, NTNU i Trondheim, Universitetet i Tromsø og NMBU på Ås. Men den sjette institusjonen,  Noregs idrettshøgskule, som heile tida har stått saman med dei fem andre og kjempa mot forslaget, var altså ikkje med på laget lenger.   

– Denne dagen var ein god dag for mange, men ikkje for oss, seier ein tydeleg rysta rektor Lars Tore Ronglan til Uniforum. 

– Heile argumentasjonen om at det er viktig å vera ein sjølvforvaltande institusjon for å kunna gi ei god tilrettelegging for forsking og utdanning, er like viktig for oss som for dei andre fem institusjonane, slår han fast. 

Ein sjølvforvaltande institusjon i 51 år

Ronglan peikar på at autonomi og utvikling av institusjonen er like viktig for Noregs idrettshøgskule som for dei andre av desse gamle universiteta.  – Realiteten er at me har vore ein sjølvforvaltande institusjon i dei 51 åra me har eksistert. Det har vore svært viktig for utviklinga vår. Og me er den institusjonen i Noreg som kan visa til det talet beste talet på  forskingsproduksjon i høve til kvar tilsett. Dessutan har me ei god gjennomstrøyming av studentar, understrekar han. 

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet grunngjev dei forskjellsbehandlinga med at fordi eigedomsmassen ved Noregs idrettshøgskule er avgrensa , så vert det lagt opp til ein eigen prosess for å vurdera om denne institusjonen skal inngå i statens husleigeordning og forvaltast av Statsbygg.

– Ingen dialog med oss

Idrettshøgskulerektor Ronglan meiner at det er heilt feil om dei skal bli behandla annleis berre fordi den er den minste institusjonen.

– Styresmaktene har heller ikkje hatt nokon eigen dialog med oss om denne situasjonen. Derfor er det veldig vanskeleg å forstå at regjeringa har behandla Noregs idrettshøgskule annleis enn dei andre sjølvforvaltande institusjonane i denne saka, seier Lars Tore Ronglan til Uniforum.

 

Emneord: Universitetspolitikk, eiendom, Bygninger Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2020 14:28 - Sist endra 19. mai 2020 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere