Gir hjartepasientar håp om eit betre liv

Personar med hjartesvikt kan i framtida kanskje leva lenger og betre takka vera eit funn gjort av forskarane Kjetil Taskén og Birgitte Lygren ved Bioteknologisenteret på UiO. No håpar dei det kan brukast til å utvikla ein ny medisin for personar med hjartesvikt.

HJARTEMEDISIN: Forskarane Kjetil Taskén og Birgitte Lygren håpar funnet deira kan utviklast til hjartemedisin. Det får dei hjelp til frå Kristin Sandereid (t.v) i Birkeland Innovasjon.
Foto: Ola Sæther

Forskarane Kjetil Taskén, Birgitte Lygren og Cathrine Carlson har oppdaga eit protein, AKAP 18, som kan få hjartet til å slå raskare og kraftigare gjennom påverknad frå adrenalin og noradrenalin. Oppdaginga gir håp om betre livskvalitet for hjartepasientar.

For kvart år får om lag ti millionar personar i Europa og USA hjartesvikt. Ein tredel av desse pasientane reagerer dårleg på medisinane og døyr. I dag blir desse pasientane i stor grad behandla med betablokker, som ikkje berre påverkar adrenalinproduksjonen i hjartet, men også i andre delar av kroppen.

Kan bli medisin utan biverknad

Etter ei fem år lang leiting har professor Kjetil Taskén og doktor Birgitte Lygren funne proteinet AKAP 18. som altså hjelper hjartet til å slå raskare og kraftigare gjennom påverknad frå adrenalin og noradrenalin. Dermed har dei eit grunnlag for å utvikla ein medisin som ikkje vil verka inn på adrenalinproduksjonen i andre delar av kroppen.

- Når me trenar eller blir stressa pumpar me opp adrenalinnivået. Dermed går pulsen opp, hjartet slår fortare og nokre av oss blir raude i ansiktet, forklarar Taskén.

- Kva gjer så adrenalinet med hjartet?

- Kvart hjarteslag byrjar med eit signal frå rytmeboksen i hjartet. Dette gjer at alle muskelfibrane inne i hjartecellene badar i kalsium, og difor trekkjer dei seg saman. For at hjartet skal fyllast før neste slag, må fibrane slappa av. Difor kvittar dei seg med kalsiumet, ved at det blir pumpa "oppoverbakke" inn i lager eller "demningar."

- Adrenalinet påverkar hjartet på den måten at det får det til å gå fortare og meir effektivt "oppover fossen" og inn i demningen. Det me har oppdaga er at proteinet AKAP18, som me visste fanst i nyrene, også finst i hjartet. Dette proteinet bring saman eit bremsemolekyl og fleire enzym, som får hjartet til å slå raskare og kraftigare under påverknad frå adrenalinet. Proteinet bidrar i prosessen som regulerer opptaket av kalsium i lager inne i cellene og får hjartet til å slappa av og førebu seg på neste hjarteslag, fortel Taskén.

- Stor stas

Han, Lygren og Carlson, som no er på Ullevål universitetssjukehus, har heile tida samarbeidd med forskarar i Tyskland og Italia om dette prosjektet. Funnet blir omtalt i ein vitskapleg artikkel som blir publisert i det velrenommerte forskingstidsskriftet EMBO Reports denne veka. Det er samtidig ein del av doktorgradsarbeidet til Birgitte Lygren, som har hatt Kjetil Taskén som rettleiar.

- Eg synest sjølvsagt det er stor stas å få resultatet av doktorgradsarbeidet inn i eit så prestisjetungt vitskapleg tidsskrift. Håpet er at eg kan få halda fram med forskinga på dette feltet, seier ho. Begge håpar at funnet deira kan brukast i utviklinga av medisin som kan auka sjansen for å overleva for pasientar med hjartesvikt etter hjarteinfarkt.

Langt fram

- Proteinet blir no prøvd ut på forsøksdyr i samarbeid med Ullevål universitetssjukehus. Men det tar oftast mellom 8 og 15 år og mange hundre millionar dollar før det kan bli utvikla til ein ferdig medisin, understrekar Taskén og Lygren, som gjerne vil gi honnør til hjelpa frå Birkeland Innovasjon.

- Me er glade for den støtta me har fått frå Birkeland Innovasjon til å få oppretta eit eigen patent på effekten av dette proteinet, og til utviklingsmidlar gjennom FORNY-programmet. Saman med pengar frå Forskingsrådets program for funksjonell genomforsking (FUGE) har det finansiert store delar av denne forskinga, slår han fast. Taskén viser til at Birkeland Innovasjon har vore flinke til å organisera ei framdrift med milepælar og ei fornuftig rekkjefylgje.

- Før måtte ein gjera alt dette arbeidet sjølv, og det tok sjølvsagt mykje tid. Det er både enklare og større sjanse for at eit funn kan utviklast til eit nyttig produkt med hjelp frå Birkeland Innovasjon, konstaterer han. Kristin Sandereid er teknologisjef for Life Science ved Birkeland Innovasjon og er imponert over dette funnet.

- Det er nettopp slik grunnforsking som har det største potensialet i seg til å utvikla noko nyskapande, synest ho.

Emneord: Forskning, Birkeland Innovasjon, Bioteknologi Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2007 14:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere