Då Uniforum stikk innom instituttet er senterleiar Cristel Fricke dratt heim etter å ha pådratt seg ein virus. Men både instituttleiar og professor Bjørn Ramberg og professor Olav Gjelsvik, er på plass. Det er også Carsten Hansen. Saman med Herman Cappelen og Christel Fricke utgjer dei Oslo-delen av det framtidige senteret.
- Det skal sjølvsagt bli ei lita markering for alle på instituttet som enno ikkje har tatt juleferie, seier Bjørn Ramberg. Han og Olav Gjelsvik reknar med at senteret for framifrå forsking offisielt kan koma i gang i august neste år.
- Men heile forskingsgruppa skal samlast allereie i mars. Då håpar me at me også får ordna eit lokale som både kan vera med på å skapa ein eigen identitet for senteret, men samtidig også ha ei nær tilknyting til Det humanistiske fakultetet. Fakultetsleiinga har heilt sikkert stor forståing for dette, og me reknar med at dei vil hjelpa oss med den oppgåva, seier Ramberg og Gjelsvik.
- I alle fall håpar me ikkje at det går slik som Johan Schreiner sa: Man kan ikke regne med å få gjort en eksamen fra et bortgjemt pikeværelse på Gjøvik, siterer Olav Gjelsvik.
- Kva blir hovudtema for forskingsgruppa dykkar?
- Me skal forska på menneskesinnet sin plass i naturen gjennom å sjå på forskjellige former for normativ åtferd omkring rasjonalitet, kommunikasjon og etikk. Dette skal me gjera gjennom å bringa empirisk og filosofisk forsking i nærkontakt med kvarandre, forklarar Ramberg, Gjelsvik og Hansen.
Logg inn for å kommentere