Lauslønna kom for seint

Ein systemfeil i det nye personal- og lønnssystemet førte til at dei som skulle ha lauslønn 31. oktober, fekk utbetalt pengane først tre dagar seinare. - Dei fekk heldigvis pengane på lønnskontoen sin rett før helga, seier assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen til Uniforum.

TAR TID: - Det tar tid å få POLS til å koma opp og stå, men no trur eg me kan lova ein meir stabil driftssituasjon i tida framover, seier Tove Kristin Karlsen.

Torsdag 2. november sende assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen ut ein e-post til alle tilsette om at lauslønnsutbetalinga den 31. oktober ikkje var send til lønnskontoen. Årsaka var ein systemfeil i det nye personal- og lønnssystemet. Dei som trong pengar same dagen, kunne få skrive ut ein sjekk ved å ta kontakt med lønningsseksjonen. Fredag kom det melding om at feilen var ordna, og pengane var utbetalte til dei som skulle ha lauslønn og reiserefusjon. Ho vedgår at det var ganske dramatisk.

- Det er ikkje ofte me sender melding i e-post til alle tilsette, men me meinte det var mest korrekt i dette tilfellet, sidan det vedgår så mange. Nokre tilsette lever berre på det dei får i bilagslønn, fortel Tove Kristin Karlsen. Ho er glad for at systemfeilen blei reparert relativt raskt.

- Statens senter for økonomistyring sette inn mange ekstra personar for å jobba med dette, og godt hjelpne av innsatsen frå våre folk, klarte dei å ordna det. Det tar tid å få POLS til å koma opp og stå, men no trur eg me kan lova ein meir stabil driftssituasjon i tida framover, seier Karlsen.

- UiO er ein stor og komplisert kunde for Statens senter for økonomistyring, så difor treng me ei spesialsydd løysing i høve til høgskulane. Akkurat no blir det arbeidd beinhardt med å få til ei avstemming av lønnsdata mot hovudboka. Det har me nyleg hatt eit møte med Kunnskapsdepartementet om. Me skal nemleg levera frå oss ein godkjend rekneskap for 2006. Men det blir krevjande, fordi det framleis er store utfordringar i samband med dette arbeidet, understrekar ho.

- I dag stemmer ikkje alle opplysningar som kjem fram når du søkjer etter tilsette på UiO. Kva skal de gjera for å få dette i orden?

- Det er korrekt at opplysningane i personal- og lønnsystemet ikkje snakkar godt nok med søkesystemet vårt og andre register som byggjer på POLS. Difor står nokon oppført i gamle stillingar ved gamle einingar. Og alle dei pensjonerte professorane har falle heilt utanfor systemet. Det er sjølvsagt svært dumt, synest ho.

- Korleis er forholdet mellom UiO og Statens senter for økonomistyring etter desse problema?

- Det har vore ein krevjande prosess for begge partar.

Emneord: Økonomi, LØP Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2006 10:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere