Henrik Ibsens skrifter manglar 27 mill. kr

Universitetet i Oslo ber Kultur- og kyrkjedepartementet om å løyva 26,9 millionar kroner ekstra til prosjektet Henrik Ibsens skrifter. Eit samrøystes universitetsstyre gav 1. mars rektor Geir Ellingsrud fullmakt til eventuelt å avslutta eller skjera ned på prosjektet, dersom det ikkje blir løyvd nok pengar frå departementet.

MANGLAR PENGAR: Professor og leiar Frode Helland ved Senter for Ibsen-studiar manglar nesten 27 millionar kroner for å få fullfinansiert prosjektet Henrik Ibsens skrifter.
Foto: Ola Sæther

Henrik Ibsens skrifter er det desidert største forskingsprosjektet på Senter for Ibsen-studiar ved UiO. Prosjektet er sett saman av fire delprosjekt: Fagprosjektet, Bokredaksjon, Bokproduksjon og Internettutgåva. Den samla kostnaden for prosjektet er rekna ut til å bli 87,9 millionar kroner. Av dette er kostnadene for fagprosjektet åleine 69,9 mill. kr. Prosjektet starta i 1998, og det skal vera fullført i løpet av 2009. Prosjektet treng no altså 26,9 millionar kroner i tillegg til tilskotet på tre millionar som departementet løyvde på 2007-budsjettet.

Ifylgje saksdokumenta er årsaka til at prosjektet treng desse pengane, at uventa utgifter ikkje er kalkulerte godt nok inn i planlegginga. Det har ført til at prosjektet er underfinansiert, går det fram av sakspapira. Bokprosjektet er eit samarbeid med forlaget Aschehoug, og det er alt kome ut fem dobbeltband av eit samla verk som vil utgjera 33 band når kommentarutgåvene er inkluderte.

Dersom den totale støtta frå Kultur- og kyrkjedepartementet blir mindre enn 20 millionar kroner, skal differansen dekkast av UiO sentralt og Det humanistiske fakultetet med ein halvpart kvar, slik at bidraget frå UiO sentralt er avgrensa oppover til fem mill. kr.

Universitetsstyret legg til grunn at delprosjekta Bokredaksjon og Bokproduksjon blir fullfinansierte gjennom salsinntekter, løyvingar frå Norsk kulturråd og andre inntekter. Når det gjeld Internettutgåva, ser Universitetsstyret at den førebels ikkje let seg realisera på grunn av manglande finansiering. Styret meiner det er viktig at den blir gjennomført og oppmodar difor Det humanistiske fakultetet til å søkja om ekstern finansiering av dette.

I det endelege vedtaket heiter det at Universitetsstyret ventar at Kultur- og kyrkje-departementet om kort tid vil gi klare signal på om det er innstilt på å gi det tilskotet UiO har søkt om. Dersom slike signal ikkje blir gitt, eller dersom tilskotet frå departementet blir mykje lågare enn 20 millionar kroner, får rektor fullmakt til, i samråd med HF og prosjektstyret, å avslutta eller skjera ned på prosjektet.

Rektor Geir Ellingsrud er optimistisk og trur UiO vil få desse pengane:

- Me får nok ein god del av dei pengane me søkjer om. Kor stor del me får, står det igjen å sjå, konstaterer han.

Inga avgjerd enno

Statssekretær Randi Øverland i Kultur- og kyrkjedepartementet kjenner godt til denne saka.

- Dette er ein prosess som me er inne i og me har alt hatt ein gjennomgang der me har bede om tilbakespel frå UiO. Det har me no altså fått, men me har enno ikkje fått tid til å sjå gjennom det siste skrivet i den saka.

- Når kan de ta ei endeleg avgjerd?

- Først skal saka handsamast i avdelinga, før den skal vidare til den politiske leiinga. Me har enno ikkje tatt noka avgjerd. Det som er sikkert, er at prosjektet Henrik Ibsens skrifter skal gjerast ferdig. Spørsmålet er i kor stor fart prosjektet skal gå, og kven som skal vera med på dette arbeidet, seier statssekretær Randi Øverland til Uniforum.

Emneord: Ibsensenteret, Sentrene, Ibsen Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2007 16:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere