Klimatoppmøte i Gamle Festsal

- Regjeringsskiftet i Australia viser at klimaendringane kan føra til politiske jordskjelv, sjølv om økonomien går godt. Det sa fredsprisvinnarane Al Gore og Rajendra K. Pachauri under samtalen dei hadde med forskarane Knut Alfsen og Karen O'Brien i Gamle Festsal i Urbygningen i går. Samtalen blei leidd av Nina Owing og sendt på direkten av NRK Fjernsynet.

NOBELSAMTALE: Fredsprisvinnarane Al Gore og Rajendra K. Pachauri i samtale med NRKs Nina Owing og forskarane Knut Alfsen og Karen O'Brien i Gamle Festsal.
Foto: Trine Nickelsen

- Det første den nye statsministeren i Australia gjorde etter at han hadde overtatt, var å ratifisera Kyoto-avtalen. Folk i Austalia hadde merka godt til klimaendringane gjennom tørke og dårlege avlingar, sa Rajendra K. Pachauri, som er leiar for FNs klimapanel (IPCC). Og USAs tidlegare visepresident Al Gore repliserte:

- Og no er også politikarane i dei republikanskstyrte delstatane Texas og Kansas byrja å bli medvitne på klimaendringane etter at dei ser korleis veret har forandra seg, konstaterte han.

Begge var sikre på at det var mogleg å endra politikk og få gjort noko med klimaendringane.

- Me trur at miljøtrugsmålet vil vera den første saka som vil visa effekten av ei global folkerørsle Og når folk ser at stormane blir sterkare og issmeltinga endå meir omfattande enn før, vil dei reagera, meinte Gore og Pachauri.

Både forskingsdirektør Knut Alfsen ved CICERO Senter for klimaforsking og professor Karen Bryant ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi var samde med dei to fredsprisvinnarane.

Rektor Geir Ellingsrud ynskte alle velkomen til Gamle Festsal og Universitetet i Oslo med håp om at Nobelsamtalen i Gamle Festsal kunne bli ei årleg fjernsynssendt hending.
- Tidlegare var fredsprisutdelinga i Universitetets Aula. Gjennom å arrangera denne samtalen i Gamle Festsal, har i alle fall ein del av den gamle tradisjonen vend tilbake, peika han på.

Emneord: Internasjonalisering, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2007 16:00 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere