Alle maskene og figurane er tinga og kjøpte inn av Kulturhistorisk museum ved UiO. Dei er knytte til forskingsprosjektet som professor i sosialantropologi, Arne Røkkum har i Okinawa-fylket i Japan. - Det er eit godt døme på den nye utstillingspolitikken vår, der me alltid let ei utstilling bli knytt til eit forskingsprosjekt, understrekar museumsdirektør Egil Mikkelsen overfor Uniforum.
Tinga som er utstilte er rekonstruksjonar av originale masker, figurar og banner, som er funne av Arne Røkkum på Ryukyuøyane. Ryukyuøyane var eit kongedøme fram til 1879, men er no ein del av Japan og tilhøyrer altså Okinawa-fylket, langt sør for dei japanske hovudøyane.
- Mange av figurane og maskene var over 150 år gamle og var i ferd med å gå i oppløysing. Difor tok eg kontakt med treskjeraren Hiroshi Arashiro frå Ishigaki-øya. Han tok på seg oppgåva med å restaurera desse figurane. Arashiro reknar ikkje seg sjølv som kunstnar, men som åndeleg leiar. Difor meiner han at kunstverka er eit produkt av den kontakten han har med gudane. Offisielt er han det verdslege overhovudet for eit seremonielt stamhus, fortel Røkkum.
- Tilbed tinga i seg sjølve
- Kva ynskjer du å visa med denne utstillinga?
- Målet mitt er å omsetja diskusjonen i teoretisk antropologi
til politisk handling. Eg vil visa at folk på Okinawa har
direkte kontakt med og tilbed desse tinga i seg sjølve, utan
at det har noko vidare symbolsk tyding, seier Røkkum, som er
svært oppteken av å behandla tinga med stor respekt.
- Eg ville ikkje laga noko rituelt show ut av dette. Det ville ha vore det same, som om me hadde stilt ut ein ein norsk døypefont i Japan, og så hadde arrangert ein dåp for å visa bruken av den. Det går jo ikkje, slår han fast.
- Redda for ettertida
Sjølv oppdaga han at mange av desse gamle tinga, var i ferd med å gå i oppløysing.
- Når me har fått restaurert desse tinga, har me fått redda dei for ettertida. Mange av desse tinga er nemleg ukjende, også for japanarar. Grunnen er at Okinawa har hatt nær kontakt med det asiastiske fastlandet, også i tider då resten av Japan har isolert seg frå omverda. På den måten har landsbygda på Okinawa mykje til felles med landsbygda i Noreg, medan Tokyo har ingenting til felles med ei norsk bygd. På den måten er Okinawa meir internasjonal enn resten av Japan. Til dømes har risdyrkinga kome til Japan frå Vietnam, poengterer han, medan han tar oss med bort til ein figur som ser svært ufarleg ut.
- Straffa folk
- Dette er den mest mystiske figuren me stiller ut. Denne figuren vil du ikkje finna i noko museum, korkje i Japan eller andre stader. På ein eller annan måte, blei denne figuren brukt til å straffa folk med heilt fram til 1920-talet. Men ingen vil ut med kva lovbrot det var straff for. Det er den einaste figuren dei ikkje tilbed.
- Heller ikkje dei andre tinga vil du finna i japanske museum, sidan dei ikkje blir rekna som ein del av japansk tradisjon. Tinga tilhøyrer folketradisjonen på Okinawa, og først og fremst jordbrukssamfunnet på desse øyane. Mange av desse figurane vil difor også vera heilt nye for japanarar som besøkjer museet, trur Røkkum.
Utstillinga er open for publikum i Kulturhistorisk museum,
Frederiks gate 2.
(Kjelder: Arne Røkkum og Apollon)
Logg inn for å kommentere