Brakte Abel-manuskript heim for fire millionar

For fire millionar kroner fekk industrigrunnleggjaren Alf Bjørseth og selskapet hans Scatec kjøpa tre av Niels Henrik Abels matematiske originalmanuskript frå den svenske stiftinga Institut-Mittag-Leffler. No får manuskripta plass i Handskriftsamlinga til Nasjonalbiblioteket, slik at både forskarar og andre får tilgang til dei.

ABEL-MANUS: Forfattar Arild Stubhaug tar eit av Abels brev ut av konvolutten med statsråd Tora Aasland som tilskodar.
Foto: Ola Sæther

I går kom manuskripta heim til Nasjonalbiblioteket borne fram av Alf Bjørseth, som blei fylgd av ein lang prosesjon med notabilitetar frå Noreg og Sverige.

- Niels Henrik Abel er ein av dei aller største forskarane våre gjennom tidene, og det er svært gledeleg at me no får matematiske originalmanuskript av Abel heim til Noreg, sa
statsråd Tora Aasland under overrekkingsseremonien.

Heimkjøp frå Sverige

Abel-manuskripta blir gjevne som ei nasjonal gåve til Det Norske Vitskapsakademiet av Alf Bjørseth og selskapet hans Scatec i samband med 150-årsjubileet til akademiet i år.

Det er Bjørseth sjølv og dottera hans som eig selskapet, og som bestemte at dei skulle bruka fire millionar kroner på å kjøpa desse Abel-manuskripta frå Institut-Mittag-Leffler og bringa dei tilbake til Noreg.

- Det er svært bra at desse pengane no går inn i grunnkapitalen til denne stiftinga, som arbeider for forskarar i heile Norden, understreka Bjørseth, som også håpa at dette heimkjøpet kunne få andre positive fylgjer.

- Meir forståing for matematikk

- Eg håpar det kan vera eit bidrag til å skapa meir forståing for matematikken og auka interessa for realfaga. Abel var ikkje berre Noregs største forskar og matematikar, men også ein av grunnleggjarane av den moderne matematikken. Han er eit godt prov på at eit land med få innbyggjarar også kan fostra store vitskapsmenn.

- No er Abel-manuskripta komne til Noreg takka vera eit initiativ frå forfattaren Arild Stubhaug. Og med god assistanse frå styret for Vitskapsakademiet, Den norske ambassaden i Stockholm og Nasjonalbiblioteket klarte me å få det til, slo Bjørseth fast.

- Det er positivt at midlane som manuskripta blir kjøpte for, går til eit institutt som har til formål å fremja matematikkmiljøet i dei nordiske landa. Me ser gjerne at fleire bedrifter i Noreg interesserer seg for å støtta forsking, sa Aasland under overrekkinga.

Niels Henrik Abel blei fødd i 1802, og døydde i 1829, berre 27 år gammal. Abel klarte likevel å bli ein av dei første norske forskarane som fekk svært godt ord på seg internasjonalt, og dei matematiske arbeida hans har hatt mykje å seia for den vidare utviklinga av matematikken.

Blant dei tre manuskripta som no kjem til Noreg, har det eine vore svært viktig for Abels livsverk, då det behandlar ellipsefunksjonar, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Emneord: Forskning, Videnskaps-Akademiet, Niels Henrik Abel2 Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2007 15:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere