Frida blir Norsk vitskapsindeks

Frida skal utviklast vidare til å bli eit felles informasjonssystem både for universitet, høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak. Bibliografien over vitskapleg publisering bør få namnet Norsk vitskapsindeks, tilrår ei nasjonal arbeidsgruppe leidd av forskar Gunnar Sivertsen ved NIFU STEP.

STORE FORDELAR: Både forskar Gunnar Sivertsen ved NIFU STEP og Tina Lingjærde i Frida-sekretariatet ser store fordelar for forskinga med å vidareutvikla Frida til ein felles norsk vitskapsindeks.
Foto: Martin Toft

I dag er Frida eigd av dei fire store breiddeuniversiteta og blir drifta av Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) ved UiO. Samtidig har høgskulane hatt Forskdok som ein felles database.

Arbeidsgruppa som blei oppnemnt av Kunnskapsdepartementet i februar i år ynskjer altså no at Frida skal bli grunnlaget for ein felles norsk vitskapsindeks.

- Over 150 institusjonar vil då kunna bruka Frida etter ei lita omstrukturering og vidareutvikling. I dag har Frida 9000 brukarar ved universiteta, og det er registrert 45 000 ulike arbeid, og ein fjerdedel av dei inngår i den vitskaplege komponenten, seier Tina Lingjærde, dagleg leiar for Frida-sekretariatet ved USIT.

Den norske vitskapsindeksen skal også i framtida driftast av UiO, om tilrådinga frå arbeidsgruppa blir fylgt. Det blir også foreslått at det blir gitt ei direkte løyving over statsbudsjettet kvart år til dekking av kostnadane til etablering og drift av ein felles database for informasjon om vitskapleg publisering, altså Norsk vitskapsindeks.

Klart i 2009

- Når dette er gjennomført i løpet av 2009, vil Noreg vera det første landet i verda som har fullt oversyn over alle publikasjonar frå offentleg finansiert forsking. Noreg vil også bli det første landet i verda der alle vil ha full tilgang til forskingsresultat både utanfrå og innanfrå, seier forskar Gunnar Sivertsen til Uniforum.

Han minnest godt at under sjølvevalueringa til UiO i 2001, så var eit kritisk punkt at universitetsleiinga ikkje hadde oversyn over all forsking som gjekk føre seg på institusjonen.

- No vil alle forskingsinstitusjonane få det, og dei vil i tillegg kunne finna ut kva forsking som går føre seg ved dei andre institusjonane. Alt vil vera tilgjengeleg for alle på nettet, understrekar Sivertsen og Lingjærde.

Arbeidsgruppa som Gunnar Sivertsen har vore leiar for, går inn for at systemet ikkje berre skal dokumentera vitskapleg publisering i Norsk vitskapsindeks, men også bør ha informasjon om mellom anna forskarar, grupper, prosjekt og andre forskingsresultat.

Alle forskingsinstitusjonar blir tilrådde å ta i bruk det nye nasjonale systemet for forskingsinformasjon, straks det fungerer godt nok for dei behova institusjonen har. Organet skal leiast av eit styre med likeverdig representasjon frå dei tre sektorane, altså universitet og høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak,

Skal driftast av UiO

Arbeidsgruppa rår også Kunnskapsdepartementet til å inngå ein avtale med UiO om drift av det nasjonale systemet for forskingsinformasjon. Det blir også rådd til at alle institusjonar får plikt til gå gi bibliografiske referansar og opplysning om institusjonstilknyting som er naudsynte for å sikra funksjonaliteten i Norsk vitskapsindeks.

Både Gunnar Siversen og Tina Lingjærde ser store fordelar for forskarane med den nye vitskapsindeksen.

- Dei kan leggja inn CVen sin ein gong. Dermed kan Forskingsrådet berre henta den opp kvar gong dei har søkt om økonomisk støtte til eit forskingsprosjekt. Det vil altså ikkje vera naudsynt å senda CVen inn kvar einaste gong. Og forskaren kan gå inn og leggja til endringar etter kvart som dei skjer, poengterer dei.

Den nye vitskapsindeksen vil også bli betre kvalitetssikra enn det den gamle utgåva av Frida var.

- Ein artikkel som er skriven av forskarar frå forskjellige forskingsinstitusjonar vil sjølvsagt ha med namna på alle institusjonane, uavhengig at tilsettingsforhold, slår dei fast. Dei trur også dette kan bli eit godt hjelpemiddel for den framtidige finansieringa av norsk forsking.

Stor internasjonal interesse

Begge har notert stor internasjonal interesse for den norske modellen for registrering av forskingsresultat.

- Andre land kopierer no heile eller delar av den såkalla "teljekantreforma." Danmark er i ferd med å gjera det, medan Flandern i Belgia og Australia kopierer delar av den norske modellen.

- Fordelen er at den ikkje berre er basert på dei vitskaplege tidsskriftene som er grunnlaget for Web of Science, eller ISI-indeksen, som i stor grad utelukkar humaniora og samfunnsfaga. Difor vil dei bruka den norske modellen som også inkluderer vitskaplege tidsskrifter og bokforlag for dei fagområda, seier Sivertsen og Lingjærde til Uniforum.

Norsk vitskapsindeks skal helst vera oppe og gå i 2009. Dermed vil alle registrerte forskingsresultat frå 2009 vera registrerte i den nye nasjonale vitskapsindeksen i 2010.

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2008 16:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere