- Løgn om lønn

- Påstandane om at dei tidlegare Parat-medlemane på Instrumentverkstaden på Fysisk institutt ikkje hadde ei lønn dei kunne leva av, er både frekke, historielause og rein løgn. Det seier Parat-leiar Ole Martin Nodenes, som får støtte frå Forskarforbundets hovudtillitsvalde, Live Rasmussen.

KONTRAÅTAK: Parat-leiar Ole Martin Nodenes og Forskarforbundets hovudtillitsvalde, Live Rasmussen slår tilbake mot tidlegare Parat-medlemar som har gått over til NTL.
Foto: Martin Toft

I eit felles utspel reagerer dei to kraftig på at talsmennene for åtte tidlegare Parat-medlemar på Instrumentverkstaden på Fysisk institutt i førre Uniforum gjekk ut og sa at dei ikkje hadde fått gjennomslag for lønnskrava sine på dei 30 åra dei var medlemar i Parat.

- Både Finn Eyolf Hostad og Steinar Skau Nilsen fekk lønnsopprykk som Parat-medlemar både i 2002 og 2004, på fire og sju lønnssteg til saman i desse oppgjera. Dette er over gjennomsnittleg lønnsutvikling for tilsette på UiO i den perioden. Begge hadde dermed ei årslønn i 2004 på godt over 300 000 kroner, som er gjennomsnittleg lønnsnivå ved andre verkstadar ved UiO, seier Parat-leiar Ole Martin Nodenes. Han får støtte frå hovudtillitsvald i Forskarforbundet, Live Rasmussen.

- Uforståeleg

- Me synest begge det er uforståeleg at NTL har påstått at dei ikkje har ei lønn dei kan leva av. Parat og NTL har mange medlemar i drifts- og klinikkstillingar som tener rundt lønnssteg 30, altså 265 000 kroner. For dei går det an å snakka om at det er ei lønn dei ikkje kan leva av, men det stemmer ikkje for Hostad og Skau Nilsen på Instrumentverkstaden, slår begge fast. Dei ynskjer ikkje å i spekulera i kva motiva for slike utsegner kan vera, men dei rettar eit lite spark mot Uniforum.

- Det går an å stilla spørsmål ved Uniforums kvalitetssjekk i denne saka, synest Nodenes og Rasmussen.

Men når det gjeld resultata av dei lokale lønnsforhandlingane er dei ikkje like samstemte. Medan Parat-leiar Ole Martin Nodenes var ein av dei som reagerte hardast på lønnsaukane på mellom 100 000 og 200 000 kroner for professorar på Det odontologiske og Det juridiske fakultetet, så har ikkje Forskarforbundets Live Rasmussen noko imot at vitskaplege tilsette får lønnsauke.

- Når det gjeld Det juridiske fakultetet så burde leiinga der derimot vera like flinke til å leggja forholda til rette for stipendiatar som på grunn av svangerskaps-permisjon eller andre årsaker, treng meir tid på å bli ferdige. I dag er politikken på fakultetet at doktorstipendiatar og postdoktorstipendiatar som søkjer om forlenging, alltid får eit negativt svar. Det hadde vore svært bra for den vidare rekrutteringa av vitskaplege tilsette på Det juridiske fakultetet om denne politikken blei endra, meiner Live Rasmussen i Forskarforbundet.

- Dette er jo ein vinn-vinn-situasjon, og det er uforståeleg for oss at ikkje leiinga ser det. Det er faktisk svært urovekkjande, seier Rasmussen og Nodenes.

Arbeidsgjevar saboterte sluttrunden

Dei er heller ikkje nøgde med den endelege fordelinga av dei 36 millionar kronene som er blitt delte ut i dei lokale lønnsforhandlingane.

- 90 prosent av denne summen skal fordelast på einingane etter lønnsmassen. Partane avtalte at dei siste 10 prosenta skulle fordelast sentralt utan omsyn til lønnsmasse, fordi me vil at me skal sjå UiO under eitt. Men arbeidsgjevarsida sytte likevel for å fordela desse ti prosenta etter lønnsmassen til einingane. Resultatet blir at dei store einingane alltid får meir og dei små einingane alltid får mindre i høve til storleiken. Difor synest me at arbeidsgjevarsida har sabotert sluttrunden av dei lokale lønnsforhandlingane denne gongen, konstaterer Nodenes og Rasmussen.

Emneord: Økonomi, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2006 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere