Norske turistar oppdagar Munch i Aulaen og vikingskipa på Bygdøy

Edvard Munchs aulamåleri og Vikingskipshuset på Bygdøy er no opne for alle. Me har snakka med turistar frå Vestlandet og Sørlandet.

FØRSTE GONG: For første gong kunne ekteparet Atle og Aud Vikøyr i går ta turen innom Aulaen for å sjå Edvard Munchs elleve måleri. 

Foto: Martin Toft

Denne veka har Universitetets aula opna dørene klokka 10.00 kvar dag. Eit stort skilt lengst nede i aulatrappa kunngjer at alle no har høve til å ta ein tur inn i Aulaen for å sjå  på  Edvard Munchs elleve måleri om historia, vitskapen og livet.

– Fantastisk

Der møtte me ekteparet Aud og Atle Vikøyr frå Os utanfor Bergen.

– Det er første gongen me er her, og me synest det er fantastisk, er dei einige om. Og Atle Vikøyr tykkjer det er fint at folk kan få koma inn og ta Aulaen i augesyn.

– Å ha det ope her i desse omgivnadane, det er jo flott. Han er ganske naturalistisk av seg, Edvard Munch.

– Og det hadde du ikkje rekna med?

– Jau, eg visste eigentleg det. Han har jo også «Pikene på broen», konstaterer han.

Kona Aud Vikøyr likar også det ho ser.

–Eg synest det er veldig, veldig fint. Først tenkte eg at gubba så flott at så mykje var måla rett på  veggen.

–… me har forstått at det ikkje var heilt slik, repliserer Atle Vikøyr. 

– Der oppdaga me Aulaen

Begge har tatt båt opp gjennom Telemarkskanalen og fekk tid til ein svipptur til Oslo også. 

– Me bur på andre sida av Slottsparken og gjekk gjennom parken til Karl Johan, og der oppdaga me Aulaen, fortel dei.

Neste stopp for dei blir ikkje Vikingskipshuset på Bygdøy slik som for mange andre turistar.

 – Nei, der har me vore før. Me skal opp til Kistefossmuseet for å sjå den siste utstillinga til Christian Sveaas, fortel ekteparet, før me tar avskjed med dei.

Barn og foreldre besøkjer Vikingskipshuset

For Uniforum går vegen derimot vidare til Vikingskipshuset på Bygdøy. Der har det vore faste omvisingar kvar dag klokka 12.00 frå tysdag denne veka. Og alle har vore fullteikna, opplyser museumslektor og sommaromvisar Ellen Marie Næss.

Den dagen me var på besøk, var mesteparten av publikum barn i fylgje med foreldre.  

For Ellen Marie Næss var det berre positivt fortalde ho til dei frammøtte.

– Barn stiller ofte betre og meir interessante spørsmål enn det vaksne gjer, sa ho.

Ei kvinne gaidar turistar i VIkingskipshuset på Bygdøy
OSEBERGSKIPET BLEI BRUKT: – Osebergskipet blei brukt til å reisa med, understreka museumslektor Ellen Marie Næss då ho gaida norske turistar gjennom samlinga med verdas best bevarte vikingskip i Vikingskipshuset på Bygdøy. (Foto: Martin Toft) 

Først fortalde ho dei om Osebergskipet, som faktisk hadde vore brukt til å reisa med, før ho fortalde om utgravingane av skipet i Oseberg i Vestfold for 100 år sidan. Så viste ho fram Gokstadskipet og skjeletta etter dei to kvinnene dei fann under utgravinga av Osebergskipet.

Ho runda av omvisinga med å  rulla ut ein ti meter lang liste over heile innhaldet i Osebergskipet, blant anna ein pung med cannabisfrø.

– Dei fungerte truleg som smertestillande for den eldste av dei  kvinnene som blei funne i skipet. Ho var nemleg sjuk av kreft, sa ho. 

– Likar vikingskipa best

Rett før omvisinga starta, møtte me familien Thor, Carla Arruda og Miguel Skuterud frå Vennesla på Sørlandet. Alle tre sette stor pris på det som dei hadde sett i Vikingskipshuset.

 – Det er veldig fint. Og eg likar vikingskipa aller best, seier Miguel Skuterud, som har vore der ein gong før.

– Men då var han baby, fortel faren Thor Skuterud. 

– Det er kjempeflott å koma tilbake. Sjølv har eg vore her mange gonger, men eg blir aldri lei av å koma tilbake. Det er gøy å sjå historia og fortelja litt til kona og barnet, slik at dei skjønar litt av den norske kulturen, synest han.

KJEMPEFLOTT: Thor, Miguel og Carla Arruda Skuterud kjem frå Vennesla.  – Det er alltid kjempeflott å koma tilbake til Vikingskipshuset, synest Thor Skuterud. (Foto: Martin Toft)

– Veldig gøy

Og Carla Arruda Skuterud er også godt nøgd.

– Ja, det er fantastisk å koma hit og sjå historia om Noreg og vikingane. Det er veldig gøy, seier ho. Og dei synest ikkje at det gjer noko at det ikkje er så mange andre turistar i Vikingskipshuset. – Då er det god plass og me får verkeleg god tid til å sjå på ting. Så det er eit pluss med koronaen, ler Thor Skuterud.

POPULÆRT MOTIV: Ein turist tar bilete av Osebergskipet, truleg det mest populære motivet i Vikingskipshuset (Foto: Martn Toft)

Universitetsmusea er opne i sommar

Vikingskipshuset er ope i heile sommar frå tysdag til sundag, klokka 10.00 til 16.00. Det er omvising klokka 12.00 i heile juli. Og dei som ynskjer å sjå aulamåleria til Edvard Munch denne månaden, kan gjera det frå måndag til fredag mellom klokka 10.00 og 14.00.

Dei som  gjerne vil vita meir om vikingane kan også ta turen til Historisk museum i sentrum og sjå utstillinga "Vikingr". Der kan dei også sjå utstillinga "Følelser i antikken og Det gamle Egypt"

På Tøyen kan dei også ta turen til Naturhistorisk museum. Den nyaste attraksjonen er Klimahuset som har ope mellom klokka 10.00 og 17.00. Medan Botanisk hage er open frå klokka 07.00 til klokka 21.00. 

Emneord: Vikingskipshuset, Kunst, Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 3. juli 2020 11:34 - Sist endra 3. juli 2020 11:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere