Vikingskipshuset og Historisk museum opnar igjen i dag

Klokka 10.00 i dag opnar både Vikingskipshuset og Historisk museum igjen etter å ha vore koronastengde i over to månader.

Ein mann talar med Osebergskipet i bakgrunnen

OPNAR IGJEN: No kan museumdirektør Håkon Glørstad ynskja folk tilbake til Vikingskipshuset på Bygdøy og til Historisk museum i Oslo sentrum igjen. Begge museumsbygningane har vore stengde sidan 12. mars på grunn av koronatiltaka. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Begge musea ligg under Kulturhistorisk museum, som har innført strenge smitteverntiltak for alle dei besøkjande.  Folk må halda ein meter avstand til kvarandre og dei minste barna må foreldra ha i beresele.  Garderobane er heller ikkje opne, og derfor kan folk berre ta med seg små vesker. Og så rår dei til at dei som kjøper billett gjer det med kontaktlaus betaling. Det vil sjølvsagt også seia kontantlaus betaling. Antibac er også tilgjengeleg ved inngangane til dei to museumsbygningane. Elles er nesten alt som før, går det fram av nettsidene til museet. Og alle kan igjen få sett verdas to einaste intakte vikingskip på nært hald i Vikingskipshuset, og sett  mellom anna utstillinga Vikingr i Historisk museum. 

Både Vikingskipshuset og Historisk museum er opne frå klokka 10.00 til 16.00 frå tysdag til sundag. Måndagar er museumsbygningane stengde for publikum. 

I går opna Botanisk hage portane. I dag klokka 11.00 opnar også dei zoologiske og geologiske utstillinga til Naturhistorisk museum på Tøyen. Dei vil vera opna mellom klokka 11.00 og 16.00 frå tysdag til fredag, men på laurdag og søndag vil dei vera opna mellom klokka 10.00 og 17.00.  Også på Kristi Himmelfartsdag vil museet ha dei same opningstidene som i helgane. 

Emneord: Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2020 09:39 - Sist endra 19. mai 2020 09:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere