UiO overtar heile ansvaret for POLS frå 2009

- No har me fullt trykk på å løysa alle utfordringane med det nye personal- og lønnssystemet (POLS). Det seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og prosjektdirektør Benedicte Rustad etter at Universitetsstyret denne veka vedtok at UiO sjølv skal ta ansvaret for vedlikehald og drift av POLS frå 1. mars 2009.

FULLT TRYKK: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og prosjektdirektør Benedicte Rustad lovar fullt trykk for å få løyst utfordringane med POLS. Bak: teknisk direktør Frode Meinich.
Foto: Ola Sæther

Det var på eit tre timar langt lukka møte 11. september Universitetsstyret vedtok at UiO seier opp tenesteavtalen med Senter for statleg økonomistyring (SSØ) frå 28. februar 2009. Denne statlege organisasjonen har hatt totalansvaret for drifta av systemet og har levert det både til UiO og til mange av høgskulane i Noreg. Samtidig vil UiO altså overta ansvaret for vedlikehald og drift av POLS frå 1. mars 2009. Begge deler er blitt gjort i samforstand med SSØ, blir det understreka frå universitetsleiinga.

Lønningssjef Trond Ryd har i Uniforum tidlegare peika på at det nye lønns- og personalsystemet i stor grad var basert på bruk av manuelle rutinar. Han viste til at det går greitt med 200-300 utbetalingar i månaden, men ikkje med mellom 15 000 og 16 000 slik UiO har.

Systemet byggjer på ei SAP-basert løysing, og sidan det nye personal- og lønnssystemet blei innført ved UiO for eitt år og sju månader sidan, er mykje gått feil. Mange personar med lauslønn på UiO har opplevd ikkje å få lønn til rett tid og utbetaling av refusjonar fungerte lenge ikkje slik det skulle.

Dessutan har UiO hatt store problem med avstemming mot rekneskapssystemet. Det har vore ei medverkande årsak til at Riksrevisjonen enno ikkje har godkjent UiOs rekneskap frå 2006.

Difor vedtok Universitetsstyret før sommarferien å bruka 16,1 millionar kroner av reserven sin for å få fart på arbeidet med POLS. Det gav rom for tolv nye medarbeidar som skulle inn i fire ulike delprosjekt som saman skulle arbeida for å få avslutta innføringa av POLS på UiO. Årsaka var at UiO ville kompensera der SSØ ikkje leverte som føresett, slo Ryd fast overfor Uniforum.

8 millionar ekstra

Denne veka vedtok Universitetsstyret å løyva nye 8 millionar kroner for å få prosjektet opp og stå.

- Alle har jo fått lønn, sjølv om ikkje alt har gått slik det skulle, minner universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe om. - I første omgang opprettar med eit nytt prosjekt som skal få ansvaret for å realisera den langsiktige løysinga for lønnsutbetaling ved UiO. Styret gav også tilslutning til at det skal arbeidast vidare med å planleggja kva nye variablar som skal leggjast inn i det nye personal- lønnssystemet, seier ho.

Gjensidig oppseiing

- Kvifor seier UiO opp avtalen med Senter for statleg økonomistyring (SSØ)?

- Det er ei gjensidig oppseiing som begge partar er einige om.

- Er årsaka at de ikkje er nøgde med dialogen med SSØ?

- Det blir litt for generelt og litt for enkelt å seia det på den måten. Me er i dialog med dei. Samarbeidet med SSØ er blitt mykje betre og me har ei felles forståing av den situasjonen som Universitetet i Oslo er i, sidan universitetet har ein stor og kompleks organisasjon. Men det finst ingen lettvinte løysingar for drifta av det nye personal- og lønnssystemet, understrekar Benedicte Rustad.

- Styret løyvde nye 8 millionar kroner til POLS-prosjektet. Kva skal desse pengane brukast til?

- Den konkrete bruken av desse pengane blir bestemt i samband med handsaminga av 2008-budsjettet. Det som er klart er at pengane vil gå til å styrkja kompetansen på det nye personal- og lønnssystemet. Kort og godt treng me fleire hender og auka kompetanse, slår Bjørneboe fast.
- Trur de at desse tiltaka vil vera nok til å få godkjent UiOs 2006-rekneskap av Riksrevisjonen?
- Det overordna målet vårt er å få rekneskapen for 2006 godkjent. Eg vil også gjerne gi honnør til alle medarbeidarane våre som arbeider for å få dette til, konstaterer Bjørneboe.

Rekneskapssystemet til UiO blir ikkje levert av Senter for statleg økonomistyring. Der har UiO vald ei anna løysing enn dei andre statlege kundane til SSØ.

Får støtte frå Parat

Leiaren for fagforeininga Parat, Ole Martin Nodenes forstår godt at styret vedtok å seia opp avtalen med Senter for statleg økonomistyring (SSØ).

- Dette var UiO nøydd til å gjera sidan SSØ ikkje har gjort det dei skulle ha gjort. Det har sett UiO i eit skikkeleg uføre, og difor var det ingen reelle alternativ til å seia opp avtalen med SSØ, konstaterer han.

- Eg er svært uroa over alle pengane som går til POLS, fordi det er så langt frå primærverksemda som det går an å koma. Spesielt med tanke på kor hardt mange institutt slit økonomisk. POLS kjennest som ei økonomisk bør som berrre blir tyngre og tyngre. No håpar eg at dette skal vera nok til å få skuta på rett kjøl. Me skulle gjerne ha stoppa før hoppkanten, men no er me midt i svevet, seier Ole Martin Nodenes.

POLS= personal- og lønnssystem
Innført ved UiO 1. mars 2006
Leverandør: Senter for statleg økonomistyring (SSØ)
Systemet er ei SAP-basert løysing og kan nyttast til personaladministrasjon, rapportering, statistikkar, lønnsutbetaling, behandling av sjukepengar, reiseoppgjer m. m.

SAP- eit dataprogram for personal- og lønnssystem utvikla av det tyske selskapet SAP (Systems Applications and Products in Data Processing).

Emneord: Universitetspolitikk, POLS, LØP Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2007 14:30 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere