Litt færre primærsøkjarar vil til UiO

Psykologi og spansk er vinnarane, medan studiet teologi og kristendom er den store taparen. Det viser oversikten over søkjarane til studium ved UiO. Samla går talet på søkjarar som har UiO som førsteprioritet, ned med 2,2 prosent, viser statistikken frå Samordna opptak. Rektor Geir Ellingsrud synest ikkje det ligg nokon dramatikk i desse tala.

FÆRRE VIL TIL UiO: Talet på primærsøkjarar som vil til UiO går ned med 2,2 prosent i 2007, viser tal frå Samordna opptak. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther

- Eg er likevel skuffa over den store tilbakegangen av primærsøkjarar på lektor- og adjunktprogrammet for realfag. Der er det faktisk færre primærsøkjarar enn studieplassar, har han registrert.

- Jamt over er det likevel langt fleire primærsøkjarar til studia enn det er studieplassar. Studiet i geofag og naturressursar har ein stor auke i talet på primærsøkjarar, samtidig som studiet i fysikk, astronomi og meteorologi har fått ein nedgang i talet på søkjarar. Når ein ser på dei generelle søkjartala til MN-fakultetet, er det ein svak nedgang i søkinga, men trenden kan vera i ferd med å snu, konstaterer UiO-rektoren.

Også bachelorstudiet i matematikk og økonomi har registrert ei stor søking i høve til andre studium med 76 søkjarar som konkurrerer om 30 studieplassar. Det er eitt av dei få lyspunkta på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

For mange studium har fleire studieplassar enn søkjarar som har dei som førsteprioritet. Det gjeld både det generelle studiet realfag, studiet matematikk, informatikk og teknologi og studiet materialar, energi og nanoteknologi.

Kjemi har berre 40 søkjarar med faget som førsteprioritet. Dei konkurrerer om 35 studieplassar. Det viser at krisa for realfaga i alle fall ikkje er heilt over ved UiO, sjølv om tala viser at MN-fakultetet samla sett ikkje taper mange søkjarar, berre 0,4 prosent i høve til fjoråret.

Psykologi gir oppgang for SV

SV-fakultetet kan visa til ein auke på 9.2 prosent i talet på søkjarar som har eitt av faga på fakultetet på førsteplass på søknaden sin. Dette skuldast den store søkinga til profesjonsstudiet i psykologi, som kan visa til heile 1514 søkjarar som har faget som førsteprioritet, medan det berre finst 50 studieplassar dette haustsemesteret. Det er kome inn 149 førsteprioritetssøknadar til dei 50 plassane for vårsemesteret 2008.

Den same populariteten har ikkje det fem år lange studiet i samfunnsøkonomi. Der har berre 139 søkjarar sett opp studiet på førsteplass, noko som er ein tilbakegang på 24 prosent i høve til 2006. Studiet har til saman 55 plassar. Bortsett frå psykologi og sosialantropologi, har også dei andre studia fått ein til dels kraftig tilbakegang i søkinga i høve til i fjor.

Størst tilbakegang

Den største tilbakegangen av fakulteta har altså teologi, som må tola ein nedgang på 14,7 prosent i høve til 2006. Der er det studiet i teologi og kristendom som taper primærsøkjarar, heile 22 prosent, medan søkinga til profesjonsstudiet i teologi held seg på same nivå som i fjor. Det vil seia at 14 søkjarar, som har teologistudiet på førsteplass, håpar å få ein av dei 10 studieplassane.

Nedgang på medisin

Meir overraskande er det at også Det medisinske fakultetet registrerer ein nedgang i talet på primærsøkjarar. Det får ein tilbakegang på 4.0 prosent. Likevel er det 1001 søkjarar som har medisinstudiet som førsteprioritet hausten 2007. Dei kjempar om 105 studieplassar. Det er likevel helseleiing og økonomi og ernæring som har registrert den største prosentvise nedgangen på Det medisinske fakultetet.

Spansk og engelsk mest populære språkfag

Det humanistiske fakultetet får ein nedgang i søkinga på 8,6 prosent. Lyspunktet er den nyoppretta årseininga i spansk som kan visa til ei svært stor søking. Det er nemleg 213 søkjarar som vil ha ein av dei 25 plassane på det studiet.

Engelsk held likevel stillinga som det mest populære språkfaget, og har 238 førsteprioritetssøkjarar til dei 25 studieplassane.

Krisa for tyskfaget ser heller ikkje ut til å vera over. Berre 38 søkjarar har som topprioritet å bli ein av dei 25 nye studentane på årseininga i tysk. Trass i dette er det likevel årseininga i fransk som har den største prosentvise tilbakegangen av språkfaga, med eit fall på 29 prosent i talet på søkjarar som har studiet på førsteplass.

629 søkjarar har prioritert å få ein av dei 300 studieplassane på det bachelorstudiet i språk. Det er likevel ein nedgang på 17 prosent samanlikna med fjoråret.

Men også studia i estetiske fag og medievitskap, religionsstudia, europeiske og amerikanske studium og asiatiske og afrikanske studium har opplevd ein stor nedgang i søkinga frå ungdomar som har desse studia som førsteprioritet.

Det odontologiske fakultetet får 9 prosent mindre søking, men med 261 søkjarar til profesjonsstudiet i odontologi, vil fakultetet ikkje ha problem med å fylla opp kvoten på 33 studieplassar hausten 2007.

Det juridiske fakultetet får ein nedgang på 7,9 prosent. Det er ikkje mangel på søkjarar til juss. 2025 søkjarar har jusstudiet som det aller høgaste ynsket på søknaden sin, medan berre 295 av dei vil få tilbod om studieplass.

Kriminologi får heller ikkje problem med å fylla opp studiet. Der har 594 søkjarar sett det opp som sitt høgste ynske, medan det berre er tilbod om 60 studieplassar.

Studiet "Demokrati og rettar i informasjonssamfunnet" har derimot 17 prosent færre primærsøkjarar enn i fjor.

Det utdanningsvitskaplege fakultetet går tilbake med 2,7 prosent, medan lektor- og adjunktprogrammet (LAP) førebels må registrera ein rekordstor tilbakegang på heile 15.9 prosent.

Til saman har 16 105 studentar eit UiO-studium som førsteprioritet, og dei knivar om 5720 studieplassar. På same tid i fjor var det 16 470 søkjarar som hadde UiO som førsteprioritet. Då konkurrerte dei om 5836 studieplassar.

Når det gjeld det samla talet på søkjarar som har inkludert eitt eller fleire av studia på UiO på søknaden sin, er det på 87 283 medan det samla talet var på 87 848 i 2006. Dette er ein nedgang på 0,6 prosent.

Geir Ellingsrud synest likevel at UiO samla sett kjem bra ut samanlikna med tida før Kvalitetsreforma blei innført.

- I 2002 hadde UiO rundt 11 000 primærsøkjarar, medan UiO rett etter innføringa av Kvalitetsreforma var oppe i over 17 000 søkjarar. Difor er det ikkje så ille at talet på primærsøkjarar held seg stabilt på litt i overkant av
16 000. Trass alt har UiO snaut tre gonger fleire primærsøkjarar enn det er studieplassar til, understrekar Ellingsrud.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2007 10:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere