Eit grensesprengjande helsesamarbeid

- Mange helse- og forskingsinstitusjonar har samarbeidsprosjekt med Russland, men få veit om kvarandre. No kan me treffast og dra nytte av dei ulike røynslene våre. Det seier Julia Ferkis, som er dagleg leiar for Russlandssenteret og ein av initiativtakarane til ein konferanse om forskingssamarbeidet mellom Russland og Noreg.

FELLES NETTVERK: - Håpet vårt er at me som deltar vil få eit felles nettverk som me kan dra nytte av på grunn av vår felles kompetanse på og kontakt med Russland, fortel Julia Ferkis.
Foto: Martin Toft

Den 20. og 21. november vil forskarar og helsebyråkratar frå Russland og Noreg setja seg ned på Holmen Fjordhotell og dela felles røynsler av det utstrekte samarbeidet på helseforskingsområdet mellom dei to landa. Helse- og forskingsinstitusjonar både i nord og sør i landet har eit ganske godt utvikla samarbeid med tilsvarande institusjonar i nabolandet Russland.

- Problemet er at me ikkje veit om kva dei andre driv på med. Det var difor den no avdøde psykiateren, Gerd Ragna Block-Thorsen frå Stavanger kom med ideen om å få organisert ein eigen konferanse om dette samarbeidet. Eg tok tak i initiativet hennar og kontakta Helse- og omsorgsdepartementet som var veldig positiv til framlegget. Forslaget blir endeleg realisert gjennom denne konferansen, seier Julia Ferkis, som er dagleg leiar for Russlandssenteret ved UiO.

Konferansen skal opnast av statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Rigmor Aaserud. Også Russlands helsedepartement og ambassade vil vera til stades på konferansen.

Felles nettverk

- Me ynskjer at alle norske universitet og høgskular som har samarbeid med Russland om helseforsking, skal vera representerte. Til no har me fått 85 påmeldingar, og me det har me faktisk fått fullt opp heile konferansen. Håpet vårt er at me som deltar vil få eit felles nettverk som me kan dra nytte av på grunn av vår felles kompetanse på og kontakt med Russland, fortel Ferkis.

Evaluerer samarbeid

Russlandssenteret har gjennom arbeidet med denne konferansen også klart å laga ein database med eit oversyn over alle helserelaterte samarbeidsprosjekt med Russland. Og det som vil vekkja mest interesse på konferansen, har dei valt å leggja som nest siste post på den siste konferansedagen.

- Norsk institutt- for by- og regionsforsking (NIBR) har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet evaluert alle desse samarbeidsprosjekta. Resultatet av evalueringa blir lagt fram på konferansen. Så håpar med konklusjonen kan stimulera til diskusjon om resultata av evalueringa, fortel Julia Ferkis.

Emneord: Internasjonalisering, Russland, Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2007 14:43 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere