Kaldt og vått klima aukar grashoppebestanden i Kina

Periodar med kaldt og vått klima fører til at talet på grashopper i Kina aukar. Det har forskarar ved Universitetet i Oslo funne ut i nært samarbeid med forskarar frå Kina, USA og Sveits. I arbeidet har dei fått god hjelp av årlege statistikkar over grashoppebestanden som ein kinesisk keisar sette i gong for over tusen år sidan.

IKKJE VERRE: Klimaendringane vil ikkje gjera grashoppeplaga i Kina verre enn i dag, har forskarane Leif Christian Stige og Nils C. Stenseth og fagfellane deira funne ut.
Foto: Martin Toft

- Hovudkjelda vår er nedteikningar av grashoppebestanden gjennom 1000 år frå tre ulike stader i Kina. Målet var å vera godt førebudd på utbrot av grashoppeår, som kunne føra til store skader på avlingar. I dag hjelper denne unike statistikken oss til å finna ut kva framtidige effektar klimaendringar kan få for framveksten av grashopper og moglege grashoppeår.

Det fortel førsteforfattar Leif Christian Stige og medforfattar og senterleiar Nils C. Stenseth ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Universitetet i Oslo.

Saman med dei kinesiske forskarane Kung-Sik-Chan og Zhibin Zhag og sveitsaren David Frank har dei skrive artikkelen som denne veka blir publisert i det prestisjetunge tidsskriftet PNAS. Der har dei sett på kva effekt klimaendringar har på vekstforholda for den orientalske grashoppa Locusta migratoria manilensis.

Temperatursvingingar påverkar grashoppebestanden

- Det viktigaste funnet me har gjort, er at me har oppdaga ein klar samanheng mellom temperatursvingingar og mengda med grashopper. Me undersøkte samanhengen mellom klimaendringar og talet på grashoppeutbrot for kvart tiår.

- Då fann me faktisk at det er meir grashopper i kalde og våte periodar enn i varme og tørre periodar. Dette overraska oss, fordi andre forskarar har vist at sjansen for grashoppeutbrot er størst i varme enkeltår. Først trudde me ikkje våre eigne tal, men etter at me hadde gått djupare inn i stoffet, kunne me slå fast at det ikkje var nokon motsetnad mellom våre og dei andre forskarane sine funn, seier Stige.

Han er glad for at den no avdøde kinesiske forskaren S.C. Ma gjorde den tusen år lange keisarlege statistikken over grashoppebestanden på ulike stader i Kina tilgjengeleg for vitskapen.

- Tala me har samla tyder på ein positiv, indirekte effekt av kalde temperaturar på mengda av grashopper. I kalde og våte periodar er det hyppigare tilfelle av både tørke og flaum enn i periodar med varmt og tørt klima. Andre forskarar har funne ut at kombinasjonen av flaum og tørke kan auka bestanden av grashopper.

- I tørkeår er det gunstige forhold for egglegging på elvebreidda, medan det i åra etter ein flaum er gunstige forhold i dei områda som blei dekka av vatn under flaumen. Kort fortalt fører flaum til ein auke i grashoppebestanden to til tre år seinare, medan eit tørkeår gir ein auke i grashoppebestanden det same året, forklarar Stige.

- Kinesiske døropnarar

Både han og Stenseth set stor pris på samarbeidet med dei kinesiske forskarane.

- Det var arbeidet professor Ma gjorde på 1950-talet for å laga eit oversyn over bestanden av grashopper og på kva stader dei føretrekte å leggja egg, som har inspirert oss til å halda fram med vidare forsking på dette feltet.

- Utgangspunktet for kartlegginga hans var at dei kinesiske styresmaktene ynskte å vita korleis grashoppeproblema kunne reduserast. Han lykkast ganske bra med det, og deretter kunne dei øydeleggja oppvekstområda til grashoppene ved hjelp av irrigasjonsprogram i kombinasjon med å sprøyta gift på dei. Sjølv om me ikkje har hatt felles forskingsprosjekt, så har professor Ma og seinare professor Zhang, vore døropnarar for oss inn i det kinesiske forskarsamfunnet, slår Stenseth fast.

Statistisk gullgruve

Dei to forskarane har ingen planar om å kvila på sine laurbær og avslutta forskingsprosjektet no.

- Nei slett ikkje! Me sit no med nedteikningar av bestanden av grashopper og tilfellet av grashoppeår frå over 3000 år tilbake. Dette er ei gullgruve som det berre er å henta skattar ut av. Problemet for oss er at alle nedteikningane er på kinesisk, men nettopp difor vil me få god hjelp av ein kinesisk stipendiat som blir ein del av forskargruppa vår i løpet av neste år, varslar dei.

- Og korleis vil klimaendringane påverka bestanden av grashopper i Kina?

- Lite tyder på at det blir eit kaldare og våtare klima der. Det blir nok heller varmare, men det er meir usikkert korleis nedbørsmønsteret vil endrast. Men dersom endringane i nedbøren, og dermed i tørke og flaum, tilsvarar endringane i tidlegare varme periodar, blir ikkje grashoppeplaga verre enn i dag, konstaterer dei.

No vil dei utvida prosjektet til andre verdsdelar.
- Me vil gjerne undersøkja samanhengane mellom klima og dynamikken til bestandane av grashopper i Nord-Afrika for om mogleg å bidra til å seia noko om når det vil bryta ut grashoppeår der.

Emneord: Miljøforskning, Biologisk institutt, Forskning Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2007 15:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere