Provoserte av Parat

Eitt og eit halvt år etter at åtte medlemar av fagforeininga Parat på Instrumentverkstaden på Fysisk institutt melde seg ut og inn i NTL, fekk dei brev frå Parat om at dei ikkje lenger var tilsette ved UiO. - Det reagerte me ganske kraftig på, seier Finn Eyolf Hostad og Steinar Skau Nilsen. Parat-leiar Ole Martin Nodenes seier seg svært lei for det som hende.

PROVOSERTE: - Me reagerte ganske kraftig då me fekk brev frå Parat om at me ikkje lenger var tilsette ved UiO, seier Finn Eyolf Hostad (t.h.) og Steinar Skau Nilsen.
Foto: Martin Toft

Det var den 24. februar 2005 åtte Parat-medlemar på Instrumentverkstaden på Fysisk institutt melde seg ut og inn i NTL. Dei fekk med seg fire uorganiserte, slik at NTL brått fekk 12 nye medlemar på denne arbeidsplassen. Først denne månaden fekk dei brev frå Parat om at dei var registrerte som utmelde frå 1. november 2006. Samtidig fekk dei eit brev frå Parat der det stod at dei ikkje lenger var tilsette ved UiO.

- Brevet blei sendt heim til oss, og me blei alle så provoserte og så overraska at me tok kontakt med Lønningsseksjonen ved UiO for å finna ut kva som hadde skjedd. Då fortalde kontaktpersonen vår at alt var i orden og at me sjølvsagt framleis var tilsette ved UiO, akkurat som me har vore i over 30 år, fortel verkstadleiar Finn Eyolf Hostad og avdelingsingeniør Steinar Skau Nilsen. Men dei gav seg ikkje så lett.

- Me var også på Parats kontor og fortalde kva som hadde hendt og at me melde oss ut i februar 2005, og då la Parat-leiaren seg heilt flat, seier dei to, som understrekar at dei snakkar på vegner av alle dei åtte som melde overgang til NTL.

- Sjokkert over utmeldinga

- Kva trur de er grunnen til dette rotet?

- Me trur at Parat blei sjokkert då så mange melde seg ut og inn i NTL i 2005, og difor ville dei ikkje godta den skriftlege utmeldinga vår. No fryktar me at me får ei rekning frå Parat for heile den tida me har rekna oss som utmelde, medan Parat har rekna oss som medlemar. Me har jo i heile denne tida betalt fagforeiningskontingent til NTL, slår Hostad og Skau Nilsen fast.

- Kvifor melde de dykk eigentleg ut av Parat?

- Me fekk aldri gjennomslag for våre lokale lønnskrav dei 30 åra me var medlemar i Parat. Etter at me blei medlemar av NTL, har me blitt tatt mykje meir på alvor, og dei har jobba for å heva lønna vår. Då NTLs representant var her og fekk vita kva lønn me hadde, sa NTL-representanten at dette ikkje var noko lønn å leva av. Det visste me ikkje, og difor er me framleis i live, seier dei med eit smil.

- Pinleg sak

Parat-leiar Ole Martin Nodenes legg seg heilt flat for kritikken frå dei tidlegare Parat-medlemane.

- Det er ei svært pinleg sak for oss, og me kan ikkje gjera noko anna enn å seia oss svært leie for det som har skjedd. Brevet om at dei ikkje lenger var tilsette ved UiO blei sendt frå hovudkontoret til Parat, og eg fekk diverre ikkje kvalitetssikra det.

- Kva er grunnen til at det tok eitt og eit halvt år frå desse åtte melde seg ut av Parat til utmeldinga blei registrert på fagforeiningskontoret?

- Dette er ei sak som skjedde før eg blei vald til leiar, så difor ville eg at hovudkontoret skulle ta seg av det. Målet mitt var å få rydda opp i dette. Difor har eg også tatt det ganske kraftig opp med hovudkontoret til Parat. I førre veke sende eg også ein e-post til dei tilsette på Instrumentverkstaden, der eg foreslo at eg kunne ha eit møte med dei for å forklara dei kva som hadde skjedd.

- Har dei grunn til å frykta at dei må betala medlemspengar for den tida dei eigentleg har vore utmelde av Parat?

- Dei skal ikkje betala kontingent for perioden det blir referert til, slår Parat-leiar Ole Martin Nodenes fast.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2006 15:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere