Medierevolusjon blei forskingssatsing

I dei fire åra frå 2004 til 2007 har seksten store forskingsprosjekt på UiO sett på samansmeltinga av digitale og tradisjonelle medium. Dei har blant anna forska på korleis nye teknologiar og medium endrar relasjonar og identitet, kommunikasjon og kunnskapsformer i samfunnet. Denne veka skal dei oppsummera resultata sine på ein internasjonal konferanse på Blindern.

60 MILL: - UiO sette av ni millionar kroner til denne satsinga, og det har resultert i forskingsprosjekt med ein portefølje på mellom 60 og 70 millionar kroner, fortel Trond Eiliv Hauge.
Foto: Martin Toft

Konferansen har fått den lange, engelske tittelen "Coming to Terms with 21st Century Practices: ICT, Competence and Cultural Change." Bak tittelen skjuler det seg altså 16 ulike forskingsprosjekt frå fem fakultet ved UiO. Tre av prosjekta er finansierte av EU-pengar. Professor Trond Eiliv Hauge er hovudkoordinator for dette strategiske forskingsprogrammet, og han er stolt over det dei har klart å få til frå 2004-2005.

- UiO sette av ni millionar kroner til denne satsinga, og det har resultert i forskingsprosjekt som til saman har hatt ein portefølje på mellom 60 og 70 millionar kroner. Det viser at prosjekta har trekt til seg store forskingsløyvingar både frå EU og Forskingsrådet.

- Me er også svært tilfredse med at så ulike fagmiljø som Institutt for informatikk, Pedagogisk forskingsinstitutt, InterMedia, Institutt for media og kommunikasjon, Institutt for rettsinformatikk og Senter for teknologi og kultur på SV-fakultetet har vore delaktige i denne strategiske forskingssatsinga, fortel Hauge til Uniforum.

Flytting av makt og autoritet

I forskingsprosjekta har dei også vore opptekne av å sjå på strukturendringar.

- Me har forska på korleis makt og autoritet blir flytta gjennom endra kompetanse og interaktiv bruk av nye medium. Dessutan har me prøvd å gå nærare inn i spørsmålet om korleis læring i utdanning og arbeidsliv kryssar grenser og utfordrar utviklinga av kunnskap og kompetanse i samfunnet, fortel han.

Hauge vil gjerne ta med også andre resultat av denne satsinga.

- Det har ført til deltaking i eit omfattande internasjonalt forskarnettverk, Kaleidoscope, leidd frå InterMedia, som blant anna opna for at norske ph.d.-studentar deltar i ein virtuell doktorskule. Ei anna fylgje av dette har vore etableringa av ein nasjonal forskarskule i Læring, kommunikasjon og IKT, leidd av InterMedia. Skulen har i dag tolv deltakarar. Ikkje minst har satsinga ført til publisering av mange bøker innanfor dette temaet, slår Hauge fast.

Prosjekta held fram

Blant prosjekta finst det nokre som har sett på kva som skjer når grensene mellom designarar og brukarar av nye medium blir viska ut, og ulike teknologiar i større og større grad blir integrerte.

- Men kva skjer med forskingsprosjekta no når satsingsperioden er over?

- Mange av dei vil halda fram, også som nye prosjekt. Det er berre infrastrukturen rundt denne forskingssatsinga som no blir lagd ned. Forskinga på dette temaet vil gå føre seg også i dei komande åra, konstaterer Hauge.

- Eg synest at UiO langt på veg skal vera nøgd med denne satsinga, og difor vil eg oppfordra så mange som mogleg til å delta på konferansen for å høyra på internasjonale toppforskarar innanfor dette fagmiljøet, seier Hauge.

Konferansen blir skipa til 22. og 23. november i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Emneord: Forskning, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Undervisning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2007 16:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere