Reddar Munch-skattar i Aulaen

Luftforureininga i Oslo fører til at Munch-måleria i Aulaen gradvis vert sota ned. I sommar har professor Tine Frøysaker hatt med seg studentar frå konserveringsstudiet ved UiO for å fjerna både sot og overflatestøv frå Edvard Munchs berømte Aula-måleri.  

FJERNAR SOT OG STØV: Masterstudent  Marte Løvseth og bachelostudent Stephanie Frenz  fjernar sot og overflatestøv frå Munch-måleriet Genier i lysflommen i Universitetets aula.

Foto: Martin Toft

Denne sommaren har mange av Munch-måleria i Universitetets aula vore dekte av stillas frå golv til tak. Grunnen er at dei har vore gjennom naudsynt kartlegging av skader, behandling av fargar som har losna og fjerning av overflatestøv. Oppe i stillasa finn me master- og bachelorstudentar frå konserveringsstudiet frå Universitetet i Oslo. Dei utfører arbeidet under oppsyn av professor Tine Frøysaker frå Noregs einaste konserveringsstudium.  Dei har fått med seg tidlegare studentar, som no arbeider som målerikonservatorar.

Sist dei såg på tilstanden til Munch-måleria i Aulaen var under markeringa av 200-årsjubileet til UiO i 2011. Men den aller første gongen mannskapet på konserveringsstudiet tok ein sjekk av desse måleria, var i 2005. Professor Tine Frøysaker meiner at det no var på tide med ei ny vurdering av tilstanden til måleria.

– Me må ha kontroll

– Ei vanleg oppfatning av måleribehandling er at når det er gjort, så er det ferdig og så varer det evig. Slik er det ikkje i røynda. Det me oppdaga då me undersøkte desse måleria og behandla dei, er at dei har nokre problem som dei kanskje aldri heilt blir kvitt. Då må me fylgja dei opp, og då går me inn med visse intervall og gjer tilstandsundersøkingar av desse fenomena som me veit er problematiske. Nokre av dei reparerer me litt undervegs, andre observerer me berre for å sjå om dei blir større eller mindre. Er det eigentleg noko farleg? Men me må ha kontroll på dei. Og me fjernar alt laust overflatestøv. Me ynskjer ikkje at luftforureining skal akkumulerast på overflata. Då skjer det så mange kjemiske reaksjonar med fargane som me absolutt ikkje vil ha, fortel ho til Uniforum.

VURDERER TILSTANDEN TIL MUNCH-MÅLERIA: Stipendiat Lena Porsmo Stoveland, konservator og gruppeleiar Ingeborg Christine Løvdal, professor i konservering,Tine Frøysaker og UiOs kunstforvaltar Ulla Uberg deltar i arbeidet med å vurdera tilstanden til Munch-måleria i Universitetets aula. (Foto: Martin Toft)
 

– Gull verdt

Både Tine Frøysaker og kunstforvaltar Ulla Uberg er svært nøgde med at dei kan samarbeida med Eigedomsavdelinga ved UiO om dette prosjektet.

– For oss er det viktig å halda fram med dette samarbeidet med konserveringsstudiet ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). På den måten ligg fagkunnskapen hos Universitetet i Oslo. For Eigedomsavdelinga er heilt nøydd til å ha denne fagkunnskapen, og at den ligg på eit institutt ved UiO, er gull verdt. Det er veldig bra at me har fått til det, understrekar Ulla Uberg.

 • Les også i Uniforum:

Munch-måleri tilbake i Aulaen

Ny musikk til 100 år gamle Munch-måleri

Sot frå brenselsmotorar

 Tine Frøysaker er heilt einig, og forklarar  meir om bakgrunnen for at måleria må sjekkast og reinsast med jamne mellomrom.

– Historikken er at bileta har vore svært nedsota veldig mange gonger og reinsa altfor mange gonger. No har me gjort mange tiltak både utanfor og innvendig i dette bygget for å redusera inntrenginga av sot, som kjem frå alle moglege brenselsmotorar. Derfor blir det ikkje like fort skite no. Det kan me måla på måleria som heng der oppe gjennom dei små prøvane. Då tar me dei ned ved jamne mellomrom og undersøkjer dei. Det er mykje som er blitt gjort gjennom renoveringa av bygget som kjem bileta til gode, men me har nokre problem som vil koma tilbake.

– Kva problem er det?

– Det er særleg på måleria Historien, Alma Mater og Solen det er område der fargane losnar. Noko av det skuldast at det er lagt på mykje meir fargar og mange fleire lag, som til dømes guten i Historien. Han er blitt endra svært mange gonger av Munch sjølv. På Alma Mater er det mange barn som han berre har måla over. Så der er det mykje tjukkare fargelag, og då han gjorde det, var det ikkje alltid at det var ein logisk målerekkjefylgje. Viss me går frå ein mager farge til ein farge med meir bindemiddel, går det som regel bra. Men om me går andre vegen, går det ikkje bra. Og me har ein del sånne felt, har ho registrert.

Vasslekkasjar og målingssøl

Det er ikkje heilt overraskande dei største måleria det har vore mest å reinsa opp i.

– No er også Historien, Alma Mater og Solen blant dei eldste av motiva, så dei har vore mykje meir opp og ned enn dei andre, som er måla mykje tynnare og som eigentleg er mykje betre teknisk. Derfor har me ikkje så mykje problem med dei. Men det har vore vasslekkasjar og målingssøl under målinga av taket. Mange av desse endringane har me valt ikkje å behandla, for dei er ikkje synlege frå der publikum oppheld seg. Men lause fargar kan me ikkje ha, for me kan ikkje risikera å mista originale Munch-fargar. Støvakkumulering må me fylgja med på, seier ho med ettertrykk.

REINSAR MUNCH-MÅLERI: Masterstudent Kristine Amundsen held på med å reinsa Munch-måleriet  Våknende menn i lysflommen. (Foto: Martin Toft)

Tine Frøysaker peikar også på andre gåter som dei ikkje har fått løyst.

– Det er eit anna fenomen som me ikkje er sikre på kva skuldast. Då måleria blei skorne ned i 1940, mista dei oppspenningskantane sine, og det var ikkje mogleg etter krigen å setja dei opp på blindrammer igjen. Derfor limte dei måleria på masonittplater, og så hadde dei eit rammeverk av tre på baksida. Det rammeverket har bevega seg såpass mykje at nokre stader har lerretet sprekt opp, men me har også mista ein del fargar i desse områda. Då dei limte måleria på desse treplatene, var det ikkje kontakt alle stader. Derfor har me ei slags delaminering mellom originallerretet og desse sekundære platene. Dette må me fylgja med på, fortel ho.

Tine Frøysaker er svært glad for at konserveringsstudiet har fått dette oppdraget av Eigedomsavdelinga ved UiO.

– Og me har hatt mange studentar inne, og nyutdanna frå konserveringsstudiet. Og kanskje dette går ut som anbod i heile verda om 100 år…,  rekk Tine Frøysaker å seia før ho blir avbroten av Ulla Uberg.

.. – og ja det hadde dei gjort allereie om me ikkje hadde stått sånn på og vore så samkjørte.

Så held Tine Frøysaker fram.

– For det første vil det ha blitt publisert så mykje at ingen av dei kan seia at dei ikkje visste. For det andre har alle studentane våre lært masse om det her, sånn at dei kan fylgja nøye med og skriva kritiske kommentarar i avisene, dersom framtidig arbeid ikkje går rett føre seg, trur Tine Frøysaker.  

NOTERER FUNNA: Konservator Oda Grønnesby set seg ned og legg inn alle funn av skader, nedsoting og overflatestøv på Munch-måleria straks ei arbeidsøkt er over. (Foto: Martin Toft)

Verdas første doktorgrad om bevaring av Munch-måleri

Arbeidet med Munch-måleria ber også frukter. Stipendiat Lena Porsmo Stoveland er i gang med verdas første doktorgrad om bevaring av Munch-måleri.

– Det er absolutt på tide, synest ho.

– Kva tema vil du ta opp i doktoravhandlinga di?

– Eg skal skrive ei doktoravhandling om reinseproblematikken her i Aulaen., spesielt om nedsotinga. For no fjernar me jo overflatestøvet gjennom tilstandsvurderinga. Eg skal ta meir tak i dei djuptsitjande problema for å få ut den sota som er blitt akkumulert gjennom fleire år, og som ikkje er så lett å fjerna med reinsemetodar på overflata.

– Så det blir ei kjemisk oppgåve?

– Kjemi er ein viktig del av konserveringsfaget og hovudrettleiaren min er kjemikar, men sjølv er eg utdanna målerikonservator. Nei, eg skal fokusera på skånsame turreinsemetodar. Eg har ikkje lyst til å involvera løysemiddel, og eg vil prøva å finna fram til metodar som er betre enn alternativa som me har i dag. Det finst truleg ikkje berre ei løysing og ein type reinsemetode som kan brukast på alle overflatene me har her, for dei er så varierte. Men kanskje nokre av desse teknikkane kan brukast på dei mest problematiske områda. Det gjeld spesielt på dei områda der Munch har late grunninga vera heilt bar, der trekkjer dei til seg ekstra mykje støv og skit, og derfor er dei også dei vanskelegaste å reinsa. Det blir ei utfordring.

 – Du har ikkje kome fram til ei løysing på det enno?

 – Nei, så langt har eg ikkje kome. No driv eg og lagar nokre testmåleri, der eg har valt nokre utvalde materiale av Munch og skal rekonstruera dei i såkalla «mockups-måleri,», og så skal eg testa reinseteknikkane på dei. Med slike heller nye og uprøvde  reinseteknikkar, ville det  ikkje vera etisk rett å begynna med testar direkte på dei originale Munch-måleria, seier ho.

Behandla sju aulamåleri i sommar

Arbeidet med Munch-måleria blei avslutta den første veka i august, så no vil det vera mogleg for alle interesserte å sjå resultatet av arbeidet til i Aulaen. Måleria som er blitt tilstandsvurderte og behandla i sommar er Nye stråler, Kvinner vendt mot solen, Våknende menn i lysflommen, Solen,   Genier i lysflommen, Menn vendt mot solen og Høstende kvinner. I fjor sommar blei det same arbeidet gjort på dei fire andre Aula-måleria Historien, Alma Mater, Kjemien og Kilden.

 

 

 

Emneord: Kunst, Universitetets Aula Av Martin Toft
Publisert 9. aug. 2018 11:14 - Sist endra 9. aug. 2018 13:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere