Aulaen var sprengfull då elleve norske samtidskomponistar fekk urframført kvar sine stykke til dei elleve Munch-måleria i Aulaen.
Kunst til inspirasjon
Markeringa blei opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som viste til kor viktig og unik hending dette var for å heidra Aulamåleria til Noregs største kunstmålar.
– Kunsten hans imponerer oss og inspirerer oss både innanfor forsking, utdanning og innovasjon, sa han, før musikarane overtok podiet og nye musikalske tonar gav publikum nye bilete av Munch-måleria i Aulaen.
Kor, songarar og kvartett
Dei elleve komponistane som bidrog, var Maja Ratke, Henning Sommerro, Marcus Paus, Knut Avenstroup Haugen, Ketil Bjørnstad, Ingrid Bjørnov, Gisle Kverndokk, Bjørn Kruse, Henrik Skram, Therese Birkelund Ulvo og Lasse Thoresen. Musikkstykka blei framførte av Det Norske Jentekor med dirigent Anne Karin Sundal-Ask, pianistane Håvard Gimse og Ellen Ugelvik, Engegårdkvartetten, pianist og songar Ingrid Bjørnov, mezzosopran A.Voje, barytonen Yngve Søberg og sopranen Eir Inderhaug.
Drivkrefter bak markeringa var kunstforvaltar Ulla Uberg og kulturrådgjevar Gjøril Songvoll ved UiO.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere