Lærte nytt språk gatelangs i Kabul

Førsteamanuensis i persisk Finn Thiesen kunne 23 forskjellige språk. No har han nettopp kome tilbake frå Afghanistan etter å ha lært seg det 24. språket. Det er pashto, som er morsmålet til blant andre den afghanske presidenten Hamid Karzai. - Planen min er å gi ut ein grammatikk i pashto i løpet av 2009, seier Thiesen til Uniforum.

GATELANGS I KABUL: - Sidan eg gjekk i lang kjortel og har langt skjegg, kunne eg nok sjå ut som ein pashtun på avstand då eg vandra gatelangs i Kabul, seier førsteamanuensis Finn Thiesen.
Foto: Martin Toft

- Eg har alltid sagt at det er for seint å læra seg nye språk etter at du har fylt 50 år. No er eg godt over 60 og har nettopp lært pashto. Så eg får vel seia at eg ikkje praktiserer mitt eige råd, smiler Finn Thiesen, då me treffer han på kontoret ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS).

Den 4. juni kom han tilbake til Oslo etter eit 29 dagar langt opphald i Afghanistan. Målet med besøket var å læra å snakka pashto, slik at han ville få endå betre føresetnader for å fullføra det eigentlege oppdraget sitt.

- Sidan eg både snakkar og skriv urdu og persisk, så kunne eg i praksis også rundt 90 prosent av pashto, som også er eit iransk språk. Men for at eg skulle læra meg dei siste 10 prosenta, som er dei ein treng mest, måtte eg til Afghanistan for å snakka med pashtunane, fortel Thiesen.

Då han og ein pashto-talande afghansk kjenning kom til Kabul, blei dei henta av ein jeep frå den internasjonale ISAF-styrken, som skulle ta dei med til familien til den afghanske vennen til Finn Thiesen.

- Han bad likevel sjåføren om å stansa før me kom så langt, slik at me måtte gå dei siste 30 minutta. Grunnen var at det ville verka kompromitterande på systera og svogeren hans, dersom ein bil frå den internasjonale styrken stansa utanfor huset deira. Hos dei var me gjester i to dagar. Så då fekk eg god tid til å snakka pashto med dei, fortel Thiesen til Uniforum.

Gatelangs i Kabul

Men målet med turen var å snakka med pashtunar i Kabul. Så difor tok dei inn på eit hotell der.

- Kjenningen min følte at det var tryggast for meg som utlending å gå i gater der det var piggtråd på murveggane og væpna soldatar bak sandsekker. Sjølv følte eg meg slett ikkje trygg i desse gatene, så eg prøvde heller å dra han med meg til dei gatene som vanlege folk i Kabul brukte.

- Berre på den måten meinte eg det ville vera mogleg å koma i kontakt med dei som snakka pashto. Fleirtalet av folket i Kabul snakkar nemleg persisk, eller dari, som dei av politiske årsaker kallar det. Sidan eg gjekk i lang kjortel og har langt skjegg, kunne eg nok sjå ut som ein pashtun på avstand. Det gjorde det nok lettare for meg enn for andre utlendingar, seier Thiesen.

Ein trygg stad

Ein stad i Kabul opplevde han likevel som svært trygg.

- Universitetet i Kabul var ein vakker og still oase, midt i mengda av væpna soldatar og vakter i Afghanistans hovudstad. Ved Institutt for pashto møtte eg professor Bayazid Acak, som var ein tidlegare student av den internasjonalt kjende norske språkforskaren Georg von Munthe af Morgenstierne. Der kunne eg delta i pashto-klassen saman med dei langt yngre studentane, minnest han med stor glede.

Det gjekk heller ikkje journalistar i Afghanistan hus forbi at det var ein språkforskar frå Universitetet i Oslo som var i Kabul for å laga ein grammatikk i pashto.

- Då TV-reporteren spurte meg om eg hadde noko bodskap å koma med, fekk eg høve til å gi dei pastho-talande i Kabul kjeft fordi dei berre snakka dari med barna sine. Berre på den måten går det an å fremja pashtospråket si sak i hovudstaden, konstaterte Thiesen i fjernsynsintervjuet. Dagen etter helsa folk på han overalt i Kabul. Også tiggarane.

Religiøse diskusjonar

Seinare kom han inn i religiøse diskusjonar med lærarar på guteskular.

- Dei var svært opptekne av kvifor eg ikkje var muslim, og kvifor eg framleis kalla meg for kristen. Og når eg ikkje kunne koma med nokon direkte kritikk av islam, for å rettferdiggjera at eg ikkje ville bli muslim, gav nokon av dei seg likevel ikkje med å argumentera for at eg burde bli muslim.

- Då blei eg så irritert at eg sa til dei at ingen intelligent person ville bli muslim! Kvifor ikkje? spurde dei. " Hos ein hindu blir du invitert inn i huset hans (hinduismen) for å sjå korleis han har det, og så kan du gå ut igjen, når du vil. Viss du blir invitert inn i huset til ein muslim (islam) for å sjå korleis han har det, vil han aldri sleppa deg ut igjen, sa eg. Då stansa diskusjonen, seier Thiesen.

Norsk kultur i Meymaneh

Han blei også invitert til basen for dei norske styrkane i Meymaneh.

- Inne på basen var det norsk mat, norske aviser og norsk fjernsyn. Dei fekk ikkje ein gong inn afghansk TV. Og når soldatane var utanfor leiren, var dei der i fullt stridsutstyr, så difor var det ein svært unaturleg kontakt dei hadde med dei lokale innbyggjarane.

- Nokre gonger klarte eg å lura meg ut av basen kledd som ein pashtun, slik at eg fekk høve til å ta ein tur til basaren i byen. Dei som bur der, er usbekarar og har ingenting til overs for Taliban. Difor er det ganske trygt for utlendingar der. Men i det heile tatt har afghanarar store problem med at vantru soldatar frå Vesten er der for å verna dei. Personleg er eg ikkje særleg optimistisk når det gjeld Vestens prosjekt i Afghanistan, seier han og ristar på hovudet.

Indoeuropeisk språk

No skal han konsentrera seg om det grammatiske systemet til språket pashto.

- Det er eit indoeuropeisk språk, til liks med urdu, persisk og norsk. Det er i slekt med persisk, men det er ikkje lett å sjå. Medan hjarte på persisk heiter "del" heiter det "zra" på pashto. Trass i denne skilnaden har "del" og "zra" same opphav. Pussig nok er "mor" på norsk, også "mor" på pashto, smiler han.

Den beste ordboka på pashto er på russisk. Difor har han også fått repetert ein god del russisk under arbeidet med dette prosjektet.

- Faktisk snakkar forbausande mange afghanarar russisk. Og mange er svært nostalgiske overfor den russiske okkupasjonen, sidan russarane var flinke til å senda afghanske ungdomar til russiske universitet og sette i gang mange sosiale tiltak. Det skjer ikkje i dag.

- Vil du no tilby pastho som eit undervisningsspråk ved UiO?

- Ja, viss universitetet let ein 66-åring som meg halda på ei stund til. Det hadde i alle fall vore nyttig for Noreg, sidan landet har så mange soldatar og anna personell der. Elles så bør jo dei som ynskjer å studera pastho skaffa seg ein studieplass på Universitetet i Kabul. Det vil vera trygt både for kvinner og menn, forsikrar han.

- Vil du tilbake?

- Gjerne, men då vil eg dra til Kandahar. Då må turen planleggjast svært godt, slår han fast.

Pashto:
Eit iransk språk som blir brukt av ca. 30 mill. (1999), av dei 10,5 mill. i Afghanistan, der det har vore offisielt språk ved sida av persisk (kalla dari) sidan 1940, og rundt 19 mill. i Pakistan, der det er folkemål i Sarhad-provinsen, «Pakhtunistan».
(Kjelde: Store norske leksikon
Afghanistan:
Republikk: president Hamid Karzai
647 500 km²
31 889 900 innb. (2007)
Hovudstad: Kabul
Off. språk: Pashto, dari (persisk)
Religion: Islam
(Kjelde: Store norske leksikon)
Emneord: Internasjonalisering, Afghanistan, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2008 14:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere