Munch-måleri tilbake i Aulaen

Uniforum var på plass då dei første måleria til Edvard Munch denne veka vende tilbake til Aulaen gjennom ei godt skjult opning i aulaveggen. For to år sidan blei Aula-måleria tatt ned av veggen og flytta til ein ukjend stad, fordi Aulaen skulla pussast opp til UiOs 200-årsjubileum.  

GODT NØGDE: Kulturminnerådgjevar for Statsbygg, Jens Treider og dagleg leiar for Aula-prosjektet, Mirjam Liu er glade for at Munch-måleria er på veg tilbake til Aulaen. Dei første som kom var "Kvinner vendt mot solen" og "Menn vendt mot solen".

Foto: Ola Sæther

LØFTET: Kranen løftar trekassen med dei to Munch-måleria opp til opninga i Aulaveggen.(Foto: Ola Sæther)

Kunstforvaltar Ulla Uberg ved Universitetet i Oslo trippar litt nervøst fram og tilbake, medan ho ventar på at målarstykka ”Kvinner vendt mot solen” og ”Menn vendt mot solen” skal heisast av lastebilen og opp gjennom den godt gøymde opninga i aulaveggen.

– Me tullar ikkje med Edvard Munch. Om det hadde vore måleri av Christian Krogh, hadde det kanskje vore litt annleis, seier ho litt spøkjefullt. Fleire menn frå Statsbygg, UiO og Reinertsen får til slutt opp skruane som held på plass den hemmelege luka i veggen der måleriet ”Solen” vanlegvis heng. Dermed kan kunstløftet av den 350 kilo tunge trekassen ta til. Ganske fort klarer kranføraren å lirka kassen gjennom holet og inn i Aulaen. Då kjem fleire arbeidsfolk til og legg traller under trekassen.

– Skummelt og spennande

 DIRIGERER: Kunstforvaltar Ulla Uberg dirigerer tilbakevendinga av Munch-måleria til Aulaen. (Foto: Ola Sæther)

– Dette er både skummelt, interessant og spennande. Og eg synest det er imponerande med folk som veit kva dei held på med, seier kunstforvaltar Ulla Uberg, som ikkje er særleg nervøs lenger. Ho er administrativ leiar for Aula-prosjektet, medan førsteamanuensis Tine Frøysaker på Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er fagleg ansvarleg.

– Alle måleria kjem tilbake i langt betre stand enn det dei var, då me tok dei ned frå veggen for to år sidan. Dei er reinsa, og me har festa dei til eit materiale som blir kalla for honeycomb. Det er sekskanta og forma som ei bikake. Materialet er heller ikkje brennbart, forklarar ho.

Eit løft på to tonn

Frøysaker ser nøgd på at kranen har plassert dei to første målarstykka trygt på golvet.

– Når dei to måleria er ute av kassen, drar transportfirmaet tilbake til lageret og hentar to andre av same storleik. Den største utfordringa blir når dei største måleria på 52 kvadratmeter kvar skal gjennom opninga. Då kan ikkje kranen koma gjennom holet. Så då må dei lirkast inn på ein annan måte enn i dag. Løftet vil då vera på to tonn, og ikkje på 350 kilo som løftet av dei to små måleria, opplyser ho.

Så ser ho at arbeidsfolka opnar trekassen, tar ut måleriet ”Kvinner vendt mot solen” og ber det bort  til kortveggen til venstre for scena og legg det ned på golvet. Etterpå gjer dei det same med måleriet ”Menn vendt mot solen”, og legg det sjølvsagt på golvet framfor veggen til høgre for scena. Det aller siste måleriet som vil koma på plass, er naturlegvis ” Solen” som skal hengjast opp over scena og framfor opninga som alle måleria skal gjennom når dei no vender tilbake til Aulaen.

 PÅ PLASS: Måleriet ”Menn vendt mot solen” blir bore fram til golvet framfor veggen der det skal hengja. (Foto: Ola Sæther)

– Det er flott at studentane på konserveringsstudiet er her og kan ha Aula-prosjektet som ei studentoppgåve, synest Frøysaker.

– No vil me leggja plast over måleria før me skal hengja opp desse måleria seinare denne veka. Men alle måleria vil ikkje vera på plass på veggen før 1. april, trur konservator Mirjam Liu, som er dagleg leiar for Aula-prosjektet. Då vil truleg også lysforholda i Aulaen ha blitt tilpassa Edvard Munchs berømte Aula-måleri, som etter ein heftig debatt kom på plass i 1916.

Les meir om Aula-prosjektet på konserveringsstudiet si nettadresse.

 

 

 

 

 

Emneord: Kunst, Kultur, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2011 14:03 - Sist endra 2. feb. 2011 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere