Nina Sandberg (A) vil vita kvifor UiO kan mista forvaltnings-ansvaret for Livsvitskapsbygget

Stortingsrepresentant Nina Sandberg (A) ber forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim forklara kvifor regjeringa no føreslår å ta frå UiO forvaltningsansvaret for Livsvitskapsbygget som er under bygging i Gaustadbekkdalen.

Portrett av ei kvinne

LITEN TILLIT: Stortingsrepresentant Nina Sandberg radbrekker forslaget om å la staten og Statbygg overta som eigar og forvaltar av Livsvitskapsbygget.  Ho meiner det "vitner om liten tillit til at selvforvaltende universitet kan ha ansvaret for egne bygg", skriv ho i eit spørsmål til statsråd Henrik Asheim. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var på måndag det først blei kjent gjennom Khrono at regjeringa på nytt føreslår at staten skal eiga og Statsbygg drifta Livsvitskapsbygget.

Dette er teksten i Stortingsproposisjon 79 som vekkjer harme: 

“Det ferdige livsvitenskapsbygget vil inngå i statens husleieordning. Helse Sør-Øst vil måtte dekke sin del av prosjektet gjennom en kostnadsdekkende husleie. Det legges til grunn at Universitetet i Oslo vil få full husleiekompensasjon inntil dagens kostnadsramme, justert for pris- og valutakursendringer, og med et tillegg som følge av midlertidig stans i prosjektet og covid-19.”

(Kjelde: Stortingsproposisjon 79)

Det var i mai i fjor at regjeringa i ei pressemelding gjorde det klart at det ville leggja bort forslaget om å overføra forvaltningsansvaret for statens eigedommar ved NMBU, UiB, UiT og NTNU til Statsbygg. Det skjedde etter at representantar for dei tradisjonelle universiteta i mars i fjor også hadde hatt eit møte om saka i Stortinget med utdannings- og forskingskomiteen.  Då viste det seg at ein samla opposisjon ville gå imot forslaget. 

No ser ikkje dette ut til å gjelda lenger for Livsvitskapsbygget på Universitetet i Oslo.  For denne veka melde avisa Khrono at det i ein ekstraproposisjon om endringar i statsbudsjettet på grunn av koronaepidemien, der føreslår regjeringa at det er staten og ikkje Universitetet i Oslo som skal eiga det nye Livsvitskapsbygget, medan Statsbygg skal stå for drifta. 

Ber Henrik Asheim om forklaring

Det får stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet til å reagera.  I eit skriftleg spørsmål ho har meldt inn til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim  ber ho om at han forklarar kva det er som rettferdiggjer at regjeringa føreslår at UiO ikkje skal ha forvaltningsansvaret for det komande Livsvitskapsbygget. Nina Sandberg viser til at regjeringa i mai 2020 la bort framlegget sitt om å overføra forvaltningsansvaret for statens eigedomar ved dei sjølvforvaltande universiteta til Statsbygg. Etter hennar oppfatning skjedde det etter massive protestar både i Stortinget og frå ein samla universitets- og høgskulesektor.

"Verken nødvendig eller ønskelig"

Derfor lurer ho på kvifor regjeringa ni månader etter, likevel føreslår den same modellen for Livsvitskapsbygget, på tvers av standpunktet  til både sektoren og stortingsfleirtalet. “Forslaget, som fremmes i forbindelse med regjeringens krisepakke, vitner om liten tillit til at selvforvaltende universitet kan ha ansvaret for egne bygg,”  heiter det i det skriftlege spørsmålet til statsråd Henrik Asheim. Til slutt understrekar ho at i Arbeidarpartiet meiner dei at det er svært viktig både for universitetet sjølv, for Oslo og nasjonen at bygget vert realisert.  “Men det er verken nødvendig eller ønskelig å bytte eiendomsforvaltningsmodell for å få videreført arbeidet”, skriv Nina Sandberg. Henrik Asheim har ikkje fått svart på spørsmålet frå Nina Sandberg som kom på hans bord i dag.  

Mest mogleg effektiv gjennomføring

Måndag forsvarte Henrik Asheim derimot forslaget i ein epost til Khrono. Samtidig slo han fast at dette er ingen omkamp på prinsippet om at dei sjølvsforvaltande skal halda fram med å vera sjølvforvaltande. Han trekte fram at eigarskapsmodellen for Livsvitskapsbygget er ei løysing for å kunna handtera dei økonomiske konsekvensane for det utvida prosjektet og leggja til rette for mest mogleg effektiv gjennomføring av prosjektet med to aktørar inne. Dei to aktørane han sikta til er Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus som begge skal inn i Livsvitskapsbygget. Det er grunnen til at det nye bygget skal inn i statens husleigeordning, forklarte han overfor Khrono.  

 Då framlegget blei kjent denne veka, vekte det også  sterke reaksjonar hos nestleiar i NTL, Ellen Dalen:

 – Regjeringa tar her ein omkamp på noko dei  i alle fall  ikkje i vår hadde støtte for på Stortinget. Og det var på tvers av universiteta sine ynske. Me reagerer også kraftig på måten det skjer på. Dette er udemokratisk, sa Ellen Dalen til Khrono tidlegare denne veka.

– Ikkje ynskjeleg

Då Uniforum tok kontakt med UiO-rektor Svein Stølen hadde han merka seg standpunktet til regjeringa om at den framleis går inn for at staten skal vera eigar og Statsbygg driftar av Livsvitskapsbygget.

– Det har me fått beskjed om allereie, og sjølv om dette ikkje var ynskeleg, er det viktigaste no at me kan gleda oss over at me har fått til ei løysing for Livsvitskapsbygget saman med Oslo universitetssykehus. Det inneber at me får langt større bygg for livsvitskap utan at det blir ekstra kostnader for UiO, sa Svein Stølen i ein telefonsamtale med Uniforum. Han vedgjekk at ein modell der staten er eigar og Statsbygg forvaltar, ikkje var det UiO hadde sett føre seg. 

– Det er sjølvsagt eit lite skår i gleda, men det som er det viktigaste er at me har fått i hamn ei løysing som gjer at me får realisert Livsvitskapsbygget. Sjølvsagt ville Eigedomsavdelinga ha gjort ein glimrande jobb med å drifta bygningen, på lik linje med dei andre bygningane dei driftar i dag, men no blir det altså Statsbygg som skal drifta Livsvitskapsbygget, medan staten skal eiga det, sa Svein Stølen til Uniforum på måndag. 

No ventar stortingsrepresentant Nina Sandberg på svaret på det skriftlege spørsmålet ho har sendt inn til forskings- og høgare utdanningsminister  Henrik Asheim (H) om forslaget om å endra forvaltningsansvaret for  Livsvitskapsbygget.  

 

Emneord: Livsvitenskapsbygget Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2021 16:35 - Sist endra 4. feb. 2021 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere