UiO utset oppstarten av elektronisk arkiv

Universitetet i Oslo utset oppstarten av elektronisk arkiv frå 15. juni til 15. september. -Grunnen er at nokre viktige brikker enno ikkje er heilt på plass, opplyser organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen til Uniforum.

UTSET E-ARKIV: Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen trur ei utsetjing vil gi betre tid til førebuingar.
Foto: Ståle Skogstad

Planen var altså at det elektroniske arkivet skulle vera oppe og gå frå fredag 15. juni. Det skulle vera første delen i innføringa av elektronisk sakshandsaming ved Universitetet i Oslo. Heile prosjektet skulle vera gjennomført i løpet av 2008, opplyste tidlegare prosjektleiar Erik Gulbrandsen til Uniforum 7. mars i år. No har altså prosjektgruppa avgjort at det elektroniske arkivet ikkje skal setjast i gang før 15. september. Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen meiner dette er naudsynt.

- Utsetjinga gir oss betre tid til førebuingar. Det har blitt jobba hardt mot den planlagde oppstarten av E-arkiv 15. juni. Alle avtalar og formalitetar er på plass, systemet er testa, driftsmiljø og klientløysingar er klare og opplæringsprogrammet er gjennomført. Men det er nokre viktige brikker som enno ikkje er heilt på plass, seier ho, og viser til behovet for fleire testar.

- Me ynskjer meir testing mot lønns- og personalsystemet og mot det brukaradministrative systemet Cerebrum. Me har behov for å ta høgde for moglege feil som måtte dukka opp i import av data og som vil kunna krevja meir kapasitet til rettingar. Dette vil bli ei ekstra bør på lønningsseksjonen som alt er hardt pressa på ein uforsvarleg måte. Dessutan ynskjer me også å sikra oss nok kapasitet i arkivleiinga til å gi nok støtte til arkivarane i oppstartsperioden. Utsetjinga gir oss dermed meir tid til å utarbeida gode rutinar, som er tilpassa det nye systemet, og me vil dessutan ha skannarar på plass alle stader, understrekar Halsen.

Papirarkiv til 15. september

- Kva vil skje me det som skal i arkivet fram til 15. september?

- Alt arkivverdig materiale fram til då blir i det skriftlege arkivet vårt, medan alt frå 15. september blir lagra elektronisk. Me kan også bruka den ekstra tida til å få rydda litt meir i eventuelle gamle saker som er blitt liggjande, fortel ho. Og ho ser at mange no lurer på kva som skal skje med neste fase av prosjektet.

- Mange er spente på kva som vil skje med neste fase av prosjektet der me skal i gang med elektronisk sakshandsaming.. Me vil utarbeida ein revidert prosjektplan som vil inkludera ny tidsplan for pilotane, slår ho fast. Pilotane for prosjektet er Det medisinske fakultetet, Det teologiske fakultetet og Studieadministrasjonen.

- Bra!

Parat-leiar Ole Martin Nodenes er glad for at Universitetet i Oslo har vedtatt å utsetja dette prosjektet med tre månader.
- Det er bra at dei arkivtilsette får sommarferie, og det er bra at prosjektleiinga torer å snu og utset prosjektet i staden for å pressa det gjennom, seier Nodenes til Uniforum.

Emneord: Universitetspolitikk, Arkiv, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 8. juni 2007 13:11 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere